Portal

Nykel til Norsk Ordbok

PROSA: Då det siste bandet av Norsk Ordbok vart lansert, var både kronprinsessa og fjernsynet til stades. Kva er det som er så spesielt med denne ordboka? Og kan vanlege folk ha nytte av henne?

Denne teksten, originalt frå tidsskriftet Prosa, er publisert i Morgenbladets tidsskriftportal. Her syner med fram det beste frå norske tidsskrift.

«I vinter har eg ikkje gjort noko større», slo Olav H. Hauge fast i dagboka si 17. mars 1957. Men noko hadde han då gjort: «Eg skreiv ned 625 ord på lappar og sende til Norsk Ordbok. Det var for det meste ord som ikkje Aasen har. Eg fekk brev frå Alf Hellevik her nyleg; han let vel og sa det var ei verdfull samling.»[1]

Me er mange som hadde vorte glade for å få lappar av Hauge, men me skal vera godt nøgde med at han sende dei til ordboksredaksjonen. Der kom dei til folk som trong dei, og som nytta dei slik at dei kom mange til gode. På nettsidene til Norsk Ordbok kan kven som helst leita fram att lappane frå Hauge – i fotoskanna versjon – og sjølv ta dei i augnesyn, til dømes setelen for substantivet beine.[2] Der gjev Hauge oss ei stutt utgreiing om bøying og bruk, og ved sida av teksta har han teikna ein liten slede som tydeleg viser kva ei slik beine er («den stolpen som flauta [tverrtreet] kviler på, han er tappa ned i meiden»).

50 000 setlar. Frå 1930-talet til utpå 1960-talet sat det ei mengd folk kringom i landet og skreiv på lappar og kartotekkort: Dei gav opplysningar om ord frå målføret sitt eller skreiv ut sitat frå bøker og blad etter rettleiing frå redaksjonen. Løn fekk dei ikkje, det var gløden for språket og gleda ved sams strev som dreiv dei – og kanskje såg dei ikkje på det som strev heller. Men få av innsendarane kom til å få ein framskoten plass i norsk litterær kanon. Dei var fiskarar, sakførarar, småbrukarar, studentar og husmødrer og så bortetter, for ikkje å gløyma dei aldri kvilande folkeskulelærarane. Særskilt ihuga var lærarinna Bergit Rike frå Valle i Setesdal, som sende inn over 50 000 setlar og hadde ei handskrift eg berre kan drøyma om.

Treng me å vita dette? Me kan då vel bruka Norsk Ordbok utan å ha høyrt om setelarkivet? Ja, det kan me, men då skjønar me ikkje fullt ut kva slags verk me sit med. Me bør vita at ordboka byggjer på over 3,2 millionar setlar og eit omfattande tekstkorpus, frå dialektordbøker til romanar og avisartiklar, og me bør vita at Norsk Ordbok er eit vitskapleg dokumentasjonsverk der kvar artikkel er eit forskingsarbeid:

Leksikografane har analysert og systematisert eit materiale som ikkje har vore gjennomgranska før. Like viktig er det at skrift og tale er jamstilte kjelder: I Norsk Ordbok har sjømannssjargong same rang som ei versline av Olav Nygard.

Norsk Ordbok er eit vitskapleg dokumentasjonsverk der kvar artikkel er eit forskingsarbeid.

Det at ordboka er vitskapleg, tyder ikkje at ho er tungt tilgjengeleg, og det at ho dekkjer det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet, tyder ikkje at ho retter seg særskilt mot målfolk. Norsk Ordbok er «om folket – av folket – for folket», som det heitte i ein reklamebrosjyre då det fyrste heftet kom ut i 1950. Alle kan bruka Norsk Ordbok. Men korleis gjer me det?

Inn med teskei. Fyrst må me vita at ordboka finst og kan brukast. Det er lettare sagt enn gjort, noko eg sjølv er eit døme på. Då eg som fersk student stiltra meg rundt i gangane på det som då heitte Institutt for nordistikk og litteraturvitskap ved NTNU, observerte eg av og til nokre folk eg ikkje greidde å kategorisera som vanlege nordistar eller litteraturvitarar eller administrativt tilsette. Dei hadde kontor på instituttet, men kvifor var dei der? Kva dreiv dei med? Då einkvan endeleg fortalde at desse folka var «på ordboka», og at ordboka var eit stort verk som hadde vore under arbeid i mange tiår, kjende eg meg litt klokare, men det rykte ikkje i oppslagsfingrane. Nei, for kven slår opp i ei uferdig ordbok? I mi verd kom ordbøker ut i eitt band, ikkje som føljetong gjennom eit halvt hundreår. Slikt hadde eg aldri høyrt om, og slik gjekk det til at eg – ei ihuga filologspire – nærast trakka oppi ordboka utan å skjøna kva for eit verk det var.

Det kom seg då eg på nyåret 2010 fekk band 8 i fanget og vart beden om å melda det for medlemsavisa til Norsk Målungdom. Det kom seg endå meir då eg litt seinare var sekretær i Stadnamntenesta og arbeidde med ein namnekonsulent som til dagleg var «på ordboka», Eli Johanne Ellingsve. Aller mest kom det seg då ein av dei andre ordboksredaktørane, Leiv Inge Aa, kåserte om ordboka på ein fagkveld i Trondheim i 2012.

Aa fortalde levande om eit av orda han hadde redigert: preposisjonen . Eg sat og levde meg inn i arbeidet hans og skjøna brått kva det gjekk ut på. Tenk å skulla definera og gjera greie for på ein klår og konsentrert måte! Artikkelen om denne preposisjonen fyller tolv spalter (ca. seks sider) i ordboka, gjev over 4500 treff i setelarkivet, og Aa arbeidde med denne eine ordartikkelen i om lag eit halvt år.

Kjøt på beina. Dette er forsking, men kva slags forsking er det? Ein av hovudredaktørane, Lars S. Vikør, har skrive at Norsk Ordbok kan kallast «eit eksempel på grunnforsking med ein ideell bruksverdi».[3] Omgrepet grunnforsking nyttar me gjerne om eksperimentell og teoretisk verksemd som vinn ny kunnskap, men utan at denne kunnskapen skal nyttast på ein særskild måte til eit særskilt føremål. Leksikografane driv visseleg med slik forsking. To døme: Dei tek i bruk moderne lingvistiske teoriar for å løysa grammatiske og semantiske flokar, og dei granskar utbreiinga og bakgrunnen til dialektord som ikkje har vore nytta i skrift før. Arbeidet gjev ny kunnskap som ikkje skal eller brukast slik eller slik – men han kan brukast på mange måtar (ideell bruksverdi). Norsk Ordbok kan til dømes auka den språklege innsikta og sjølvkjensla til folk. Sameleis kan dei elektroniske språksamlingane vera nyttige for både lek og lærd.

Når eg no brukar nokre avsnitt på å streka under at Norsk Ordbok er forsking, er det fordi somme har fått det føre seg at ordbokarbeid ikkje er skikkeleg språkvitskap. Dei meiner at språkvitskap er å granska strukturar og avdekkja mønster på ulike nivå: ljodsystem, formsystem og syntaks. Ja, dette er språkvitskap, men etter mi meining er det for snautt til å skulla fylla omgrepet språkvitskap åleine. Eller som Vikør seier det: «Strukturane […] er skjelettet i språket, ikkje språket i seg sjølv.»[4]

Norsk Ordbok er kjøtet i norsk språkforsking. Til liks med anna kjøt kan det gå ut på dato.

Det er vanskeleg å føra ei samtale med eit skjelett. Me treng kjøt, blod, nervar, hjarta og andre organ – me treng liv og konkret språkbruk. Om språkvitskapen skal vera verd nemninga språkvitskap, må han òg femna om dokumentasjon og gransking av ord og frasar i faktisk bruk i fortid og samtid. Så er spørsmålet korleis me skal leggja fram eit slikt arbeid. I ein vitskapleg artikkel med samanhengande prosatekst? Eller rettare sagt: i fleire hundre tusen slike prosatekster? Nei, me vel den sjangeren som er utvikla til nettopp slik gransking: ei vitskapleg ordbok.

Norsk Ordbok er kjøtet i norsk språkforsking. Til liks med anna kjøt kan det gå ut på dato (noko eg snart kjem tilbake til), men det har ein føremon som korkje indrefiletar eller smalehovud har: Størsteparten av ordboka er digitalisert og fritt tilgjengeleg for alle som har Internett. Du kan meiska deg med dette verket utan at det kostar deg ei krone, jamvel om det har kosta uendeleg med tid og krefter å framstilla det. Ja, lat oss seia det som det er: Ordboka er ei akademisk bragd. Men eg har aldri sett leksikografane slå seg på brystet eller fiska etter lovord. Dei høyrer til ei gruppe forskarar som arbeider for eit høgare mål enn personleg framgang og ære. Då det tolvte og siste bandet kom ut og hovudredaktørane vart intervjua i ymse medium, nytta dei timane i rampeljoset til å lyfta fram kollegaene og forgjengarane sine og alle hjelparane kringom i landet. Me kan trygt slå fast at Norsk Ordbok er eit kollektivt prosjekt, ei ordbok «av folket».

Ord og folk. Så var det påstanden om at Norsk Ordbok er «om folket». Sambandet mellom ord og folk er så flokete at me vel aldri maktar å greia det ut, men éin ting veit me: Orda klarar seg ikkje lenge utan oss. Nokre ord døyr når den siste brukaren døyr, nokre ord klamrar seg fast til ein skriftrull som kanskje vert funnen ein gong, andre ord sprett sutlaust mellom generasjonar og over landegrenser og kan halda det gåande i både hundreår og tusenår.

Men det at orda treng oss, tyder ikkje plent at me eig eller har dei. I så fall «har» me dei på same måte som me «har» ei laus og halvdressert bikkje, som brått kan få ferten av noko og stikka av garde på eigne eventyr. Virginia Woolf har i eit essay sagt det slik: «Av alle ting er ord de frieste og mest uregjerlige og ansvarsløse, de er helt umulige å undervise i. Man kan naturligvis fange dem og sortere dem og ordne dem alfabetisk i ordbøker. Men ord lever ikke i ordbøker, de lever i vårt sinn.»[5]

Utsegna er ikkje meint som eit argument mot ordbøker. Tvert imot opnar essayet med at Woolf slår opp i ordboka («som vi alltid tyr til når vi er i tvil») og spinn vidare på opplysningane ho finn der. Dimed stadfester ho at folk som er gode til å skriva, ofte brukar ordbok jamt: Dei veit at dei aldri vert utlærte. Woolf har elles rett i at ord lever i sinnet. Eit ord kan overleva ved å stå i ei ordbok, men det vert ikkje sprell levande før nokon tek det i bruk att, og sjølv ikkje ei deskriptiv ordbok kan «fanga» det røynlege språket. Haken ved at ord lever i sinnet, er at eit sinn ikkje lever særleg lenge. Det kan ordbøkene så smått bøta på: Til liks med annan litteratur gjev dei oss ei aning om kva som gjekk føre seg inni og mellom folk før oss. Lat oss ta ordet kyrkje som døme.

Loppa er kyrkjebær. Moderne kyrkjegang kan ikkje måla seg med ferdsla i gamledagar, då folk laut leggja bort arbeidet og ta fram finstasen og fara til kyrkjes på sundagar og heilagdagar. Men korleis skulle du stasa deg opp dersom du sat trongt i det eller hadde ein lang og strevsam veg til kyrkja? Det kan me finna ut ved å spørja gamle folk eller leita i bøker som er truande til å nemna slikt, men me kan òg slå opp i Norsk Ordbok, som alt har samla mykje av dette stoffet for oss.

I mange norske talemål finst det eigne adjektiv med tydinga «høveleg til å ha i kyrkja», til dømes kyrkjebær, kyrkjeberande, kyrkjegangande og kyrkjeskamlaust (ingen av dei står i Bokmålsordboka eller Nynorskordboka). Norsk Ordbok gjev oss døme på korleis orda vert nytta, og kvar dei er registrerte. Frå Voss og Nordfjord kjenner me seiemåten «hestehår(a) er kyrkjebære», altså at det er greitt å gå i kyrkja med hestehår på kleda. Til og med loppa er kyrkjebær, fortel ordboka.

'Kyrkjeknirk' har òg vore nytta om ein innleggssole eller lapp som folk la i skorne så dei skulle låta som nye.

Om sundagsantrekket ikkje var nytt og staseleg, visste folk korleis dei skulle piffa det opp. Orda kyrkjeknirk, kyrkjegniks og kyrkjerikt tyder «knirk i nye kyrkjeskor (finskor)», men kyrkjeknirk har òg vore nytta om ein innleggssole eller lapp som folk la i skorne så dei skulle låta som nye. Men det var ikkje berre skor og klede som skulle vera fine: Somme hadde kyrkjeslede («fin slede til kyrkjeferd»), andre hadde kyrkjeski («fin ski til kyrkjeferd»). I kyrkjestallen kunne folk ha hestane sine medan dei var i kyrkja, og på kyrkjeloftet – loftet over kyrkjestallen – kunne langvegsfarande ta inn og skifta klede.

Om me slår opp sjølvaste kyrkje, finn me eit rikt utval målføresitat og litterære sitat. Redaktøren av artikkelen, Gunhild Aamodt, har plukka ut døme som syner mengda av og spennet mellom ulike bruksmåtar. I den høgtidsame enden av skalaen finn me eit utdrag frå ei bok av Kristofer Janson («der låg kyrkja, høg og vyrdnadsfull med spiren sin uppe i det blåe»), i den meir grovkorna enden har me eit døme på korleis husmenn har karakterisert storfolk: «ættest i båta – fremst i kyrkjon – å inst i helvetta.»

Me finn òg skjemtande vendingar som tek utgangspunkt i at folk ikkje skulle arbeida på helgedagar. Om du i Meldal sit uverksam med hendene i fanget, er det ikkje usannsynleg at nokon spør deg: «Har 'u verre åt kjerkoinn?» Ja, det gjeld å arbeida mykje og skikkeleg, i alle fall på yrkedagane, og om du ikkje gjer det, er ikkje folk i beit for skjellsord og utnamn. Norsk har eit rikt og velutvikla omgrepsapparat for fenomenet «person som arbeider dårleg, seint o.l.», alt frå treneve, klatresmed, trælbukk og slarvedall til klure, kløne, lark og slark og slaur. Norsk Ordbok er i høg grad ei bok «om folket».

Brukarrettleiing. Ei grovteljing viser at over 350 oppslagsord i Norsk Ordbok inneheld lekken «kyrkje». Til samanlikning har eittbandsverket Nynorskordboka litt over 100 slike ord. Men Norsk Ordbok har ikkje berre fleire ord: Ho har som oftast utførlegare (og betre) artiklar med fleire tydingar, fleire synonym, fleire bruksdøme og dessutan opplysningar om eldre skrivemåtar, talemålsformer og så bortetter – med kjeldetilvisingar attåt. Det er kort og godt ei heilt anna ordbok, som prøver å visa det norske språket slik det faktisk vert bruka. Korleis finn me fram i informasjonsfloda hennar?

Me rådfører oss med brukarrettleiinga. Til papirutgåva finst det nokre (litt) gamle rettleiingshefte, men eit nytt hefte skal vera ferdig til jol, utarbeidd av Lars S. Vikør. I rettleiinga får me mellom anna vita korleis ordboka og ordartiklane er oppbygde, men det viktigaste er listene som viser kva alle forkortingane eller kodane tyder, slik at me kan finna ut kvar opplysningane og sitata i ordboka kjem frå. Til nettordboka finst det ei eiga rettleiing (på no2014.uio.no er «Rettleiing» lett synleg øvst på sida).

Det er mogleg å bruka ordboka utan å lesa brukarrettleiinga, men eg tilrår sterkt at du kikar på henne, særleg om du skal bruka nettordboka, der du sjølv må klikka på nokre ikon for å få fram opplysningar om til dømes dialektformer. Nettstaden er elles ikkje heilt ferdig enno. Når brukarrettleiinga seier at «her» kan du finna ei liste over alle kjeldene til ordboka, og du trykkjer på «her», kjem du til ei side der det står at det skal koma ei slik liste. Men fortvil ikkje! Det er likevel lett å finna ut kvar eit sitat er henta frå. Dersom du vart nyfiken på remsa «ættest i båta – fremst i kyrkjon – å inst i helvetta», kan du halda musepeikaren over den litt kryptiske kjeldesignaturen RoganDGS 57: Då får du vita at sitatet er frå boka Det gamle skysstellet av Bjarne Rogan, utgjeven i Oslo av Samlaget i 1986. Talet 57 er sidetalet. Så kan du til dømes gå inn på bokhylla.no, finna boka, bla fram til side 57 og sjå kva samanheng formuleringa vart nytta i.

Frå i til åværigLytet ved nettutgåva er at du berre kan slå opp ord frå i og utover. Dei eldste delane av ordboka er korkje digitaliserte eller oppdaterte. Om du sit med band 1 og slår opp det særs vanlege ordet bil, vert du beden om å sjå artikkelen om det mosegrodde ordet automobil. Dømet stadfester at ordbøker over levande språk er ferskvare.

Norske rettskrivingsnormalar er kanskje ikkje ferskvare i like høg grad, men nynorsken ser annleis ut i dag enn då arbeidet med Norsk Ordbok tok til. Av omsyn til samanhengen i verket fylgjer heile ordboka 1938-rettskrivinga. Det tyder at du må ha tolmod til å prøva fleire skrivemåtar om du ikkje får treff i nettordboka med éin gong. Du finn ikkje noko om du slår opp særskilt og velkommen, du lyt skriva serskild og velkomen i søkjefeltet. Merk òg at verba har a-infinitiv som oppslagsform. Ei nettordbok har elles den føremonen at me kan gjera såkalla trunkerte søk: Ved å skriva %kyrkje i søkjefeltet får me opp alle orda som sluttar på -kyrkje. Det hadde teke mange dagar å leita opp desse orda manuelt i papirutgåva.

Folk som berre brukar ordbok til å sjekka kva som er rett skrivemåte, greier seg lenge med normative verk som Nynorskordboka og Bokmålsordboka. (Hugs berre at dei ikkje er fullstendige samlingar over tillatne ord: Du kan skriva ustrukturert på nynorsk jamvel om ordet ikkje står i Nynorskordboka.) Dei av oss som òg brukar ordbøker til andre ting, vil ha stor nytte og glede av å verta kjende med Norsk Ordbok. Eg slår opp i henne mesta kvar dag. Stundom brukar eg henne til å finna det rette ordet eller ordlaget når eg sit og skriv. Stundom vil eg finna ut om dialektorda «mine» finst andre stader i landet (det gjer dei som regel), og korleis dei vert uttala der. Stundom sit eg og slår opp på måfå fordi det rett og slett er gøy. Det hender jamvel at eg brukar ordboka som rådgjevande normeringsinstans når eg skal skriva ord som ikkje står i rettskrivingsordbøkene.

Norsk Ordbok er ikkje fullkomen, noko leksikografane er dei fyrste til å vedgå. Leiv Inge Aa har til dømes skrive ein artikkel der han peikar på veikskapar ved sin eigen ordboksartikkel om .[6] Men ho er svært god. I Norsk Ordbok finn eg ord og kunnskap eg ikkje finn andre stader – i alle fall ikkje samla og så lett tilgjengeleg.

Kristin Fridtun (28) er filolog og forfatter.


[1] O.H. Hauge. 2011. Dagbok 1924–1994 i utval: 80. Redigert av Sverre Tusvik. Oslo

[2] Sidan eg brukar namnet Norsk Ordbok om både ordboksprosjektet og nettstaden i tillegg til bokverket, har eg valt å ikkje setja det i kursiv. Setlane finn du ved å gå inn på no2014.uio.no, trykkja på Grunnlagsmateriale og så Setelarkivet. Om du skriv Hauge, Olav H. i søkjefeltet Registrant, får du opp setlane hans.

[3] L.S. Vikør. 2016. «Språkdokumentasjon og språkforsking. To sider av same sak, eller to saker?» I: H.U. Karlsen, L.S. Vikør og Å. Wetås (red.). Livet er æve, og evig er ordet. Festskrift til Norsk Ordbok 1930–2016: 126. Oslo

[4] Ibid.: 111

[5] V. Woolf. 2002. «Fagkyndighet» (originaltittel «Craftsmanship»). I: Indiskresjoner og andre essay: 259. Omsett av Merete Alfsen. Oslo

[6] L.I. Aa. 2015. «Mangfald og einskap med preposisjonar – og vitskaplege krav til moderne ordbøker». I: J.R. Hagland og Å. Wetås (red.). Ivar Aasen ute og heime – om moderne språkdokumentasjon etter Ivar Aasen. Skrifter ½015. Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Mer fra Portal