Annonse

Annonse

09:46 - 30. september 2016

Stemme til dei stemmelause

SYN OG SEGN: Ho meiner dyr og menneske erfarer likt, men ulikskapen er at menneske har verbalspråk. Siri Martinsen brukar språket til fulle, for dyr si sak.

Menneskets blikk og dyrets blikk: Stereografi (3D-foto) frå Haukeli, rundt år 1900. «Pretty Norwegian girls tending cows and goats on the Haukeli Mts. (Midtlaeger saeter)». Foto: Nasjonalbibliotekets bildesamling.

Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike allmennkulturelle tidsskrifta i dag, stifta i 1894. Tidsskriftet er eit av få landsdekkande tidsskrift på nynorsk, og har lesestoff over eit breitt register av tema innanfor kultur, politikk og samfunn. Syn og Segn er eig av Det Norske Samlaget og blir lese av kulturinteresserte over heile landet. Redaksjonen har kontor på Fagernes. 

 

Denne artikkelen er hentet fra en av samarbeidspartnerne i Morgenbladets tidsskriftportal. Se mer fra norske tidsskrift i PORTALEN

Skyfri himmel over Oslo. Frå Holmenkollen Restaurant er det vakker utsikt over Oslofjorden. Siri Martinsen vel likevel eit bord inne. «For diktafonen din», seier ho. Eg slår han på. Han tar opp litt småprat; uskyldige oppvarmingsspørsmål om kvar Martinsen kom frå? Kom ho rett frå Sverige? Nei, rett frå eit intervju med VG. Men så blir samtalen broten: «Sjå, ein katt!» Katta spankulerer elegant gjennom kafeen. Baristaen ber katta ut. Berre minuttar seinare kjem katta tilbake. «Ho er kanskje heimlaus», seier Martinsen. Men nei, det er katta til naboen min. Og naboen min er nok heime, fortel eg, og seier namnet på naboen. «Å», seier Martinsen: «Då har eg sett denne katta før. Eg intervjua henne for nokre år sidan.» Intervjua ho katta? Nei, ho intervjua katteeigaren, som skal vere ein dyreven.

Martinsen er ikkje berre leiar i organisasjonen NOAH – for dyrs rettigheter og talsperson i media. Ho er nettsideredaktør og -skribent, skrivar av kronikkar og høyringar. Og dyreven, i det daglege. Heime i Sverige har Martinsen tolv kattar og ein hund. Dyra overtok ho. Dei fleste frå då ho jobba som veterinær. Dei var dyr andre ville avlive, eller som av andre grunnar trong ein ny heim. Martinsen er kompromisslaus på dyrs vegner. Derfor var ho blant dei nominerte til VGs «Årets navn 2015». Blant grunnane: at ho gir stemme til dei stemmelause.

– Det er ein lang tradisjon i litteraturen for å gi stemme til dei som ikkje sjølve kan reise stemma si. Frå før Ovid, ja, før Æsops fablar, har kunstnarar bore røysta til naturen. Du er også kunstnar, som driv med keramikk. Er det då kunstnaren i deg som fører dyra si sak?

– Det er mennesket i meg. Eg trur eg gjer som mange menneske: Eg reagerer på urett. Forsking viser at vi alt som barn reagerer mest på urett mot dei hjelpelause: Barn reagerer når andre barn eller dyr blir urettvist handsama.

– Har du med deg barnet i deg, i desse reaksjonane?

– Nei, eg meiner ikkje at dette er eit barnleg trekk. Men forskinga på barns reaksjonar viser kva som ligg i oss. Når vi seinare blir vane med urett, slår andre mekanismar inn, som til dømes at vi ikkje ønskjer å stikke oss ut sosialt, og derfor ikkje er så viljuge til å reagere på denne uretten. Eg har nok sjølv ikkje endra meg så mykje i livet. Eg var bestemt som barn.

Siri Anjuna Martinsen

 

  • Fødd i 1973, bur i Sverige.
  • Utdanna veterinær frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, der ho var den første som blei godkjent veterinær utan dyreforsøk.
  • Har vore aktiv i dyrevernorganisasjonen NOAH – for dyrs rettigheter sidan tidleg på nittitalet.
  • Er no leiar for NOAH og redaktør for bladet Noahs ark.
  • Var i 2014 og 2015 nominert til VG-kåringa «Årets navn». Dei som nominerte henne, skriv mellom anna at ho «har i mange år vore stemma til dyra, og jobbar hardt for å betre og opplyse om dyrevelferd og rettane til dyr».
  • Bur på eit småbruk rett over grensa til Sverige med sambuar, ein hund og 10–12 kattar, og syslar med keramikk når ho ein sjeldan gong får tid.
  • Blant NOAHs og Martinsens viktige kampsaker har vore avskaffing av pelsdyroppdrett og dyr i sirkus, og i det siste særleg industriell kjøtproduksjon.
  • Kvart år samlar NOAH tusenvis av menneske i fakkeltog mot pels i 12 byar i Noreg.

– Du nemner urettvise. I VG i fjor uttalte NOAH seg om statsstønad, og det at organisasjonen, for 25. år på rad, ikkje fekk tilskot. De meinte det var eit «demokratisk problem at ideelle organisasjonar ikkje får like føresetnadar for å forvalte ytringsfridomen».

– NOAH jobbar med å peike på urett overfor dyr. Vi jobbar for nokre av dei skapningane som er mest underprivilegerte, på den måten at dei blir definerte som andre sin eigendom. I dette arbeidet oppdaga vi også at det å arbeide for dei dyra som er minst populære, eller som ein vil snu ryggen til, også bidrog til forskjellsbehandling av organisasjonane.

– De gjorde ei prinsippsak av denne forskjellsbehandlinga. Kvifor?

– Alt då vi var oppretta, søkte vi om stønad, og fekk avslag. Men det som gjorde det heile til ei prinsippsak, var samtalar som eg hadde med stortings- og regjeringspolitikarar. Då fekk eg vite grunnane til at NOAH ikkje fekk stønad: arbeidet vårt mot kjøtindustrien og arbeidet for dei store rovdyra – saker som Landbruks- og matdepartementet tydelegvis ikkje ynskjer at ein skal jobbe så mykje med. Heldigvis vart det til slutt nok politikarar som såg at det var uhaldbart å styre organisasjonar på denne måten, og som tok til orde for ei endring. I budsjettforliket sist i 2015 fekk NOAH til slutt gjennomslag, med eit tilskott på 500 000 kroner.

– Meiner du at andre liknande organisasjonar som får støtte, er feige fordi dei ikkje viser eit klart standpunkt mot kjøtindustrien?

– Eg meiner det er trist og uakseptabelt at politikarar legg den type indirekte føringar på organisasjonane. Det gjer at nokre saker, om kjøtindustrien, til dømes, blir opplevde som vanskelege å ta opp. Eg meiner òg at mange miljø- og dyrevernorganisasjonar kan vere langt klarare om den industrien, som ifølge FN utgjer det største miljøproblemet i dag, og som samstundes fører til liding for flest dyr. Samtidig vil eg understreke at eg ser tydeleg positiv endring hos fleire miljøorganisasjonar berre dei siste åra.

– Får NOAH motstand frå sentralt hald på grunn av politiske strukturar, på grunn av kva type næringar og tema som er viktige for økonomien, eller tema som til kvar tid er meir og mindre populære blant veljarar?

Det er eit problem for arbeidet at det departementet som bestemmer over dyrevelferda, òg er det departementet som skal fremje næringar som utnyttar dei same dyra.

– Det å argumentere for dyrs rettar var, då vi byrja med det, nytt. Diskusjon om sel- og kvalfangst gjorde òg at miljøorganisasjonane blei redde for å gå inn i problemstillingar som hadde med dyr å gjere. I seinare tid ser ein at også miljøorganisasjonane gjerne bruker argument som har med dyrevelferd å gjere, at det er større forståing for samanhengen mellom saksområda, at dei heng naturleg saman. Men det er eit problem for arbeidet at det departementet som bestemmer over dyrevelferda, òg er det departementet som skal fremje næringar som utnyttar dei same dyra. Landbruks- og matdepartementet er eit næringsdepartement, og ikkje eit vernedepartement. Det er ei ulempe for dyra.

– I februar 2014 byrja de ein kampanje for kommunalt forbod mot bruk av dyr i sirkus.

– Ja, då vi forstod at saka ville bli trenert av Landbruks­ og matdepartementet, vende vi oss i staden til lokalpolitikarar. I Tromsø – den første byen som sa nei til eksotiske dyr i sirkus – var det MDG som tok initiativet. I andre kommunar har representantar frå alle partia, faktisk også Senterpartiet, snakka på vegner av dyr.

– 9. september publiserte Mattilsynet nye forskrifter, som vil bety forbod mot å vise fram eksotiske dyr. Gratulerer!

– Takk! På grunn av kampanjen med kommunepolitikarane har det ikkje vore elefantar i norske sirkus dei to siste åra, men dette vedtaket er likevel ein viktig prinsipiell siger. Endeleg måtte Landbruks- og matdepartementet la dei faglege råda avgjere denne saka.

– Korleis vurderer du Noreg i perspektiv av dyrevelferd?

– Gandhi meinte at ein kan vurdere eit land ut ifrå korleis dei behandlar dyr. Ein har snakka om Noreg som «det beste landet i verda for dyr». «Her blir dyr behandla ordentleg», seier vi, og kallar oss omsynsfulle. Svenskane seier det same om sin måte å behandle dyr på. Sveits, Tyskland – alle er dei best i verda, i eigne auge. Politisk sett er Noreg per i dag ikkje spesielt gode på dyrevelferd. Både med omsyn til pelsdyroppdrett, dyr i sirkus, behandling av heimlause dyr, tilgang på vegetarisk mat og fleire andre saker ligg andre land framfor. Men vi er også gode på nokre ting. Folk har engasjement, noko vi ser i NOAHs årlege fakkeltog mot pels, då fleire tusen møter opp i protest kvart år.

– Sei meir om norsk dyrevelferd. Har dyr i norske fjøs det bra?      

– Om vi snakkar om kjøtproduksjonen, så er det mange som trur at dyr i Noreg har det betre enn dyr i andre land. Men mange blir overraska over at kyr framleis står fastlenka på båsen eller i tronge bingar store delar av året. Dei veit heller ikkje at kalvane blir tatt frå mora rett etter fødselen, eller at hannkyllingar i eggproduksjonen blir kverna i hel når dei er ein dag gamle.

– Frå 1. januar 2014 er det lovpålagt å la alle kyr vere på beite i minst åtte veker om sommaren?

– Det vart lovpålagt med mosjon, men det betyr dessverre ikkje beite. Fleire får dispensasjon, og NOAH får også tips om at einskilde bønder ikkje rettar seg etter kravet. Vi har varsla Mattilsynet, noko som har ført til ein tilsynskampanje med dette lovkravet i år.

– Dei norske besetningane er små i forhold til besetningane i andre land vi kan samanlikne oss med?

– Det kjem naturlegvis an på kven ein samanliknar seg med. Ideen om at norsk landbruk generelt er småskala, gjeld ikkje lenger. 20 000 kyllingar på ein gard er ikkje småskala i mine øyre. Samtidig må ein hugse at ei ku som står fastbunden i eit fjøs, har like lite fridom om ho står i eit fjøs med 20 eller 60 andre kyr.

– Er det noko ved det norske landbruket som i det heile fungerer?

– Det norske landbruket er ikkje spesielt bra med omsyn til dyrevern. Det er stor vektlegging av og statlege overføringar til animalske produkt, og lita vektlegging av det som er viktig: auka vegetarisk produksjon. Førestillinga om at dyra har det betre i Noreg, er også feil. Mange andre land har kome lenger i sitt regelverk, til dømes med forbod mot høner i bur og at kyr er meir ute. Vi er i ein fase der vi er nøydde til å sjå at det norske landbruket ikkje fungerer korkje for dyrevelferd, miljøvern eller berekraft, og at vi må legge om.

Vi er i ein fase der vi er nøydde til å sjå at det norske landbruket ikkje fungerer korkje for dyrevelferd, miljøvern eller berekraft, og at vi må legge om.

– Kva kan den einskilde bonden då gjere for å styrke dyrevelferda?

– Når ein først utnyttar dyr for storskala kjøt-, egg- og mjølkeproduksjon, ja, så er det eit ganske dårleg utgangspunkt for dyra og dyrevelferda. Sjølv om det finst mange nyansar av måtar bønder sjølv behandlar dyra sine på, er det ikkje først og fremst hos kvar einskild bonde endringa kan skje. Det må bli endring i politikk og forbruk, som igjen gjer at vi et færre dyr, og at landbruket på sikt blir meir plantebasert. Det er ei urealistisk førestilling at dyr kan ha gode liv, samtidig med at dei blir utnytta i masseproduksjon av til dømes kjøt.

– Korleis er samarbeidet mellom dykk og norske landbruksorganisasjonar? Samarbeider de, eller er det eit ikkje-forhold?

– Vi vender oss til dømes til Opplysningskontoret for frukt og grønt, og ber dei vere meir offensive i arbeidet for vegetabilske landbruksvarer. Når det gjeld slakteribransjen, er det debatten som rår, og ikkje noko samarbeid. Faktum er jo at dei ynskjer å selje meir av produkta sine, medan vi ynskjer at folk skal kjøpe produkt som ikkje kjem frå dyr. Også i regelverksutvikling ser vi at landbruksorganisasjonane, som er dominerte av husdyrinteresser, ofte held att i arbeidet for å styrke rettane til dyra, og at vi såleis trekker i ulik retning.

– Og kva er bra av det den noverande regjeringa gjer, med omsyn til dyrevern?

– Den noverande regjeringa har overraska positivt med raskt å få på plass dyrepoliti, og ved å løfte fram vald mot dyr som eit alvorleg tema. Når fleire statsrådar understrekar at vald mot dyr ikkje er ein bagatell, ja, så har det mykje å seie. Regjeringa har òg bidrege med støtte til dyrs rettar ved å støtte NOAH. Også i andre saker har vi fått gjennomslag, til dømes når det gjeld å oppretthalde forbodet mot bogejakt. Derimot har regjeringa lagt til rette for ein endå meir dyre- og naturfiendtleg rovdyrpolitikk. Dei har lagt grunnlag for endå større produksjon av kyllingar, og partia i regjering har enno ikkje tatt stilling mot pelsdyr i bur.

 

Kalv. Siri Martinsen blir fødd i Sverige og bur dei første skuleåra sine på Nesodden før ho og familien flyttar til Storgata. Ho veks opp midt i Oslo sentrum, og vitjar ofte Bygdøy Kongsgård og kalvane der. Ein dag tenkjer ho for seg sjølv at «til neste år, på denne tida er kalven slakta, fordi nokre vil ete kjøt». Martinsen sluttar å ete kjøt. Fleire år seinare blir ho den første veterinæren som blir godkjent utan å måtte gjere dyreforsøk. Frå ho blir aktiv i dyrevernsaktivisme, debatterer ho jamleg på TV og i radio, og talar mot pelsdyroppdrett, industrielt husdyrhald, kjøtproduksjon, dyreforsøk og bruk av dyr i sirkus.

– Vart dyrevernaren Siri til på kongsgarden?

– Eg har alltid brydd meg om dyr. Men det var fleire slike episodar som fekk meg til å tenkje over dei dyra vi sjeldan ser. Etter kvart såg eg meir og meir korleis dyr blir behandla, berre for å vere til for oss. Det er ikkje rett. Dyr har sin eigenverdi. Dei er andre artar enn oss, men dyr kan også kjenne, oppleve, sanse.

– Kvifor ser ikkje folk flest den samanhengen?

– Det kan handle om distanse. Nokre relaterer seg kanskje ikkje lenger til dyr. Då veit ein heller ikkje kva ein skal tenkje om dyr, rett og slett fordi ein ikkje har lært korleis dyr lever, og korleis dei opplever verda rundt seg. Men dyr tel. Dyr har rett til eit liv på sine eigne premissar. Distanse er alltid problematisk i arbeidet med å skape forståing og empati. Samstundes har vi meir kunnskap: Dei som har dyr som familiemedlemmer, kan få ein kunnskap om eigne dyr – kunnskap som kan kome andre dyr til gode.

– Korleis har folk, i historisk perspektiv, sett på dyr?

– Svært ulikt. Vi har heile tida vore doble i synet på dyr: beundra dei, og forfølgt dei. Utsett dei for vondskap og samstundes prøvd å hjelpe dei. Men i dag blir utnyttinga stadig meir industrialisert.

Eg trur ikkje at dyr alltid vart behandla betre før i tida. Sjå berre på målaren William Hogharts bilde «The four stages of cruelty» frå 1751. Første og andre teikninga handlar om dyremishandling på open gate. I den tredje teikninga drep dyremishandlaren også folk. Å vere vond mot dei som er svake, ligg i oss, og har alltid gjort det. Men vi veit at evna til empati er minst like naturleg, og den kan utviklast. Eg trur at vitskapen og iveren etter prov har vore bra for synet vårt på dyr. Vitskapen viser at dyr er langt likare oss enn det vi tidlegare har trudd, og at eigenskapane deira stikk djupare. Forskarar syner også at dyr som kan vere valdelege mot andre dyr, kan ha ein lågare terskel for å gjere menneske vondt. Eit menneske som kan torturere ein katt, har også vist at han har evna til å behandle andre menneske dårleg. Ein har sett samanheng mellom sadisme mot dyr og menneske, og familievald.

«The Four Stages of Cruelty» av William Hogarth fra 1809.

– Eg har eit inntrykk av deg som ein dyktig polemikar og ein framifrå ordførar i saker for dyr. Det er nesten påfallande kor sakleg du er.

– Eg tar det som eit kompliment! Eg kjenner det som at eg har ei god sak.

– Kva gjer deg overtydd om at nettopp sakene dine er så viktige?

– Måten vi bruker og utnyttar dyr, handlingar som påfører dei liding. Å arbeide for å få slutt på denne lidinga er openbert betre enn at lidinga held fram. Men det handlar først og fremst om å sjå at erfaringane til dyr er viktige i seg sjølv. Å skape forståing for kva dyr faktisk er.

– Kva er dei?

– Dyr kjenner like sterkt som oss. Det er ikkje liksom-kjensler, det dei har. Fysiologisk sett kan ein ikkje skilje mellom deira kjensler og våre. Dei blir til på same måte. Når folk ikkje ser dette, så dreier det seg om manglande kunnskap eller evne til å ta konsekvens av kunnskapen.

– Med det er ein attende til kunstnarar si rolle i å gi røyst til dyr, og kultur og språk som reiskap, trass alt, når det gjeld å gjere godt for naturen.

– Menneska er sosiale dyr. Det har vi til felles med mange andre dyreartar. Det er sjølvsagt stor ulikskap mellom artane, men vi kan kjenne att språket til andre dyr, og lese kvarandre ganske bra, om vi går inn for det. Ein ape kan skjønne ein hund, ein hund kan forstå ein katt. Slik er det òg med menneska. Vi og andre dyr kan ha eit språkleg samspel over artsgrensene.

Ein ape kan skjønne ein hund, ein hund kan forstå ein katt. Slik er det òg med menneska. Vi og andre dyr kan ha eit språkleg samspel over artsgrensene.

– Til dette med viljen til å skjønne at dyra kjenner like sterkt som oss menneske: Kvifor møter du så lite forståing for dette?

– Eg synest ikkje vi møter lite forståing. Vi har fått eit gjennombrot for dyrepoliti, og å ta kriminalitet mot dyr på alvor. Folks eigeninteresse kjem i vegen for den forståinga folk eigentleg har for dyra. Ein vil helst ikkje sjå at dyr i kjøtindustrien lid på same måte som familiedyra ville gjort i same situasjon. Ein vil ikkje innrømme for seg sjølv at redselen som grisen opplever på slakteriet, er den same redselen som ein hund ville ha opplevd, om grisen hadde vore ein hund.

– Kor mykje veit ein om liding eller medvit hos andre artar enn oss?

– Vi veit mykje meir enn det industriane og behandlinga vår av dyr vitnar om. Vi veit at hjernestrukturane våre er dei same, at andre virveldyr er i stand til å oppleve eit stort spekter av kjensler som ein tidlegare trudde berre galdt menneska.

– Og kva har menneske som er unikt?

– Ser ein på dei einskilde eigenskapane, er det vanskeleg å seie kva som gjer menneska unike. Planlegging er definitivt noko andre dyr også driv med. Empati er noko andre dyr også har. Til og med sansen for rettvise. Dette er eigenskapar som vi ofte seier er typisk for menneska. Samtidig ser vi jo at menneska er i ei særstilling – vi har svært mykje makt, vi utvidar territoria våre på kostnad av andre dyr. Vi held andre artar fanga. Det er noko med stor-skala-organiseringa, denne massive kontrollen, det at vi er så mange og kan operere saman som art i store mengder, som gir oss mykje meir makt enn noko anna dyr. Ut ifrå det perspektivet burde det også vere unikt for oss at vi tok eit større ansvar for ikkje å skade andre dyreartar.

 

Selfangst. Seint på åttitalet kom det bilde på NRK av selfangst. Selungar med store, svarte auge som blei hogne i skallen med hakke. Eg gløymer det aldri. Sjølv om det har vore meir stille i media omkring selfangst, held han fram. Frå april til juni kan norske båtar ta ut rundt 29 200 sel i Vesterisen. Dei prøver å ta ut så mykje som mogleg, både for produkta av fangsten, og for å regulere bestanden. I 1989 dannar aktivistar i Oslo ein anti-pels- og selfangstorganisasjon. Selfangst er ikkje berre i media; ein prøver å gjere noko med det også frå politisk hald. Men for politikarane er selfangst viktig økonomisk og prinsipielt, kanskje til og med diplomatisk. I januar 2016 kom sjansen til ein ny debatt om selfangsten. Tor Even Svanes roman Til Vestisen har ein faktisk selfangstrapport som førelegg, og handlar om overgrep på mange nivå: Skadeskyting av selungar. Seksuelle overgrep mot den kvinnelege inspektøren. Danmarks behandling av grønlendarar, og menneska si rovdrift på kloden. Dei største overgrepa blir reflekterte i dei minste. Om omsorga som kan begynne i det vesle, mot dei forsvarslause og svakaste, og som så kan vekse seg stor og famne om heile kloden. Men den store, nye selfangstdiskusjonen uteblei.

– Fangstmetodane har ikkje endra seg noko særleg sidan fangsten starta. Ikkje-diande selungar blir slegne i hel med hakapik eller skotne frå båten. Vaksne blir skotne. Det er stor fare for skadeskyting. Krøking er ein måte å heise selen opp i båten ved hjelp av ei stong med ein krok i enden. Skal ein bruke denne fangstmetoden, må dyret etter lova vere dødt. Men risikoen for at dyret framleis er levande og bevisst når det blir heist opp på denne måten, er stor.

– Det er stille om selfangst, sjølv om det framleis føregår, og framleis med mange av dei same metodane.

– Det har vore sterke politiske kampanjar for selfangst, gjennom fleire regjeringar og ministrar. Haldninga har alltid vore at om ein er norsk, ja, så er ein for selfangst. Niels Christian Geelmuyden prøvde å trekke det fram i det legendariske intervjuet med tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland (1993, red. anm), der ho nærmast fortalde at det å vere ein god nordmann var å godta fangst på sjøpattedyr. På den tida var det sterkt søkelys på naturvern. NOAH meinte at det å bry seg om naturen òg var å bry seg om dei dyra som bur der. Vi såg eit kunstig skilje mellom å bry seg om miljøet utan å ha omsyn for dyr. Men dette var altså ikkje så populært i møte med styresmaktene.

– Kvifor stør staten selfangst?

– Stønaden har vore der i fleire tiår for å gjere fangsten lønsam. Noverande regjering gjekk inn for å kutte statsstønaden, men i det siste statsbudsjettet har fiskeriminister Per Sandberg aleine ført han inn att. Det er faktisk ingen god grunn til at staten skal betale nokon for å slakte selar. Tidlegare påstod politikarar at ein måtte fange sel av omsyn til miljøet. I dag blir ikkje dette argumentet lenger brukt, fordi det er openbert feil. I dag veit vi at isflaka, som selen treng til å føde ungane sine på, smeltar og forsvinn. Livsgrunnlaget for selen blir stadig meir sårbart på grunn av klimaendringane.

– Kva er forholdet ditt til fiskeriminister Per Sandberg?

– Før han blei fiskeriminister, møttest vi og prata om dyrepoliti, som han den gongen arbeidde for. Men som fiskeriminister har han dessverre vist at dyrevelferd ikkje står høgt på agendaen i det departementet. Det er skuffande.

– Kva tenkjer de om Senterpartiet; lever partiet opp til forventningane dykkar som landbruksparti?

– Senterpartiet har profilert seg som eit næringsparti som berre tenkjer på næringsinteressene. Dei har vore svært dårlege i mange dyrevernsaker. Slik treng det ikkje vere. Dei er når som helst velkomne til å endre seg!

 

Industrielt husdyrhald. I 2008 synte Eldorado kino ein stumfilm om kjøtindustrien. 120 Days spelte industriell og tung elektronika til. Det var ei intens og skilsetjande hending. Vi såg store dyr i tronge bur. Små dyr med store sår og triste auge. Hormonpumpa, deformerte dyr. Dyr som eg trudde eg visste kva var: gris, okse, kylling, men som likna heilt nye typar dyr. Og slaktemetodar som ikkje likna grisen. Det var bilde som gjorde oss til vegetarianarar. Men sakte forsvann bilda frå netthinna, og kjøtsvolten kom tilbake. Tida lækjer mange sår, men ikkje gnagsåra til pelsdyr i tronge bur. Nokre former for smerte blir påførte igjen og igjen, fordi folk tener på det. Å skape medvit og merksemd omkring det er ein æveleg kamp. Mange av dei same kampane må kjempast om att fordi folk gløymer så lett.

– Kva har økologi å gjere med dyrevern?

– Ein kan spørje seg kvifor det er færre bier. Det handlar sjølvsagt om måten vi dyrkar jorda på, om sprøytestoff, og igjen om klima og jorda generelt. Slik er økologisk tenking viktig i seg sjølv: Den som tenkjer grunnleggande økologisk, må òg ta med omsynet til dyra. Men ofte kjem det i bakgrunnen – at det nærmast er umogleg å basere seg på kjøt og samtidig fremje økologisk produksjon. Viss folk et kjøt tre gongar om dagen og trur det er greitt fordi kjøtpakka er økomerkt, ja, så er det viktig å innsjå at massiv kjøtproduksjon ikkje heng saman med økologiske prinsipp. Når det gjeld det konkrete regelverket i økologisk produksjon, er det nokre forskjellar som kan bli betre. Men ofte er det ikkje nok. Kalven blir i konvensjonell mjølkeproduksjon tatt frå mora rett etter kalvinga, medan han i økologisk produksjon blir tatt frå mora tre dagar gamal. Det seier seg sjølv at ingen av delane er bra. John Maxwell Coetzee, sørafrikansk nobelprisvinnar av litteratur, seier at det økologiske småskalalandbruket ikkje bør vere gullstandarden for det vi skal oppnå. Det viktige er kva vi gjer med eitt og eitt dyr. At ein ikkje skal krenke dyret. Det betyr å ikkje skade det, ikkje drepe det.

– Er dette ein moderne måte å tenkje på?

– Nei, det er ein tankegang som alltid har eksistert hos nokre. Pythagoras hadde omtanke for dyr. Det ligg nok djupt i mange menneskelege kulturar at liv – også dyr sine – er verdifulle. Men så kjem likevel tankar om eiga nytte inn, og overstyrer omsyn.

– Er det på sida av det du jobbar med, det å ta opp økologi?

– Nei, korleis ein behandlar miljøet, har sjølvsagt mykje å seie for korleis ein behandlar dyr. Men det er minst like sentralt å sjå på den vegetariske matproduksjonen – både for dyr og miljø. Vi har mål for statleg innkjøp når det kjem til økologisk mat. Det skulle ein også hatt når det gjeld vegetarisk mat. Det gjeld å auke andelen av vegetarisk konsum.

– Far min var jeger. Han hadde ei oversikt over hjortebestanden på øya, og tok ut så mange dyr som ein meinte var rett for at økosystemet på øya skulle halde seg i sjakk. Jakta han ikkje, blei det ikkje nok mat til alle hjortane, og ein situasjon der «alle» ville svelte. Kvar kjem den typen tankegang gjennom i NOAHs bilde?

– Eg tenkjer då straks: Kvifor var det hjort på øya? Var dei sette ut? Kom dei seg dit på eiga hand, ville det vere rart at dei ikkje også kunne kome seg derifrå viss næringstilgangen svikta. Naturen er jo ikkje i seg sjølv avhengig av at menneska «ordnar opp». I område som er urørte av menneske, er det ikkje flaum av dyr eller miljøkatastrofar. Menneska set seg sjølv i ein situasjon der dei skal bestemme alt: Vi seier kva for dyr det er for mykje av, og kva det er for lite av. Det ser ein òg med omsyn til store rovdyr. Vi har omtrent tretti ulvar i Noreg. Likevel meiner nokre at ein har for mange. Det er liten toleranse for at dyr i naturen skal få utfalde seg, at dei ikkje skal bli for «mange», kva no det skulle bety.

– Kvifor er det mindre moralsk at eg et kjøt enn at dyr gjer det?

Vi har omtrent tretti ulvar i Noreg. Likevel meiner nokre at ein har for mange. Det er liten toleranse for at dyr i naturen skal få utfalde seg.

– Å ta livet av nokon er alvorleg. Derfor bør ein ikkje gjere det med mindre det er heilt naudsynt. Det er heilt naudsynt for rovdyr, men ikkje for folk. Vi har svært mykje makt over andre dyr. Det gjev oss også eit ekstra ansvar for å ta omsyn, for ikkje å skade eller drepe med mindre vi må. Kan ein unngå å skade nokon, så er det neppe moralsk å gjere det likevel?

– Kva for politiske krefter bidreg til å oppretthalde kjøtindustrien?

– Massive pengeressursar blir brukte til reklamar for kjøtindustrien. Desse næringane har jo god råd og får stor statleg stønad. Fleire landbruksministrar har endåtil sagt at dei synest vi skal produsere meir kjøt – stikk i strid med FNs råd.

– Og likevel vel vi kjøt?

– Kjøt har blitt billeg, tilgjengeleg, og er eit lett val. Skattepengane våre blir brukte til å stø kjøtindustrien: Husdyrprodusentane blir subsidierte. Eg meiner at midlane i staden bør brukast til å fremje vegetarisk produksjon i Noreg, og at styresmaktene bør oppmuntre folk til å velje vegetarisk i staden for å drive den kontinuerlege straumen av kjøtreklame.

– Menneska er trass alt eit kjøtetande vesen.

– Mennesket er ikkje eit kjøtetande vesen – mennesket er eit svært fleksibelt vesen. Vi kan velje. Å leve på plantebasert mat er ingen ny idé, menneska har gjort det til alle tider. Det er definitivt ikkje realistisk å basere seg på at vi skal ete kjøt i framtida. Om vi snur tenkinga og definerer vegetarisk mat som den grunnleggande kosten vår, veit vi at vi har ein langt meir realistisk sjanse til å ta vare på kloden. Samtidig må vi ta i bruk kunnskap om andre dyr: Vi kan ikkje halde fram med å behandle dei som om dei ikkje opplever eller forstår kva dei blir utsette for.

– Er det urealistisk å tru at alle vil slutte å ete kjøt? Burde dyrevernorganisasjonane heller jobbe trinnvis, først for at vi skal ete mindre kjøt, sidan for eit økologisk samfunn? Er det eit urealistisk draumesamfunn du jobbar for?

– Det er urealistisk å tru at vi kan halde fram med å ete kjøt slik vi gjer i dag. Det er samfunnet vi har i dag – med uavgrensa mengder av animalske produkt – som er eit urealistisk draumesamfunn, sett bort frå at det ikkje dreier seg om eit draumesamfunn, men eit mareritt for mange dyr. Det einaste vi veit sikkert, er at samfunnet er i endring, og så er det vår oppgåve å sørge for at det endrar seg i ei meir omsynsfull retning. Menneska er fleksible, og vi har endra vanar og haldningar fleire gongar tidlegare.

– Du seier at det er riktig, etisk, å slutte å ete kjøt. Men det dreier seg vel også om at vegetarmat òg er godt!? Sei noko om den gode veggismaten!

– Det er klart vegetarmat er godt, og betre om kokken er god! Det finst mange flotte og inspirerande vegetarbloggar, kokebøker og vegetarfestivalar, og det kjem stadig ny inspirasjon. For kort tid sidan delte NOAH ut gratis vegetargrillmat på Karl Johan nettopp for å inspirere folk til å smake.

 

Det som driv henne. Ved nabobordet sit ein gjeng ungdommar. Dei ser på telefonane sine; tastar inn meldingar på snap, face. Opptatt av kvarandre, forelska i kvarandre og verdsens beste venner. Menneskebarn, selungar, andungar: Det som ein blir glad i, vil ein ta vare på. «Moserevolusjonen» breidde seg over heile Island på syttitalet, og hadde «biofilia» som ideologi: kjærleik til alt levande. På nittitalet gjorde Frederic Hauge mange kritiske til forureining. I dag er «økomedvit» manifestert i dei glansa, kulørte avismagasina som ligg på borda i kafeen på Holmenkollen. Eit elitefenomen? Endå eit uttrykk for eigeninteresse?

Mellom borda tuslar katta attende, til Martinsen, som tar henne på fanget. Men baristaen vil ha katta bort, og ber henne ut att.

Martinsens tolv kattar og eine hund vaks opp i lag med ein flokk høner. På småbruket i Sverige gjekk dei fritt omkring. Hønene sov i korga til hunden, og hadde, ifølgje Martinsen, like mykje av eit indre liv som hundar og kattar.

Eg seier at vi får halde fram. Martinsen skal vel heile vegen til Sverige før det blir kveld? Men nei, i kveld søv ho i byen.

– Korleis ser ei vanleg veke ut i Siri Martinsens liv?

– Det er ingen vanlege veker. Eg reiser mykje. No i sommar er NOAH til stades på mange leirar og hendingar. Men eg sit også mykje heime ved datamaskina og skriv artiklar, kronikkar, høyringar.

– Og nett no, kva skriv du på?

– No skriv eg på neste nummer av magasinet NOAHs Ark. Det har heimlause kattar som tema. Dei blir faktisk behandla langt betre mange andre stadar i verda enn i Noreg. Så også her kan vi endre oss til det betre.

– Du har vore i bransjen i over tjue år. Kva tema går igjen?

– Det kjem nye tema, og nokre går att. Omfang og styrke på engasjementet endrar seg. Eg ser at fleire tenkjer over tema. Vald mot dyr er mindre akseptert. Det merkar eg når eg står på stand og snakkar med forbipasserande. Tidlegare kunne det vere vanskeleg å få folk i tale om sel- og kvalfangst. Fleire er medvitne om den industrielle kjøtindustrien. Før trefte ein folk som ikkje såg paradokset mellom å elske hunden eller katten sin, og samstundes bruke pels eller kosmetikk som var prøvd på dyr. No er desse dyrevernsakene allemannseige. Dumping, altså det å kaste ut kattungar eller andre familiedyr, er òg døme på saker som engasjerer. Fleire er tøffare til å ta parti med dyra.

Baristaen kjem bort: «Fekk de tak i katteeigaren? No er katta her igjen!» Martinsen tar katta i armane, forlèt hotellkafeen og kryssar parken og skogar av forvaksen skvallerkål. Katteeigaren er ikkje heime. Men husrekkja har ein asfaltplass med benkar. Der held vi fram med intervjuet. Martinsens ordstraum er låg og jamn. Katta strekker seg ut på asfalten og held auge med maur som surrar rundt. Det rykker i lange, kvite følehår. Øyra spissar og vender og vrir på seg. Viftar ho vekk fluger, eller stiller ho seg inn på Martinsens røyst, den som talar for dei som ikkje kan tale ut når dei blir skadde, misbrukte, krenkte? Katta har kome heim. Martinsen er hundre mil frå sin heim ein laurdags kveld. Ho held eit auge med katta.

Annonse

Mer fra Portalen

BALLADE: Maren Selvaag forpliktet seg til å komponere musikk om bærekraft.

NORSK PEDAGOGISK TIDSSKRIFT: Pedagogikk bør hete pedagogikk.

SYN OG SEGN: Finst det rammer og retningslinjer som definerer kven som er samisk?

PROSA: Var jødeforfølgelsene i Norge likevel bare nazistenes ansvar? 

PERISKOP: Det er på tide å heve ambisjonene for hva vi vil at en lekeplass skal være.