Annonse

Annonse

13:12 - 09. juni 2017

Faktavakta

SYN OG SEGN: Mistilliten til media er stor om dagen, og dei få som går oss systematisk etter i saumane, slepp heller ikkje unna skepsisen. Den anonyme faktasjekkaren Doremus Schafer svarar på spørsmål om tilstanden i norske medium, og om eigne politiske preferansar pregar mediekritikken hans.

Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike allmennkulturelle tidsskrifta i dag, stifta i 1894. Tidsskriftet er eit av få landsdekkande tidsskrift på nynorsk, og har lesestoff over eit breitt register av tema innanfor kultur, politikk og samfunn. Syn og Segn er eig av Det Norske Samlaget og blir lese av kulturinteresserte over heile landet. Redaksjonen har kontor på Fagernes. 

 

Denne artikkelen er hentet fra en av samarbeidspartnerne i Morgenbladets tidsskriftportal. Se mer fra norske tidsskrift i PORTALEN

Vits anno 2017: Kvifor kastar vi bort tida på å prate om fake news når jorda er i ferd med å bli overtatt av drapsdelfinar?

Spørsmål anno 2017: Kva vil vi hugse best frå denne tida – eit hav av falske nyheiter, eller all praten om sjølve fenomenet?

Rett nok importerte vi omgrepet som blei reine hiten under den ville valkampen i USA i fjor. Men der amerikanarane har fråtsa i saftige saker – som til dømes at fru Clinton er sentral i ein satanisk pedofilring med hovudsete i ei pizzabule, eller at president Trump har velta seg i prostituerte og urinert på ei hotellseng som tidlegare president Obama og frua delte før han –, har det stått langt stusslegare til her heime. Det heftigaste gjekk føre seg i vinter, då justisminister Per Willy Amundsen skulda avisa Nordlys for å fare med «fake news på norsk», med grunngiving i urettferdig behandling av Troms FrP. Byråd for miljø og samferdsel i Oslo, Lan Marie Nguyen Berg, vart offer for omgrepet då ein fyr på Facebook spreidde satire i avisoppslagsformat som gjekk ut på at Miljøpartiet ville forby fiskebåtar fordi det finst nok fisk i butikken. Satire blei til falsk nyheit då det viste seg at enkelte tok oppslaget for god fisk. Statskanalen tok saka, som ebba ut i at avsendaren av spøken skulda nordmenn for å vere tette i pappen. Var det meir? Tja. I eit NRK-studio stod Ole Torp og fortalde sjåarane at Russland hadde hacka eit kraftselskap i Vermont, sjølv om The Washington Post, som trykte den falske nyheita, for lengst hadde innrømt feilen.

Fleire medium har droppa 1. april-spøken i frykt for å bli tatt på alvor.

Trass i slik fattigmannskost på fake news-fronten har gode krefter mobilisert. Kommentarar og analysar har hagla. VG, NRK og Dagbladet har gått saman om å etablere Faktisk.no. Fleire medium har droppa 1. april-spøken i frykt for å bli tatt på alvor. Sist, men ikkje minst har Medietilsynet lagt fram ei undersøking om falske nyheiter, og her kjem godbiten for dei som gjerne vil gi media ein smekk no om dagen: Mediekritikaren Doremus Schafer har ikkje late passere at vi journalistar klarte metakunststykket å feiltolke og feilinformere om resultata i ei undersøking som handla om feilinformasjon. Til dømes meinte Harald Stanghelle, redaktør i Aftenposten, at det nye og triste ved det som kom fram i undersøkinga, var at så mange ser ut til å ha problem med å skilje mellom ekte og falske nyheiter. Trass i at undersøkinga ikkje målte folk si faktiske evne til å skilje på dette, men folks tru på eiga evne til å skilje.

Doremus Schafer

  • Publiserer mediekritikk i Dagbladet, Manifest Tidsskrift og på eigen blogg.
  • Skriv under pseudonym. Redaktørane som kjenner identiteten hans, meiner han har legitime og nødvendige grunnar for å vere anonym, og at han ikkje har noka offentleg rolle eller bindingar som kjem i konflikt med publiseringa av mediekritikken.
  • Er ikkje medlem i noko politisk parti eller nokon annan politisk organisasjon.
  • Har ikkje tilknyting til media utover spaltene han skriv for Dagbladet og Manifest Tidsskrift.
  • Har fått prosjektstøtte frå stiftelsen Fritt Ord i 2015, 2016 og 2017.

– Eg synest det var ei heilt absurd tolking av tala, ei tolking som dukka opp fleire stader, skriv Doremus Schafer. Intervjuet går på mail. Mannen er, og vil halde fram med å vere, anonym.

– Eg jobbar med dette kvar einaste dag, og vil anta at kompetansen min på dette området ligg blant dei øvste prosenttala i befolkninga. Likevel er eg på ingen måte sikker på at eg klarer å sjå om ei vilkårleg nyheit er falsk. Om eg blei spurd, ville eg truleg svart «ganske sikker» for å signalisere at eg trass alt har ganske god tiltru til eigne evner – men det burde slett ikkje vere noko merkeleg ved at mange kan vere forsiktige og audmjuke med tanke på at dei sjølve kan bli lurte. Eg ville eigentleg blitt meir bekymra dersom 90 prosent av befolkninga hadde gitt uttrykk for ei usvikeleg klokkartru på eiga evne til å gjennomskode kvar ein usann artikkel.

– Kva tema opplever du at det blir slurva mest med? Kva tema er vi minst flinke til å sjekke fakta omkring?

– Ein stadig gjengangar er nettopp attgivingar av statistikk, ikkje minst artiklar av typen «ei fersk undersøking gjennomført av den og den viser at x prosent av alle nordmenn meiner at …». Dømet er ekstremt symptomatisk for korleis media handterer den slags undersøkingar. Mange er kronisk dårlege på å komme med presise og korrekte attgivingar, ikkje minst når det gjeld å referere nøyaktig kva folk blei spurde om, eller kva dei faktisk svarte. Ein tyr svært ofte til eigne omformuleringar av spørsmålet eller svaralternativa, og endar opp med å gi ei framstilling som nokre gonger kan liggje svært langt frå realiteten i kva folk faktisk gav uttrykk for. Og der ein refererer funna presist, følgjer ein ofte opp med kategoriske og dramatiske tolkingar som går langt utover det tala gir grunnlag for. Ikkje sjeldan hender det òg at media ukritisk kolporterer den vinklinga som dei får servert i ei pressemelding frå dei som står bak undersøkinga, sjølv om dette er ein aktør som har heilt openberre interesser av å vinkle saka i ei bestemt retning.

BLIKK FOR FAKTAFEIL

Vi er inne på Doremus sitt spesialfelt no: Kritikk av journalistar sin omgang med tal og statistikk. Eit kirurgisk blikk på faktafeil som har overlevd desken, ofte små for auga, men store nok til at vi risikerer å gå rundt med eit delvis forvrengt syn på verkelegheita. Som til dømes den gongen Dagbladet publiserte ein kronikk frå to MDG-arar der overskrifta fortalde oss at sju av ti støttar omlegging av bensinavgifta, trass i at dei i same kronikk innrømte at talet baserte seg på ei undersøking som var så lita at ho bortimot var verdilaus. Eller som då VG og Nordlys, ifølgje Doremus, misforstod eller feilrapporterte statistikk og framsette den spinnville påstanden om at to tredjedelar av dei totale norske skatte- og avgiftsinntektene kjem frå oljeindustrien. Doremus publiserer kritikken i Dagbladet, Manifest Tidsskrift, på eigen blogg og på Twitter, der profilbiletet er av ein kar som er død for lengst.

– Kva faktafeil, spreidde av media, har irritert deg mest så langt i år?

– Ei sak eg synest det er interessant å bruke litt tid på, er saka der NRK i mars i år feilaktig rapporterte at byrådsleiar Raymond Johansen hadde sagt at det finst i underkant av hundre gjengar i Oslo – når det han eigentleg hadde sagt, var at det var hundre personar i gjengmiljøa på Grønland i Oslo. Feilen er ikkje nødvendigvis så vesentleg i seg sjølv, men illustrerer ein del av problema med at media ikkje kontrollerer fakta: Misforståinga hadde si kjelde i ein artikkel på NRK frå august 2016, med utgangspunkt i påstanden om at «ungdomsmiljøer slåss over narkotikasalget på Grønland og Tøyen i Oslo. Nå må det settes inn ekstraordinære tiltak». Utsegna om «100 gjengar» kom fyrst eit lite stykke ut i artikkelen, og dersom feilen var blitt påpeika den gongen, ville ein utvilsamt blitt møtt med «Ja, dette var visst feil, men artikkelen sitt hovudpoeng står jo like støtt». Men sju månader seinare er det denne opplysninga som blir tatt som eit udiskutabelt faktum, og som blir repetert gong etter gong som eit av NRKs vesentlege argument for at dette er eit alvorleg problem – og som det er riktig og nødvendig for dei å sette søkelys på.

Eg jobbar med dette kvar einaste dag, og vil anta at kompetansen min på dette området ligg blant dei øvste prosenttala i befolkninga. Likevel er eg på ingen måte sikker på at eg klarer å sjå om ei vilkårleg nyheit er falsk

At mistydinga oppstod i fyrste omgang, kan vere forståeleg. Johansen kan ha sagt noko tvitydig som til dømes «vi har eit problem med gjengar på Grønland, politiet seier at det dreier seg om hundre stykke». Men når ein skal bruke opp att og framheve denne opplysninga i ein stor og gjennomarbeidd reportasje, så bør det ringe opptil fleire bjøller om at dette er ein såpass oppsiktsvekkande påstand at ein må dobbeltsjekke, og ikkje vente til ein plagsam kritikar kontaktar dei og ber om meir informasjon om grunnlaget for påstanden.

 

Doremus Schafer, meine Damen und Herren. Ein av Noregs svært få mediekritikarar som mange har høyrt om, men ingen veit kven er. Bortsett frå redaktørane i avisene han skriv for. Og nokre i stiftinga Fritt Ord, som han har fått tilskot frå i tre omgangar. Dei har alle vurdert det slik at han har legitime og nødvendige grunnar for å bruke pseudonym.

Sidan Doremus er tildekt, vil eg kle av meg for deg som lesar og gjere det klart: Sjølv er eg lite interessert i identiteten til dette intervjuobjektet. Ikkje berre fordi problemstillingane omkring anonymiteten hans har vore grundig diskuterte i media, eller fordi eg stolar på redaktørane sin integritet når det gjeld å avgjere om anonymiteten er eit hinder eller ikkje. Like mykje fordi eg som journalist gir blanke i kvar kritikken kjem frå. Så lenge han er logisk, konstruktiv og held høg standard, kan han komme frå Donald Duck for min del. Eg er personleg interessert i kritikken. I ei tid der folks tillit til media er lågare enn katta mi, har eg gått inn i eit sjølvransakande, nesten masochistisk modus. Eg vil dra Doremus vidare, til område der eg trur at tillitstapet har den største rota si: i vinklingane. I fakta som ikkje blir lagde fram. I det mediale verdsbiletet som etter mange sitt syn er inngjerda av nyliberalismen og alt den har avla, der det som fell utanfor denne relativt unge samfunnskontrakten, blir sett som eit avvik, eit ikkje-alternativ. Sjølv ynsket om å få tilbake eit sterkare demokrati og folkestyre som har blitt svekt gjennom åra med globalisering.

Eg veit, fordi Doremus opplyser om det, at diskusjonar omkring media si eventuelle ideologiske eller politiske slagside ligg utanfor det han syslar med, og at han derfor vil vere atterhalden med å dra kategoriske konklusjonar om desse spørsmåla. Samstundes tenkjer eg at ein mediekritikar som antakeleg har ein breiare mediediett enn folk flest, kan ha gjort seg nokre tankar på dette feltet også. I tillegg veit eg, fordi Doremus er open om det, at han er ein sentrumsvenstreliberal mann, busett i Oslo innanfor ring tre. Ifølgje profilen hans på Twitter er han politisk korrekt innanfor ein feilmargin på pluss/minus femten prosent. Det eg vil vete, er om det påverkar synet hans på media og utvalet av saker han set under faktalupa.

– Eg prøver etter beste evne å vere balansert og ikkje ta omsyn til politisk effekt, altså kva effekt mine korrigeringar og påpeikingar vil ha – korkje i utvalet av saker eller i handteringa av kvar enkelt sak. Den fyrste store saka mi i Journalisten handla om at FrP hadde blitt urettmessig kritisert på feil grunnlag. Effekten av kritikken min var slik sett stikk i strid med dei politiske preferansane mine. Det ligg i arbeidsbeskrivinga at ein må lage dei oppslaga som er nyheitsverdige utan å ta omsyn til slike konsekvensar. Samstundes kan eg ikkje sjå bort frå at dei politiske preferansane mine har ein ubevisst påverknad på kva saker eg granskar og skriv om. Eg kan ikkje gjere anna enn å prøve å vere medviten om dette og opptre mest mogleg objektivt. Eg gjer jo heller ikkje noko krav på å produsere noko totalt overblikk over feil og manglar i media – det har eg korkje føresetnader eller kapasitet til. Også av den grunn tar eg til orde for at det bør eksistere ein breiare stall av mediekritikarar og faktasjekkarar, slik at det oppstår færrast mogleg blindsoner av ulike slag.

 

FAKTASJEKK – UDELT POSITIVT

– Du er mellom anna positiv til etableringa av Faktisk.no, som NRK, VG og Dagbladet har gått saman om, og som skal faktasjekke det offentlege ordskiftet og avdekke falske nyheiter. Andre har tvilt på om bukken kan passe havresekken?

– Det er sjølvsagt mange fallgruver eit slikt prosjekt kan gå i, og veldig legitimt å vere sunt og avventande skeptisk. Men mykje av kritikken har vore veldig kategorisk og prematur på eit tidspunkt der dei enno ikkje har publisert ein einaste artikkel, eller kritikken har vore retta mot sjølve konseptet på ein måte som er bortimot ubegripeleg for meg. Ein kan sjølvsagt peike på ein haug med område internt i redaksjonane der dei burde skjerpe seg om dei er opptekne av å forhindre faktafeil, men det å opprette ein slik dedikert faktasjekk burde i seg sjølv vere udelt positivt, og kan forhåpentleg smitte over på rutinane til moderredaksjonen.

Mange er kronisk dårlege på å komme med presise og korrekte attgivingar, ikkje minst når det gjeld å referere nøyaktig kva folk blei spurde om, eller kva dei faktisk svarte.

– Eit viktig spørsmål er sjølvsagt kor stort problemet Faktisk.no vil gripe fatt i, faktisk er. Har redaktøren for prosjektet, Kristoffer Egeberg, rett når han påstår at nordmenn, i likskap med amerikanarar og europearar, «ikke lenger forholder seg så mye til fakta», slik han uttala til VG rett etter etableringa i mars? På kva grunnlag kan ein slå fast dette?

– Eg er samd med Faktisk-kritikarane i at enkelte skildringar av debattilstanden i Noreg er i overkant dystopiske og overdrivne – at dei overfører ein analyse frå andre land der situasjonen er mange hakk verre enn her heime. Men dette handlar jo om overspent retorikk. Sjølv ei veldig avmålt konservativ vurdering av det faktiske omfanget av feil og usanningar tilseier at det framleis er behov og rom for eit prosjekt som systematisk går media etter i saumane.

– Med tanke på at media no om dagen har eit stort problem med mistilliten folk nærer til dei – kor treffsikker er eigentleg ei slik satsing? Ville det vore klokare å heller bruke ressursane på sjølvransaking, der ein prøver å greie ut kva mistilliten kjem av?

– Ein kan sjølvsagt ynskje seg ei meir uttala sjølvbebreiding frå redaktørane, men om vi no legg til grunn at skylappar og det å vere einsarta er eit større problem hos journalistane enn reine faktafeil, så er jo ikkje dette noko argument mot Faktisk.no! Den type kritikk står for meg som den verste forma for «whataboutisme», der eit konkret tiltak mot eit konkret problem blir møtt med utsegner av typen «kva med eit heilt anna problem, som dessutan er mykje meir diffust og uhandgripeleg, og som må gripast fatt i ut ifrå ein heilt anna logikk?».

– Kan du peike på fallgruvene Faktisk.no ikkje bør ramle i?

– Vel, det fyrste og mest opplagde er at dei må unngå å gjere feil sjølve. Sjølv små feil vil skade omdømmet og truverdigheita deira, ikkje minst om desse feila faktisk påverkar dommen dei feller over andre. I forlenging av dette må dei ha gode rutinar for å handtere kritikken og innspela dei får, og for å korrigere eller oppdatere artiklane sine om nødvendig.

Dinest må dei gjere ein jobb for ikkje å bli skulda for å ha ei slagside – korkje politisk slagside, ei slagside i ei eventuell forskjellsbehandling av media, eller ei slagside med omsyn til kva type aktørar dei granskar.

På det meir underliggjande og grunnleggjande planet må dei passe på å ikkje gape for høgt og trekke meir bombastiske konklusjonar enn rolla deira gir grunnlag for. Det vil vere ein del debattar som er så sterkt verdibaserte at dei anten må styre heilt unna debatten, eller – om dei faktasjekkar enkeltpåstandar i debatten – gjere det klart at dei konkluderer berre på dette isolerte punktet og ikkje når det gjeld debatten sett i ein større heilskap.

– Kor strenge bør vi vere med omsyn til det flagrande omgrepet «fake news»? Bør det vere høgde for å nytte det også i samanhengar som ikkje dreier seg om reinspikka påhitt, – i dei tilfella der visse fakta er utelatne slik at historiene blir som dei blir?

– Eg høyrer til den leiren som i lengre tid – det vil seie før nyttår og før det blei Trump sitt favorittuttrykk – har meint at omgrepet har blitt så utflytande og vagt at det burde skrotast. Det er så mange definisjonar av «fake news» som flyt omkring, at ingen riktig veit kva ein meiner når omgrepet blir nytta. Då bør vi like godt kalle det som blir servert, ved sitt presise og rette namn: kalle fullstendig oppdikta historier for oppdikta historier, villeiande vinkling for villeiande vinkling, journalistisk slendrian for journalistisk slendrian, og så bortetter.

– «Kvar er det blitt av vaktbikkjene?» spurde Hans Geelmuyden under Hellkonferansen for journalistar i februar i år. Han konkluderte med at vaktbikkja i stor grad er i ferd med å bli selskapshund, og meinte vidare at media bruker for mykje ressursar på tant og fjas. Kva tenkjer du om dette? Er motsetninga mellom media og makta mindre enn ho burde vere no om dagen?

– Tja, eg opplever vel jamt over at media gjer ein rimeleg grei jobb som vaktbikkjer når dei fyrst legg seg i selen for det. I grove trekk er eg einig med direktør i Fritt Ord, Knut Olav Åmås, i at den dårlege journalistikken er like dårleg som før, medan den beste journalistikken aldri har vore betre (Aftenposten 28.2.2017, red. merkn.). Der redaksjonen verkeleg legg stor innsats i saka og tar fram krigstypar over tid, held arbeidet jamt over høg kvalitet. Problemet er heller at mangel på kapasitet og ressursar gjer at det er altfor lite av den beste journalistikken, samstundes med at den nest beste journalistikken i altfor mange tilfelle er for lemfeldig og inneheld diverse systematiske manglar. Når ein til dømes lèt utsegner frå politikarane passere utan kontrollspørsmål, så kan det sikkert komme av servilitet mot makta – men eg mistenkjer at det handlar meir om generell slendrian og inkompetanse, og at ein sviktar på det å utfordre intervjuobjekta, uavhengig av kor mykje eller lite makt dei representerer.

IDEOLOGISK TYDELEGHEIT

– Forstår du dei som meiner at verkelegheitstolkingane til media generelt sett er for snevre eller einsretta, og at dette skil seg frå tidlegare tider då avisene hadde klåre politiske sympatiar?

– Eg opplever nok at mangfaldet i media er ein god del større enn det ein del av kritikarane vil ha det til, sjølv om dette kan vere eit utslag av eiga partiskheit fordi meiningane mine stort sett ligg innanfor den mediale konsensus. Det er sjølvsagt ikkje det same som at media har perfekt balanse – særleg kommentariatet har sikkert ei slagside, dels berre fordi dei i all hovudsak høyrer til eit bestemt sosialt sjikt av befolkninga, og at haldningane, interessa og impulsane deira ber preg av dette. Men om dei som meiner noko markant anna, er i mindretal, så fører det ofte til at kvar og ein av dei slepp til desto oftare når media prøver å «sleppe til flest mogleg ulike stemmer».

Elles er det jo blitt ein liten trend i tida å ta til orde for at ein skal ha større ideologisk tydelegheit og brytningar mellom media. Det kan sikkert ha sine positive sider, men eg er samd med medievitar og professor i journalistikk Sigurd Allern i at dette er ei utvikling som alt har gått føre seg over nokre år gjennom auka satsing på meiningsjournalistikk, og at det er fullt mogleg å sjå slike skilnader mellom media alt i dag (Klassekampen 3.3.2017, red. merkn.). Vi ynskjer trass alt ikkje at desse skilnadene skal bli så påtakelege at dei ulike media opererer i kvar si verd, à la Fox News og MSNBC (sterkt partiorienterte TV-kanalar der den fyrste høyrer til den amerikanske høgresida og den andre til venstresida, red. merkn.).

Der ein refererer funna presist, følgjer ein ofte opp med kategoriske og dramatiske tolkingar som går langt utover det tala gir grunnlag for.

– Mykje er sagt om kva som ikkje fungerer, men kva fungerer, meiner du? Det er utvilsamt enklare å sjekke juks og plagiat i dag enn tidlegare, til dømes gjennom enkle nettsøk.

– Ja, det er klart at dagens teknologi gir veldig forbetra moglegheiter, både til å kontrollere opplysningar, til å nå ut med kritikken, og til å korrigere feil fortløpande, samanlikna med tidlegare tider. I Oscar-vinnaren «Spotlight» ser vi korleis gravejournalistar i ei storavis må ta turen ned i kjellarmagasina og saumfare fysiske klipparkiv så seint som i 2001. No, i 2017, kan eg lese ein upresis Aftenposten-artikkel om ei obskur rettssak i ein lokal domstol i Minnesota, og med berre nokre fåe tastetrykk heime i mi eiga stove kan eg ikkje berre finne kjeldeartikkelen frå The New York Times, men også lese heile dommen og lytte til opptak frå prosedyrane til advokatane.

– Du seier at meiningane dine ligg innanfor «den mediale konsensus». Korleis vil du beskrive den? Er denne konsensusen identisk med den sentrum-venstreliberale ståstaden din?

– Njæ, når eg snakkar om denne (påståtte) konsensusen, så tar eg snarare utgangspunkt i at dette er kritikk som blir framført i debatten ganske ofte, slik at eg har eit rimeleg godt grep om kva folk legg i han. Grovt sett kan vi sjå han som urbane/liberale/progressive verdiar. Og så er eg samd i at dette nok kan utgjere eit tyngdepunkt i media, men eg meiner at det samstundes er såpass stor spreiing av meiningar utanfor dette som også slepp til i media, at det blir urimeleg å omtale det som ein kvelande konsensus. Likevel – ettersom mine eigne politiske standpunkt i relativt stor grad fell saman med denne påståtte konsensusen, så er eg òg open for at eg undervurderer kor rådande han er, og at eg er for lite bevisst omkring andre ståstader som kjem for lite til orde.

– Kan sanninga like gjerne vere, slik redaktør i Nettavisen Gunnar Stavrum argumenterte i eit innlegg på mediedebatt.no i mars i år, at media i alle høve er på parti med det etablerte, same kva det etablerte inneber? Gitt ein slik konsensus, kva tenkjer du om media si evne til å analysere, forstå og formidle årsak og samanheng når avvikande meiningar kjem til syne?

– Eg trur nok òg at Stavrum har eit gyldig poeng i at journalistar ofte vil føle tilhøyrsle til det etablerte, sjølv om definisjonen på «det etablerte» ikkje nødvendigvis er heilt einsarta. Samstundes er det ein annan faktor som gjer seg gjeldande: At media sin logikk skapar eit press om å rapportere ei «ny», «spennande» eller «dramatisk» utvikling, framfor berre å rapportere om at status quo held fram som før. Dette fører gjerne til at dei som er i sterk opposisjon til det etablerte, får meir dekning enn dei strengt tatt fortener ut ifrå ei objektiv vurdering. No er ikkje dette automatisk i strid med Stavrum sitt poeng – ein kan få meir dekning, samstundes som dekninga blir klart negativt vinkla som følgje av journalisten si tilhøyrsle til det beståande. Så er spørsmålet om «all PR er god PR» – om ein tener på denne ekstra dekninga, sjølv om ho er negativt vinkla. Vi har jo sett veldig klare teikn på dette med Trump over det siste halvtanna året. Også Carl I. Hagen i hans glansdagar var rutinert i å tene på mediemerksemda, uavhengig av kva forteikn merksemda hadde.

– Sigurd Allern uttala til Klassekampen i mars i år at norske journalistar i for stor grad legg skjul på verdivala sine, ikkje minst i nyheits- og reportasjejournalistikken, og at journalistikk som gir seg ut for å vere nøytral, ofte ikkje er anna enn slapp, refererande journalistikk der ein set kjelder og påstandar opp mot kvarandre, utan at ein prøver å finne ut kva som faktisk er sant og usant. Er du samd i analysen?

– Eg er einig i at journalistar for ofte vik unna det å ta stilling til fakta, i frykt for å bli oppfatta som partiske. Journalistane si oppgåve og mandat stoppar ikkje når dei har late båe partar komme til orde med sin versjon. Om den eine parten framset reine faktapåstandar, så er det sjølvsagt journalisten si oppgåve å spørje etter kjelde og dokumentasjon på påstandane, eller sjølv finne fram til relevante kjelder og konfrontere intervjuobjektet direkte med det som ikkje stemmer med deira versjon. Det held ikkje å berre gi «balanse» ved å vere mikrofonstativ for båe dei diametralt usamde partane.

Samstundes kan eg ikkje sjå bort frå at dei politiske preferansane mine har ein ubevisst påverknad på kva saker eg granskar og skriv om.

 

PERVERSE INCENTIV

– Ser du gjentakande fenomen som påverkar media si moglegheit til å oppfylle samfunnsrolla si?

– At ein ikkje utfordrar politikarane på å dokumentere eller underbyggje faktapåstandane sine, sjølv der behovet er påtrengjande tydeleg. At ein tilsvarande aksepterer utsegner frå «ekspertar» utan å kontrollere om det er korrekt. At ein generelt har for dårlege kontrollrutinar for å dobbeltsjekke eigne artiklar. At ein gjer ein altfor dårleg jobb med å korrigere eigne feil på ein synleg måte. At ein stadig melder nyheiter basert på meir eller mindre verifiserte kjelder, slik at lesarane mister oversikta over kva som faktisk er offisielt stadfesta, og at saka ofte blir diskutert på dette grunnlaget, sjølv om intervjuobjekta umogleg kan ha sett seg ordentleg inn i detaljane. At klikk-økonomien skaper perverse incentiv til å publisere saker som trekkjer mange lesarar, til dømes ved at ei uinteressant sak blir gitt ei sensasjonell overskrift. At det i for mange tilfelle kostar for lite å gjere seg skuldig i slike feil eller tvilsame redaksjonelle val – tvert om er konsekvensane til tider berre at ein får endå meir klikk når nokon korrigerer saka eller tar til motmæle.

– Korleis ser den daglege mediedietten din ut?

– Den består i all hovudsak av nettartiklar, og dessutan Politisk kvarter og Dagsnytt atten på NRK. Av eigeninteresse og for å halde meg mest mogleg oppdatert for spalteverksemda prøver eg å vere innom alle dei viktigaste riksmedia: NRK, Aftenposten, Dagbladet, VG, Dagsavisen og Nettavisen kvar dag, Klassekampen, Vårt Land, Morgenbladet, Journalisten, Minerva og TV 2 jamleg, og andre nisje- og lokalmedium meir sporadisk. Elles les eg The Guardian og The Washington Post fast for internasjonale nyheiter, Der Spiegel dei få gongene eg har tid til å øve på å halde tysken min ved like, og elles diverse andre utanlandske medium når det er noko spesielt som har skjedd i dei landa.

– Kor stor effekt opplever du at mediekritikken din har? Når du gjennom til redaksjonane, og er dei raske til å rette feil?

– Det varierer kraftig frå redaksjon til redaksjon og frå sak til sak. Tidlegare hende det ofte at eg berre blei avvist tvert eller ignorert, der dei viste til anonymiteten min. No om dagen stiller stort sett alle redaksjonar seg til dette på ein ordentleg måte. Eg gav nyleg NRK kompliment for at dei i det siste har vore gode på å respondere kjapt og ryddig, og på å korrigere artiklane på ein måte som gjer det mogleg å spore at det har skjedd korrigeringar. Samstundes er det ikkje lenge sidan eg hadde ein lang dialog med NRK der dei tviheldt på framstillinga si trass i klar dokumentasjon på at dei feilformidla. Dei ville heller diskutere med meg enn å bruke fem minutt på å sjekka kjelda si for å sjå om kjelda hadde gjort ein glipp. Det går med andre ord veldig opp og ned.

– Når feil blir retta, opplever du at formidlinga av rettinga er proporsjonal med spreiinga av feilen?

– Det er dessverre ikkje uvanleg i norske medium at ein anten gir heilt blaffen i å rette, eller at ein rettar utan at det lèt seg spore, eller at ein skriv ein ny artikkel med korrigerande informasjon, men lèt den opphavlege artikkelen stå uendra og dermed gir han anledning til å leve sitt heilt parallelle liv. Eg synest det er lite haldbart at ein tar så lett på å rette på nett og aksepterer at uriktige opplysningar kan flyte rundt på den måten. Til dømes har VG korkje respondert på kritikken min eller retta påstanden om at «Samlet bidrar petroleumsindustrien med 68,7 prosent av de samlede skattene- og avgiftene i Norge», slik dei skreiv i ein nettpublisert artikkel 13. januar i år.

Og når ein rettar artiklar i papiravisa, skjer dette på ein så bortgøymd måte at det berre er ein ørliten brøkdel av lesarane som får det med seg. Når Aftenposten, til dømes, den 15. august 2016 nyttar store bokstavar på framsida til å fortelje at 8230 syrarar har fått innvilga familiegjenforeining i perioden januar–august, ja, så er det sjølvsagt skrikande utilstrekkeleg at dei skriv oppe i eit hjørne på side 8 i neste dags avis at det korrekte talet var 1096.

At nesten ingen får med seg slikt, blei elegant demonstrert for nokre år sidan, hausten 2008, då Aftenposten presterte følgjande sekvens: I fredagsavisa skreiv dei – i ei større sak om byråkrativekst i departementa – at Kulturdepartementet toppa denne lista med 38 nytilsettingar siste året. Laurdagen etter trykte dei ei retting der dei opplyste at det rette talet var fem nytilsettingar. Neste måndag kritiserte dei så utviklinga på leiarplass, og gjentok der det feilaktige talet på 38 nytilsettingar.

Når ikkje eingong avisa sine eigne tilsette klarar å få med seg slike rettingar, kan ein openbert ikkje forvente at lesarane gjer det. Dessutan nemnde rettinga heller ikkje det opphavlege, uriktige talet, så lesarane får ikkje med seg at avisa hadde bomma med heile 660 prosent.

– Kva gjer dette med tilliten din til media?

– Tilliten blir sjølvsagt svekt av at redaksjonane har eit så lemfeldig forhold til det å sørge for at informasjonen dei formidlar til publikum, er korrekt, sjølv når dei blir gjorde merksame på konkrete feil.

– Tar du denne faktasjekkutfordringa på strak arm som ein del av intervjuet? I ein artikkel publisert 28. mars i år skriv Dagsavisen at «Utbredelsen av sjøis fortsetter å minke, samtidig som den globale gjennomsnittstemperaturen øker måned for måned». Dei såkalla Klimarealistane, som ofte kritiserer media for faktafeil på klimafeltet, skriv på si side: «Sannheten er at temperaturen har falt med ca. 1 grad Celcius de siste tolv månedene!» Kva er rett?

– Eg har ikkje kapasitet til å grave meg ned i korkje den eine eller den andre påstanden. Dagsavisen si formulering synest ved fyrste blikk å høyre til desse formuleringane som byggjer på noko reelt, men der ein tar i litt ekstra og endar opp med noko som er direkte uriktig. Eg tviler på at absolutt alle månad-til-månad-endringar har vore aukingar, sjølv om ein sesongjusterer.

Dette er for så vidt eit eksempel på eit felt der eg generelt ikkje har så mykje å fare med. Eg kan på ståande fot ikkje hugse at eg har skrive ein faktasjekkartikkel om klimajournalistikk, noko som har å gjere med at dette feltet er såpass komplisert at ein må ha rimeleg høg grad av detaljkunnskap for å vere i stand til å vurdere påstandar kritisk. Veldig mange påstandar kan vere riktige om ein legg bestemte premissar til grunn, så ein treng kompetanse til å kunne vurdere kva premissar det er rimeleg eller urimeleg å inkludere eller utelate.

 

SENSITIVT MATERIALE

– Har du synspunkt på norske mediums forhold til WikiLeaks? Lekkasjane inneheld jo nok av potensielt sprengstoff der ein kan velje å grave sjølvstendig. Synest du potensialet er proporsjonalt med avisoverskriftene?

– Her må eg igjen ta betydeleg atterhald om at eg ikkje har sett meg spesielt grundig inn i tematikken omkring WikiLeaks, men inntrykket mitt er at om dei ikkje opptrer som ein heilt medviten politisk aktør – slik mange klagar dei for – ja, så har dei iallfall utvikla seg til å få ei veldig slagside, som regelmessig gir seg utslag i heilt absurd argumentasjon og resonnement. Det betyr at ein må ta den informasjonen som kjem derifrå, med betydelege atterhald – både med tanke på om dokumenta er ekte, og om dei kan ha suspekte baktankar med kva dei vel å offentleggjere, og kva dei held tilbake.

Så er eg samd i at nokre går for langt i å seie at ein derfor bør ignorere alt som kjem derifrå. At nokon slepper selektive lekkasjar for å tene ein politisk agenda, betyr ikkje i seg sjølv at det er gale av pressa å dekke dette, dersom innhaldet i lekkasjane avdekker alvorlege forhold. Og at store mengder originaldokument blir lagde ut, bør i prinsippet vere noko som gjer det mogleg for pressa å gjere sjølvstendige og uhilda vurderingar og dekningar av innhaldet.

Men dette krev at ein kan verifisere at dokumenta ikkje er manipulerte, og at ein faktisk gjer ein naudsynt innsats for å gå igjennom materialet. Realiteten er likevel at ein gong på gong ser at media berre vidareformidlar vinklinga til WikiLeaks, sjølv om ho er sterkt villeiande eller misvisande. Eit anna problem med slike massive lekkasjar av ufiltrert informasjon er at ein offentleggjer mykje privat og sensitiv informasjon som ikkje har legitim offentleg interesse. Det er i strid med personvernsprinsipp som dei sjølv i andre situasjonar stør seg til, og kan dessutan ha ein veldig skadeleg «chilling effect» på viljen til å komme med tydelege og frie tilbakemeldingar til dømes internt i embetsverket. Dette er også ein av grunnane til at det er så essensielt å ha medium som har tilstrekkeleg tillit og truverdigheit til at dei sjølv kan handtere eit slikt sensitivt materiale og sile ut kva informasjon som det er rett og viktig å offentleggjere breitt.

Eg gjer jo heller ikkje noko krav på å produsere noko totalt overblikk over feil og manglar i media – det har eg korkje føresetnader eller kapasitet til.

– Kva for ambisjonar har du no når du har fått ein ny runde med støtte frå Fritt Ord? Har du til dømes ambisjonar om å utvide feltet ditt til òg å gjelde lokalaviser, som sjeldan er gjenstand for objektivt faktaoversyn?

– Ambisjonane mine for det kommande året er vel ikkje stort anna enn å halde fram i same spor som før. Eg skulle for så vidt gjerne ha utvida verksemda til å omfatte lokalaviser, men eg har ingen ledig kapasitet til det. Støtta frå Fritt Ord dekkjer omtrent ei tjue til tjuefem prosent stilling, og stadig fleire riksmediesaker blir liggjande i køa så lenge at dei mister dagsaktualiteten sin og blir lagde til side.

– Det er eitt aspekt ved anonymiteten din som gjer meg nysgjerrig: Er du redd for at identiteten din på eit tidspunkt blir avslørt? Anonymiteten krev stor tillit til integriteten hos redaktørane. I realiteten tar du ein risk, med konsekvensar eg ikkje kjenner. Kor viktig er anonymiteten din når det kjem til stykket? Er konsekvensane handterbare dersom det skulle gleppe i eit eller anna ledd?

 – Tja, om eg hadde ant at jakta på identiteten min skulle få slike absurde dimensjonar, ville eg nok ha tenkt meg om både to og tretten gonger før eg tok denne rolla. Ei god handfull personar kjenner identiteten min og vil potensielt kunne slarve. Tida har heldigvis vist at desse personane har vist seg tilliten verdig.

I tillegg hjelper det jo at namnet mitt er totalt ukjent. Sjølv om du hadde visst kva eg heiter, ville det ikkje fortalt deg anna enn at eg er ein random person som du aldri har høyrt om anna enn som Doremus. Dermed er det lite rom for å drive halvvegs hinting om kven eg er. Og om nokon skulle få fatt i namnet mitt, ville dei forhåpentleg ha vit nok til å innsjå at dette ikkje er noko dei kan «avsløre» eller bruke på annan måte utan at det ville ha vore eit ekstremt graverande overtramp som umogleg kunne rettferdiggjerast.

– Er du eit ekko av det alle i media seier – at det er meir slendrian i media no enn tidlegare, og er du slik med på å reprodusere ein myte om at alt var så mykje betre før? Og finst ein edel gullalder som alle mediefolk ser tilbake til? Kva tid snakkar vi i så fall om, og kva kjenneteikna denne gullalderen?

– Eg har ikkje noko ynske om å reprodusere ei slik framstilling. Eg har følgt med på nyheitene og irritert meg over dårleg journalistisk arbeid, og frå tid til anna kontakta redaksjonane for å klage på det, heilt sidan tenåra, men det er fyrst dei siste åra som bloggar og spaltist at eg har følgt med systematisk nok til å kunne danne meg noko slags heilskapleg bilete av situasjonen. Eg har dermed ingen føresetnad for å halde situasjonen i dag opp mot korleis situasjonen var for ti, tjue eller 50 år sidan – og veit heller ikkje kor stor hensikt det har å gjere slike samanlikningar, framfor å berre påpeike og kritisere dei feila og manglane som er å observere her og no.

Eg er samd med Faktisk-kritikarane i at enkelte skildringar av debattilstanden i Noreg er i overkant dystopiske og overdrivne – at dei overfører ein analyse frå andre land der situasjonen er mange hakk verre enn her heime.

– Korleis står norske medium seg samanlikna med utlandet?

– Eg les eit så mykje mindre utval av utanlandske medium at det blir vanskeleg å skulle samanlikne dei med totaliteten av norske medium. Men eg opplever nok at blant dei som blir rekna som toppsjiktet av seriøse, internasjonale medium, så har ein betre og meir systematiserte rammer for å handtere kritikk og eventuelle eigne feil – i form av lesarombod og andre formelle kanalar til å sende inn klager, retningslinjer for korleis feilaktige artiklar skal korrigerast på tydelege og sporbare måtar, og så vidare. Eg har ikkje god nok oversikt til å seie om dei til kvar tid følgjer og lever opp til desse reglane og ideala, men det gir i alle fall eit signal til lesarane om at ein er oppteken av å vere mest mogleg tilgjengeleg og lydhøyr for kritikk, og i det minste ynskjer å framstå med eit aktivt og medvite forhold til kritikken.

 

Pisken svir ikkje sterkt nok for ein masochistisk journalist, eg må innrømme det. Eg nikka og nikka då eg las Anki Gerhardsens kommentar i Aftenposten 30. mars i år under tittelen: «Faktisk hva da?» – eit skeptisk innlegg mot etableringa av Faktisk.no. Ho skriv: «Satt litt på spissen har nemlig alle norske journalister den samme forestillingen om verden. At vi ser på Frp med et forutinntatt blikk, er bare ett fellestrekk. Vi er også omtrent like urbane, omtrent like liberale, vi er multikulturelle, men omtrent like sekulære. Vi er omtrent like skoleflinke, like glad i sunn mat og dyr vin, vi har de samme viktige referansene og omgås de samme menneskene. Vi liker å krangle om småting, men henter vår kunnskap om verden fra omtrent samme ståsted. Alle kjenner en lesbisk akademiker. Ingen kjenner en uføretrygdet kassadame. […] Nei, vi lyver ikke. Vi setter vår ære i å være presise, og vi beklager feil. Men når en så ensartet gruppe skal formidle virkeligheten og sannheten er det noe som forsvinner: Virkeligheten og sannheten.»

Eg nikka, og skamma meg.

Men masochismen til side: I den store tillitsdebatten er det sjølvsagt meir enn ein fordel at nokon fyrst og fremst vel å konsentrere seg om det heilt konkrete og detaljerte. For eg tør ikkje tenkje på kva slags samfunnssyn folk kan sitje med, om dei går rundt og trur at to tredjedelar av dei totale norske skatte- og avgiftsinntektene kjem frå oljeindustrien.

 

Annonse

Mer fra Portalen

NORSK PEDAGOGISK TIDSSKRIFT: Pedagogikk bør hete pedagogikk.

SYN OG SEGN: Finst det rammer og retningslinjer som definerer kven som er samisk?

PROSA: Var jødeforfølgelsene i Norge likevel bare nazistenes ansvar? 

PERISKOP: Det er på tide å heve ambisjonene for hva vi vil at en lekeplass skal være.

RØYST: Verdens mest alvorlige trussel er mangelen på samarbeid.