12:44 - 12. september 2016

Handlangarane

RØYST: Den norske staten er eit tannhjul i Plyndringsmaskina.

Et oljedrillskip, på oppdrag fra oljeselskapet BP, på vei til Angola i 2012. Foto: CellsDeDells / Wikimedia commons

Røyst er eit uavhengig tverrfagleg tidsskrift som skal vere ei plattform for diskusjon og nyvinning på tvers av partilinjer på venstresida. Tidsskriftet er basert i Bergen og ynskjer å styrke politisk initiativ på Vestlandet, med nasjonalt og internasjonalt utsyn.

Fagbevegelsen i det 21. århundre
Behovet for fornyelse i fagbevegelsen er det som begynner å bli prekært, skriver David Jordhus-Lier i sitt svar til Jonas Bals “Platt om prekariatet”.

Denne artikkelen er hentet fra en av samarbeidspartnerne i Morgenbladets tidsskriftportal. Se mer fra norske tidsskrift i PORTALEN

Denne teksten, som først sto på trykk i tidsskriftet Røyst, er publisert i Morgenbladets tidsskriftportal. Her viser vi frem det beste fra norske tidsskrifter. 

I eit parallelt univers er Noreg eit diktatur som Erna Solberg styrer med oljesmurt jarnhand:

Det svarte gullet er under fullstendig kontroll av eit statsapparat som er skreddarsydd for å suge ut oljepengar som berre kjem ein knøttliten elite til gode. Ei rekkje verksemder – eigd av den rike, demokratiske og velstyrte oljestaten Angola – investerer i norsk petroleum. Dei gir Erna tilgang til teknologien ho treng for å suge oljen opp, og betaler inn milliardar på kontoar som er unntatt kontroll og innsikt frå papirparlament og embetsverk.

Slik tyner Erna landet for mest mogeleg pengar til seg og sine. Lovleg og fint, vinn-vinn for alle partar. Berre ikkje for det norske folket.

Blodolje. Kva for rolle speler norske statsverksemder i diktatur med store ressursførekomstar? Statsverksemdene våre har dei siste tjue åra sett i verk ambisiøse utlandsstrategiar, i ei tid der marknadar i dei fleste land allereie har vore metta på investeringar. Difor har dei gjennomført tunge satsingar i land med perifer status i verdsøkonomien. Som fellesnemnar har desse landa svært korrupte statsapparat.

I 2015 og 2016 har statseigde selskap vore involverte i alvorlige korrupsjonssakar på rekkje og rad: Hydro for lugubre handelspraksisar med det korrupte regimet i Tadsjikistan, Telenor i Vimpelcom-saka, Yara har blitt tatt for fleire tilfelle av grov korrupsjon, og Aker Kværner for sitt partnarskap med «bestikkelsesfabrikken» Unaoil i Aserbajdsjan. Etter denne krutsalva har debatten om staten sin rolle i å sikre etisk drift i eigne verksemder blussa opp.

Sjå nærare på datamaskina du les på. Uavhengig av format involverer produksjonen truleg olje, mineral eller metall frå land der styresmaktene stel ressursar frå ein undertrykt folkesetnad. I boka Blood Oil gir filosofen Leif Wenar oss eit rammeverk for å forstå vårt eige engasjement i slike ressursdiktatur. Han skildrar ein internasjonal handelspolitikk som nyttar «jungelloven» som juridisk og moralsk rettesnor. Ute på den globale marknaden gjeld ofte den sterkaste sin rett.

Olja kan til dømes stamme frå Ekvatorial Guinea som sidan 1979 har vore styrt av milliardæren Teodoro Obiang, og som Noreg i fjor importerte olje for ein halv milliard frå.[1] Under guineansk lov er presidenten den rettmessige eigaren av oljen, som vert forvalta som rein familieeigendom. Saudi-Arabia er eit anna døme, der ein velståande kongefamilie legitimerer sin eigarskap over verda sine største oljeførekomstar med referansar til den heilage koranen.

Første artikkel i Den internasjonale konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar og konvensjonen om sivile og politiske rettar slår fast at alle folk har rett til å «fritt råde over sine naturrikdommar og førekomstar…. Ikkje i nokon tilfelle må eit folk bli frårøva sitt eige eksistensgrunnlag.» Men det internasjonale handelssystemet gir framleis lisens til å handle med dei som stel ressursar med militærmakt. Olje eksportert til Noreg eller USA, vert lovleg eigd her. Slik bidreg våre lover til væpna ran.

Wenar ynskjer ein ny handelspolitikk som bannlyser kjøp av stolne varer. Han dreg fram Noreg som kandidatland som kan setje standarden internasjonalt. Med det ser han vekk frå den norske nærings- og eigarskapspolitikken, som bidreg til å halde oljediktatura i drift.

Statoil i Angola. Det er berre innbyggjarane i eit land som kan legitimere forvalting av oljepengar. Men for å vere i stand til å gi slik godkjenning trengs det grunnleggjande politiske rettar som rett til informasjon, usemje og offentleg meiningsbryting. Desse prinsippa om demokrati og menneskerettar harmonerer godt med uttalte målsetnader i norsk utanriks- og eigarskapspolitikk. [2] Men korleis er røynda på bakken?

Det siste året har norsk offentlegheit fått opp auga for symbiosen mellom norske næringsinteresser og regimet i Angola. Den tidligare portugisiske kolonien nyt oljeinntekter i same klasse som oss. Men der pengane frå olja her heime har vorte fordelt for å betre kåra til folk flest, vert inntektene i Angola kontrollert av ein liten elite, gjerne kalla «Dei 200 familiane». Korrupsjonen er legendarisk: Til trass for at kvart sjette born døyr før fylte fem vert mykje av helsebudsjettet nytta på å finansiere rikingar sine helsereiser til utlandet. Sjølv om folk flest lever under fattigdomsgrensa, er hovudstaden Luanda den dyraste byen i verda. Presidenten har vore ved makta i 36 år, og dottera hans er den rikaste kvinna i Afrika.

I 2011 var Det internasjonale pengefondet på jakt etter ein fjerdedel av den angolanske økonomien, som var fordufta frå nasjonalrekneskapen.

I januar 2016 kravde ein samrøystes Kontroll- og konstitusjonskomite svar frå oljeministeren om kvar Statoil sine pengeoverføringar til ei rekkje lysskye institusjonar har blitt av. Statoil måtte hoste opp detaljar som mellom anna synte at selskapet har betalt eit par hundre millionar til obskure sosiale fond og over ein halv milliard kroner til eit lokalt forskingssenter som er administrert av det angolanske statsoljeselskapet Sonangol. Det bør med andre ord vere eit skikkeleg fint og prangande senter. Problemet er berre at det ikkje eksisterer, noko journalist Maren Sæbø slo alarm om allereie våren 2013.[3] Statoil betalte siste avdrag nesten tre år seinare.

I svara til Kontroll- og konstitusjonskomiteen presiserte Tord Lien og Statoil at overføringane ikkje bryt med relevante lovverk. Det er det derimot aldri nokon som har trudd. Angolansk lovverk er konstruert for å leggje til rette for at ein liten krins kan stele mest mogeleg oljepengar.

I 2011 var Det internasjonale pengefondet på jakt etter ein fjerdedel av den angolanske økonomien, som var fordufta frå nasjonalrekneskapen. Pengane var administrert av det statlege oljeselskapet Sonangol – mjølkekua til eliten. Verksemda spelar rolla som regulator, konsesjonstilbydar og skatteinnkrevjar. Det er som om Statoil skulle vore oljeselskap, departement og direktorat på ei og same tid. Den angolanske eliten nyttar mellom anna betalingar til stråselskap underlagt Sonangol som instrument for å plyndre oljeinntekter. Det er fordekte formar for bestikkelse, og ikkje Statoil sine rutinar for å handsame trulause tenestemenn, som gjev opphav til uro.

Forskarar ved Chr. Michelsens Institutt meiner at dei sosiale fonda Statoil bidreg til i realiteten sikrar eliten lommepengar. Fonda er gjerne karakterisert av mistenkjeleg liten samfunnsaktivitet samanlikna med storleiken,[4] og av at verken norske eller angolanske innbyggjarar har høve til innsyn.[5] Alle piler har lenge peika mot at avdraga går inn i korrupsjonsbol. Men statsverksemda Statoil sa klart frå seg retten til innsyn i prosjektet allereie ved kontraktsignering.

Angola-skandalen fortel altså ein ting eller to om juridiske grenser mellom lovleg og ulovleg korrupsjon. Reine former for bestikkelse i utlandet har blitt risikable etter at Noreg på 90-talet implementerte eit truverdig korrupsjonslovverk. Men Angola-pengane syner at reglane stadig har store hol. Appetitten på tiltak med truverd er dårleg i land der norske forretningsinteresser er sterke.                              

Skandalen kastar også lys over at det stadig finst lovlege metodar for å smørje eit korrupt politisk maskineri med oljepengar, sjølv når det er openbert at pengane ikkje går dit dei skal. Den konkrete skaden er bidrag til å oppretthalde eit styresett som er knytt saman med systematisk tjuveri, svolt, smerte, låg levealder, fattigdom og stagnasjon for det store fleirtalet. Norske myndigheiter lèt, på vegne av meg og deg, ikkje bidrag til slik korrupsjon stå i vegen for ekstra myntar i kista.

Når vi er i Luanda. Ifølgje korrupsjonsforskar Tina Søreide, er det langt igjen før Noreg har eit apparat som kan avdekke og førebyggje korrupsjon i næringslivet. Heller enn å klappe oss sjølv på skuldra, treng vi betre lovverk og kontrollsystem.

Vi treng eit regelverk som gjev fullt innsyn i norske investorar sine utbetalingar, slik nordmenn og borgarar i oljediktatur har krav på. Oljeselskapa vil truleg parere med at angolanske myndigheiter vil skvise ut selskap som gir ut for mykje finansiell informasjon. Denne orsakinga har gått langt ut på dato.

Transparens er likevel ikkje nok: Vi må innføre reglar som set ned foten for openberre bidrag til korrupsjon. Som del av ei større marknadsdreiing, har staten dei siste par tiåra satt seg sjølv på sidelina i eigarskapspolitikken. I denne tida festa også trua på uforstyrra marknadsstyring grepet om norske statsverksemder. Etter korrupsjonsskandalane det siste året har ei rekkje politiske parti endelig har engasjert seg for å drøfte korrupsjonsmomenta i eigarskapspolitikken.[6]  I april uttalte leiaren av Stortinget sin Kontroll- og konstitusjonskomité, Martin Kolberg frå Ap: «Det er blitt etablert en mistanke i hele Kontroll- og konstitusjonskomiteen som går ut på at ledelsen i selskapene snur seg vekk. Det går så lenge det går». I eit intervju etterlyste Kolberg ansvarleggjering av leiinga og styra i statsverksemder og vil at statsrådane skal nytta makt gjennom selskapa sine generalforsamlingar.[7] Er det ikkje mogeleg å operere i land og bransjar utan å bli involvert i korrupsjon, så foreslår Kolberg å trekkje seg ut.

Er det ikkje mogeleg å gjere forretningar i eit land utan at vi bidreg til brot på menneskerettar, må vi trekkje oss ut.

Utover ei meir aktiv oppfølging av utlandsinvesteringane kan norske styresmakter auke dei generelle rapporteringskrava for selskap, og jobbe for å halde korrupsjon høgt på agendaen i internasjonale organisasjonar. Vi må også styrke Økokrim. I fråvær av tilstrekkelege budsjett vert saker med mistanke om korrupsjon i utlandet ofte ikkje etterforska, inkludert saker som gjeld norske statsselskap. Den blåblå regjeringa har kutta i stramme budsjett, trass i ei rekkje domfellingar i korrupsjonssaker, og vurderer jamvel å løyse opp Økokrim.[8]  

Ein slik politikk vil ikkje skade Noreg eller koste skjorta: Dei fleste oljeproduserande land har i det minste delvis politisk fridom. Statoil vil framleis finne marknader å investere i. Vi bør ta Kolberg på ordet: Er det ikkje mogeleg å gjere forretningar i eit land utan at vi bidreg til brot på menneskerettar, må vi trekkje oss ut.

Olje og vatn. Den moderne suksessen Noreg er bygd på prinsipp om folkestyre over naturresursar. I utlandet er den norske staten også kjend for bistandsprogram som freistar å fremje betre forvalting av oljepengar i fattige land, slik at dei kjem innbyggjarane til gode.

Forteljinga om Noreg i den fattige delen av verda er likevel ikkje primært ei soge om usjølvisk bistand, men også om ein profittsøkjande medlaupar til tjuveri. Eit tannhjul i det grensekryssande systemet som journalisten Tom Burgis kallar for «Plyndringsmaskina»[9] –nettverket av diktatur og fleirnasjonale selskap som samarbeider om å stele naturressursar. Det gjer meg og deg til ein aktiv part i valdeleg skiping av samfunn som er ein polar motsetnad av det vi ynskjer for oss sjølve.

Ingen ærleg olje-, nærings- eller utanriksminister kan seie at betaling til korrupsjonsbol er bra for demokrati, utvikling eller menneskerettar. Politikken er berre motivert av økonomisk vinst, og går rakt på tvers av Stortinget sine rettesnorer.[10]

Ved å etterleve eigen retorikk kan vi snu det på hovudet. Leif Wenar peikar på at prinsippa om folkeleg suverenitet over ressursar er ein standard for alle. Det motsette er ikkje idealet til nokon.

Kilder: 

 

[1] Klassekampen, 20. mai 2016.

[2] Utenriksdepartementet (2014) «Muligheter for alle - menneskerettighetene som maal og middel i norsk utenriks- og utviklingspolitikk».

Nærings- og fiskeridepartementet (2013) «Et mangfoldig og verdiskapende eierskap».

[3] Maren Sæbø (2013) «Hvor er Statoil-milliardene? »

[4] Wiig, A. og Amundsen, I. (2008) «Social Funds in Angola – Channels, Amounts and Impact». Chr Michelsen Institutt.

[5] Sæbø, M. (2016) «Milliarder ikke mennesker». Dagsavisen, februar.

[6] Dagbladet, 10. mai 2016.

[7] Klassekampen, 8. april «Vil stramme grepet»

[8] Klassekampen 14. oktober 2015 «Økokrim i økonomisk krise»

[9] Burgis, T. (2015) «The Looting Machine: Warlords, Oligarchs, Corporations, Smugglers, and Theft, and Theft of Africa’s Wealth».

[10] Utenriksdepartementet (2014) «Muligheter for alle - menneskerettighetene som maal og middel i norsk utenriks- og utviklingspolitikk».

Nærings- og fiskeridepartementet (2013) «Et mangfoldig og verdiskapende eierskap».

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Vi har inntil 50 prosent rabatt for nye abonnenter. Bli abonnent
Annonse

Mer fra Portalen

ARGUMENTHva kan Euphoria fortelle oss om grunnleggende aspekter ved det å være menneske?

ARGUMENT: Kan en økonomisk teori fra 1870-tallet være løsningen?

I 2019 har det for noen blitt politisk korrekt å avvikle statusen til kunstnere med dokumentert eller antatt forkastelig livsførsel.

MONTAGES: Almodóvars parafraser av et liv: Smerte og ære.

TDNFDet er sosiale forskjeller i tilgangen til spesialisthelsetjenester i Norge.