Portal

Observatøren

SYN OG SEGN: Har fluger eit indre liv? Sannsynlegvis. Kan eit einskilt proton vere bevisst? Det er ikkje lenger utenkjeleg. Hjerneforskar Johan Frederik Storm forklarer teorien og eksperimenta som kan endre verdsbiletet vårt.

Denne teksten, som origianlt sto på trykk i Syn og segn, kan du nå lese i Morgenbladets tidsskriftportal, hvor vi samler det beste fra norske tidsskrifter. 

Galileo oppgraderte teleskopet og utforska det store, mørke rommet. Jorda mista sentrumsplassen i universet. Gamle tankekart smuldra opp. Sidan blei det stadig enklare å studere verda omkring oss. Plukke ho frå kvarandre, måle, rekne, leggje brikkene på plass.

Men det indre rommet, det dei fleste av oss kjenner aller best? På mange vis er det eit paradoks at bevisstheita vår – sjølve scenen for kvar oppleving, kvar oppfatning og kvar påstand om verkelegheita – blei liggjande i mørket. For vitskapen, i alle fall. Utan bevisstheit har vi trass alt ingenting.

Aladdin gnikka på lampa, og ut spratt ei ånd. Er det mindre magisk at hjernen, denne grå klumpen som ikkje eig andre ingrediensar enn dei vi finn elles i naturen, gir opphav til bevisstheit? Betyr dette at hjernen overgår naturlovene? Kvifor har vi sansar og opplevingar når vi like gjerne kunne vore bevisstlause, biologiske robotar? Kva er eigentleg dette fenomenet som observerer og er oppmerksamt på sin eigen eksistens?

---

Omgrepsinnhald

Integrert informasjonsteori

Lansert av hjerneforskaren og psykiateren Giulio Tononi i 2004. Teorien tek mål av seg til å forklare kva bevisstheit er, kvifor og i kva grad bevisstheit oppstår i visse system, og kva slags opplevingar det er snakk om.

Den integrerte informasjonsteorien seier at bevisstheit er identisk med integrert informasjon i hjernen eller eit anna system, det vil seie informasjon som blir smelta saman til eit heile. Teorien, som har blitt systematisk utvikla det siste tiåret, opnar slik sett for at bevisstheit kan finnast fleire stader i naturen, ikkje berre i hjernen.

Eliminativ materialisme

Materialistisk posisjon innanfor bevisstheitsfilosofien, der påstanden er at den «folkelege», intuitive forståinga vi har av sinnet, er falsk – og at visse typar mentale tilstandar, som dei fleste trur på, ikkje eksisterer. Til dømes kan eliminative materialistar meine at fenomenet bevisstheit er ein illusjon.

Behaviorisme

Psykologisk retning som definerer psykologi som det vitskapelege studiet av åtferd hos dyr og menneske. Behaviorismen blei utvikla tidleg på 1900-talet, som ein reaksjon mot bevisstheitspsykologi i dåtida.

Materiell monisme

Monisme er eit filosofisk standpunkt som seier at alle prosessar og fenomen i verda kan bli tilbakeført til eitt grunnprinsipp. Materiell monisme: Alt er materie, og berre fysikalske eller materielle objekt og verknader av desse er reelle.

---

Problemet har for det meste blitt stua bort til filosofane. Paradokset er ikkje større enn at ein forstår kor vrient det er for naturvitskapen å studere noko som er så vanskeleg å definere, kvantifisere og objektivt observere som indre, subjektivt liv.

Men noko er i ferd med å skje. Noko radikalt, kan det vise seg. Vi zoomar inn i tid og rom, til år 2016 og eit unnseleg felleskontor ved Det medisinske fakultetet i Oslo, der hjerneforskar Johan Frederik Storm byr på Earl Grey og sukettar.

Før vi går laus på den nye og for tida leiande teorien, empirien, og dei temmeleg oppsiktsvekkjande konsekvensane, om teorien skulle halde stikk, må det nemnast at livsens gamle mysterium no er gjenstand for EU-midlar.

– Det er to år sidan EU starta flaggskipprosjektet der målet er å forstå menneskehjernen gjennom store data og utvikle IT-system om det ein etter kvart lærer. Vi kom med i oktober, etter hard konkurranse, og var dei fyrste som introduserte forsking på bevisstheit som eit eksplisitt mål. At dette ikkje var med tidlegare, seier mykje om statusen spørsmålet har hatt, seier Storm.

– Er årsaka berre mangel på metodar?

– Årsaka har fleire element. Det eine er at ein ikkje har sett korleis ein skal angripe spørsmålet. Det andre har vore ein ideologisk eller vitskapsteoretisk motstand som i stor grad stammar frå behaviorismens sigersgang i førre hundreåret. Det høyrest for så vidt ganske rimeleg ut, dette at introspeksjon, eller det å analysere og observere seg sjølv, som psykologien har halde på med i mange år, ikkje var heilt vitskapeleg. Ein person kan brette ut kva han opplever, men andre kan ikkje verifisere det. Med behaviorismen, derimot, der åtferd var det som skulle målast og forklarast, gjekk forsking på sinnet over til å bli ein målbar vitskap. Samstundes blei barnet så å seie kasta ut med badevatnet: Sjølve dei indre opplevingane forsvann fordi dei nettopp ikkje kunne målast objektivt.

Motreaksjonen kom, og behavioristane tapte meir eller mindre diskusjonen. Men kontrovers er det framleis, understrekar Storm.

– Enkelte har eit behavioristisk syn framleis. Nokre, som filosofen Daniel Dennett, kan vi definere som eliminative materialistar. Dei meiner at heile bevisstheitsproblemet kanskje er ein kognitiv illusjon som vi ikkje kan ta alvorleg. Dennett har etter mitt syn rett i at vi må vere på vakt mot illusjonar, og vi er på mange vis mindre bevisste enn vi ofte trur. Så sjølvsagt kan ein ha illusjonar innanfor bevisstheita. Men at det heile skulle vere ein illusjon, det får eg ikkje til å henge på greip.

Der ingen skulle tru. Kva no om det fanst ein sikker metode for å måle bevisstheit objektivt? Kva om vi kunne få svar der det før var umogleg: Har til dømes ein person i vegetativ tilstand indre opplevingar, og i kva grad? Nøyaktig kor bevisst er eit nyfødt barn? Kva om det gamle gapet mellom ånd og materie blei tetta? Og hald på hatten og brillene no: Kva om det viste seg at bevisstheit finst overalt i naturen, ikkje berre i hjernen?

Det er dette som har vore i emning sidan hjerneforskaren Giulio Tononi for nokre år sidan lanserte den integrerte informasjonsteorien om bevisstheit. Teorien har den siste tida blitt styrkt gjennom eksperiment – eksperiment Storm og staben hans no er med på å vidareutvikle.

Kort forklart seier teorien til Tononi at bevisstheit er identisk med integrert informasjon i hjernen, eller i alle andre system som er komplekse nok til å binde saman informasjon. Sjå for deg ei minnebrikke i eit kamera: Ho inneheld gjerne mykje informasjon, men er neppe bevisst, fordi systemet ikkje evnar å smelte bitane saman til eit heile.

Men noko er i ferd med å skje. Noko radikalt, kan det vise seg.

Du er på di side klar over at du sit med ein blad framfor deg og les. Faktum er at ulike delar av hjernen prosesserer denne hendinga separat. Éin del tek for seg farge og form på bokstavane, ein annan handsamar kontakten mellom papir og hender, ein tredje blir mata med informasjon om lydane omkring deg, og så vidare. Dette gir i seg sjølv ikkje bevisstheit, men takk vere hundre tusen milliardar kontaktpunkt mellom cellene og eit ufatteleg tal signalvegar kan hjernen veve saman alle fragmenta i ekstremt høg grad. Voilà: bevisstheit. Den rike, levande «filmen» du opplever, anten du er vaken eller drøymer.

– Er bevisstheit avhengig av sanseinput?

– Nei, og dette er eit viktig poeng. Openbert handsamar hjernen «vanleg» informasjon via sanseinput òg, men det essensielle her er informasjonen systemet har om seg sjølv, om si eiga fortid og framtid.

– Kva betyr dette, heilt konkret?

– Det betyr at du i prinsippet kan ha ein isolert hjerne som ligg der og tenkjer, utan å ha noka form for input eller output. For å seie litt meir om sjølve informasjonsomgrepet: Datamaskiner er bygd på eit informasjonsomgrep som fortel kor mykje informasjon som kan gå gjennom ein bestemt kanal. Då blir bits og bites, nullar og einarar og så vidare målt, men den informasjonen er meiningslaus i seg sjølv. Han gir berre meining fordi du har ein avsendar som veit kva informasjonen betyr, og ein mottakar som dekodar signala.

Problemet er at når ein skal forklare bevisstheit, så har ein ingen avsendar som skal sende melding, eller ein mottakar som skal tolke innhaldet. Systemet må både ha informasjonen og tolke han sjølv. Når vi drøymer, er det akkurat dette vi gjer. Hjernen stengjer verda ute og unngår input for å rydde opp i det han alt har. Output unngår han òg, for det kan vere farleg å handle når vi drøymer. Berre dette bryt med funksjonalismen, for her har vi altså korkje input eller output, og likevel opplevingar, fortel Storm.

For å måle graden av informasjonsintegrering i hjernen og andre system har Tononi adoptert dei matematiske prinsippa for dataoverføring. Målstorleiken, som han har valt å kalle Phi, fungerer som ein indeks for bevisstheit. Jo høgare Phi i eit system, jo meir bevisstheit. Kva slags system det er, spelar som sagt inga rolle. Pinnedyr eller trepinne, ein termostat eller nervesystemet til eit foster – så lenge kriteria for informasjon og integrering er oppfylt, vil det vere bevisst.

Den største innvendinga mot teorien er nettopp at han tilsynelatande fører til panpsykisme, denne gamle filosofiretninga som seier at alt eksisterande, organisk som uorganisk, har ei form for mentalitet. Det krev ikkje stor fantasi for å sjå at eit slikt konsept raskt kan sette seg i vrangstrupen hos vitskapsfolk med nøkternheita intakt. Enkelte har meint at dei logiske konsekvensane er såpass «far out» at teorien i seg sjølv må vere feil.

---

Johan Frederik Storm

fødd i 1951, bur i Oslo

lege, dr.med. og medisinsk forskar med hjernen og hjernesignal som spesialfelt

professor i fysiologi ved Institutt for medisinske basalfag ved Universitetet i Oslo (UiO)

underviser i nevrobiologi, biofysikk, høgare hjernefunksjonar og evolusjonsbiologi

studerte emne i matematikk, kjemi, logikk og filosofi i tillegg til medisin

står bak oppdaginga av fleire mekanismar i hjernen, og har saman med medarbeidarane sine innført nye metodar innanfor hjerneforsking i Noreg og Skandinavia

innførte i 2006 forelesingar om bevisstheit og bevisstheitsforstyrringar for legestudentar, og tok initiativet til eit tverrfakultært masterkurs i nevrobiologi ved UiO

leiar forskargruppa Hjernens Signaler ved UiO

styremedlem i Norwegian Neuroscience Society

leiar i Akademisk forum, engasjert i forskingsformidling og offentleg debatt om forsking

I slutten av 2015 blei ei samarbeidsgruppe leia av Storm tildelt eit stort forskingsprosjekt for å forske på bevisstheit, innanfor det prestisjetunge og EU-finansierte «The Human Brain Project». Storm og gruppa hans skal forske på det fysiske grunnlaget for bevisstheit, der målet er å forklare kva bevisstheit er, ved å sjå på informasjonsbehandlinga som skjer i nervesystemet.

---

– Til dette er det tre ting å seie: For det fyrste fører ikkje teorien til panpsykisme i gamal forstand. Det er ikkje slik at alt blir bevisst. Tvert imot viser teorien at du kan ha store system med mykje dataprosessering, der Phi er lik null. For det andre: Om vi må finne oss i at bevisstheit kan oppstå i system der vi før ikkje trudde det fanst, synest eg ikkje det er noko sterkt argument mot teorien, for intuisjonen vår er veldig svak på desse områda. Vitskapshistoria har vist at intuisjonen vår i det heile er svak når vi kjem utanom det vi treng for å overleve. Når det gjeld bevisstheit, har vi berre fyrstehandskjennskap til eitt system som har det: vårt eige. Vi veit veldig lite om andre moglege system.

For det tredje er det sjølvsagt ekstremt vanskeleg å utvikle ein haldbar teori om bevisstheit, og alle slike teoriar er enno veldig uferdige og usikre. Om livlause ting kan ha bevisstheit, er difor enno svært usikkert. Men vi må vedgå at vi ikkje har sterke grunnar til å avvise dette. Og den integrerte informasjonsteorien, som mykje tydar på er på rett veg, peikar altså mot at gradar av bevisstheit kan finnast også i livlause system.

– Om bevisstheit kan finnast der ingen skulle tru at nokon kunne bu, kva form for bevisstheit er det då snakk om? Kriteriet er openbert ikkje evna til å reflektere og til å reflektere over at ein reflekterer?

– Nei, det vi snakkar om her, er ganske enkelt evna til å oppleve noko subjektivt, sjølv noko ekstremt svakt og diffust. Evna til å reflektere og reflektere over at ein reflekterer, er spesielle typar opplevingar, det vil seie typar av bevisstheitsinnhald.

Nye tilstandar. I 2013 la Tononi og medarbeidarane hans fram resultata av eit banebrytande eksperiment, der dei stimulerte hjernen til eit utval personar med ein kraftig magnet, og målte endringane i elektriske hjernebølgjer. Eksperimentet baserte seg på ideen som er sentral i teorien til Tononi: For å undersøke innhaldet i integrert informasjon held det ikkje å berre observere systemet. Ein må forstyrre det og sjå kva som skjer.

Resultata viste at hjernebølgjene alltid var meir komplekse hos vakne, bevisste personar enn hos bevisstlause – uansett om desse var i djup søvn, narkose eller koma. Ved draum auka verdiane.

Dette vekte oppsikt. Fordi indeksverdiane for bevisste og bevisstlause personar ikkje overlappa kvarandre, hadde ein no ein metode som med sikkerheit kan registrere når personar utan ytre teikn til bevisstheit har indre opplevingar. For fyrste gong i verdshistoria kunne ein måle subjektive opplevingar objektivt.

At teorien har latt seg teste, med lovande resultat, har gjort sitt til at det eine tunge namnet etter det andre har hengt seg på, trass i at teorien er ung og har radikale implikasjonar. Sist ut er Max Tegmark, berømt matematikar og teoretisk fysikar, fortel Storm.

– Han har prøvd å generalisere teorien til å gjelde for kvantemekanikk for å sjå om det kan forklare nokre av paradoksa vi ser der, og kvifor vi opplever verda på den eine måten vi gjer, og ikkje på alle andre moglege måtar. Til dømes har vi ei oppfatning av tid og rom som følgjer klassisk mekanikk, men som ikkje stemmer med andre måtar å forstå dette på vitskapeleg.

– Vi greier mellom anna ikkje å førestille oss at noko kan opphalde seg på to plassar samstundes, slik det lar seg gjere på mikronivå?

– Mellom anna. Også tidsoppfatninga har fysikken store problem med. Kva er tid? Kanskje heng det saman med bevisstheitsfenomenet. Med andre ord kan det liggje svært djupe implikasjonar her, som kjem til syne når ein fyrst har fått tak i ein snipp, som då ein målte lyshastigheita og oppdaga at ho var konstant i alle retningar. Det var så irriterande, for alt anna stemte, men denne eine tingen stemte ikkje. Så viste det seg at ein måtte forandre heile omgrepet for tid, rom, samtid og så vidare.

– At det fysiske kan gi opphav til bevisstheit, bryt også med det vi hittil har visst om naturlovene?

– Ja, det er veldig uventa. No kan du jo seie at fenomenet liv òg er veldig uventa, om ein berre held seg til fysikk og ikkje tek med Darwin. Det var ingenting i fysikken som tilsa at det skulle oppstå levande ting. Tvert imot, termodynamikkens andre lov seier at all orden skal brytast ned. Å då finne system som er hyperordna, og som held fram med å vere hyperordna i milliardar av år, synest å stride mot fysikklovene. No har jo dette latt seg forklare på ein nokså lempeleg, konservativ måte. Enkelte håper at bevisstheit også lar seg forklare på ein liknande måte, bit for bit, utan for store sprang. Og det er framleis mogleg. Men eg trur kanskje at det vil vere behov for ein kombinasjon av både radikale og meir konvensjonelle element.

Å postulere heilt nye prinsipp i naturen må utvilsamt karakteriserast som eit stort sprang, men den integrerte informasjonsteorien opnar for ferske tankar.

– Tegmark spekulerer i om bevisstheit er ein ny tilstand til materien. Plasma, gass, væske og fast stoff kjenner vi, og så kjem det plutseleg ein femte tilstand: bevisstheit. Det er sjølvsagt ein radikal ting å foreslå. Tegmark blir rekna for å vere svært flink, men han er kontroversiell.

The Hard Problem. Stopp en hal, tenkjer du kanskje. Har ikkje fenomenet bevisstheit for lengst fått ei grei, konvensjonell forklaring? Er det ikkje berre snakk om ein haug med nevron som blir fyrt av her og der og skapar aktivitet – desse små stjerneskota vi har sett på bilete? Er det verkeleg nødvendig å gjere det meir komplisert?

– Den mest konkurrerande teorien, framsett av Stanislas Dehaene og Jean-Pierre Changeux, viser kvar i hjernen det skjer ting når vi er bevisste. Men teorien forklarer slik eg ser det, ikkje kvifor i all verda dette skal gi opplevingar. Teorien til Tononi seier at du ikkje treng all denne aktiviteten – svingingar mellom frontallappar og alt dette her. Du kan ha eit heilt anna system, ei datamaskin eller kva som helst. Så lenge du har oppfylt kriteria for integrert informasjon, vil du ha bevisstheit uansett. Teorien gir slik ei meir fundamental forklaring på kva bevisstheit er, seier Storm.

Eit av mysteria som blir løyst med den integrerte informasjonsteorien, er ifylgje Storm dette:

– Om det er slik at bevisstheit oppstår berre som følgje av hjerneaktivitet, kvifor blir ein bevisstlaus når hjerneaktiviteten er maksimal, slik tilfellet er under epileptiske anfall? Ut ifrå den enorme mengda aktivitet skulle ein jo då vere hyperbevisst, om vi følgjer logikken i visse teoriar. Situasjonen er at ein har elektriske stormar i hjernen, men veldig mykje av den same informasjonen blir kringkasta over heile systemet. Og når det er mykje av den same informasjonen over heile systemet, seier teorien til Tononi at informasjonstalet blir lågare, for aktiviteten er ikkje differensiert.

Svaret er altså ja: Forskarane har for lengst funne ut korleis dei mentale evnene våre oppstår frå hjerneprosessar, men dette blir rekna som eit av dei minste problema – «The Easy Problems», som David Chalmers, bevisstheitsfilosofiens nolevande superstar, kallar det. «The Hard Problem» er å forklare kvifor fenomenet bevisstheit i det heile finst, kvifor ikkje alt berre er rein mekanikk utan dette opplevingsaspektet. Chalmers og tilhengarar av den integrerte informasjonsteorien «løyser» dette ved å foreslå at bevisstheit er eit eige, grunnleggjande naturfenomen på linje med tid, rom og masse.

«The Hard Problem» er å forklare kvifor fenomenet bevisstheit i det heile finst, kvifor ikkje alt berre er rein mekanikk utan dette opplevingsaspektet.

– Den integrerte informasjonsteorien svarer på The Hard Problem fordi han har som føresetnad at bevisstheit eksisterer, og så lagar han postulat for kvar fenomenet eksisterer, og under kva forhold.

– Vitskapshistoria har, som du seier, vist at intuisjonen vår er temmeleg laber i mange spørsmål. Men byggjer ikkje den integrerte informasjonsteorien nettopp på intuisjon? Når han legg til grunn at bevisstheit finst på denne måten?

– Eg trur all tenking nødvendigvis må byggje på visse intuisjonar. Men det er stor forskjell på grunnleggjande intuisjonar som at «eg eksisterer», «eg opplever noko», og meir spesielle, usikre idear som «eg føler at maskiner ikkje kan bli bevisste». I fysikken har ein til dømes som grunnleggjande føresetnad at det finst tid og rom, at det finst elektriske ladningar, og så vidare. Når ein fyrst har godteke det, kan ein finne lover som kan relaterast til målingar og teste teorien, men det er ikkje noko uvitskapeleg ved det å starte ein plass. Det må ein som regel gjere.

– Er den integrerte informasjonsteorien ein materialistisk eller dualistisk teori?

– Teorien er vanskeleg å plassere eintydig og presist i skjemaet dualistisk versus materialistisk-monistisk. Slik eg ser det, ligg han nærare materialistisk monisme, fordi han seier at bevisstheit er identisk med målbare størrelsar og eigenskapar i materielle system. Ifølgje teorien kan ein i prinsippet nøyaktig berekne bevisstheitsinnhaldet i eit materielt system som ein hjerne eller ei datamaskin. Det er slik sett ingen mystisk, diffus substans i tillegg til det materielle. Likeins seier vi at Newtons gravitasjonsteori er materialistisk og ikkje dualistisk, sjølv om teorien postulerer at det ikkje berre finst handgripeleg materie, men også krefter og felt som har opphav i den handgripelege materien.

Ny abortdebatt? Der rauk den sjela. Eller ikkje? Ein blir brått usikker på kor romantisk ein bør betrakte denne kjensla av eit sterkt og udelt «eg» framover, no som ho er fanga inn av rein matematikk.

Det blir ikkje betre når Storm viser ein video av amerikanaren Joe, som har gjennomgått såkalla split brain-operasjon på grunn av alvorleg epilepsi, der kirurgen har kutta sambandet mellom høgre og venstre hjernehalvdel. «Eg kjenner meg heilt normal, merkar ingen forskjell», seier Joe. Når dei testar han nærare, viser det seg likevel at den eine hjernehalvdelen ikkje har peiling på kva som går føre seg i den andre. Joe har praktisk talt fått to bevisstheiter.

Og då har vi enno ikkje kome til svimmelheita som melder seg når ein tek seg sjølv i å fundere på om iPhonen som ligg i veska, har det bra, eller om det finst ei slags ånd i lampa borti hjørnet der after all. Best å dra det heile ned på jorda for ei stund.

– Kan eg framleis klaske fluger med godt samvit?

– Tja, sjølv ein knøttliten insekthjerne er nok eit langt meir komplekst system enn iPhonen. Om ein skulle finne grunn til å tru at det er små fnugg av bevisstheit også i livlause system som iPhone og liknande, vil det truleg liggje så nær null at det ikkje har stort å seie. På same måte som at vi seier at både ein galakse og eit elektron har masse, men det er ein så ufatteleg stor kvantitativ skilnad at det nesten kan verke villeiande å nytte same omgrep.

Når det gjeld levande vesen, kan det derimot hende at dei har atskilleg meir bevisstheit enn vi skulle tru. I dag veit vi at det er større likskap mellom ein flugehjerne og ein menneskehjerne enn vi tidlegare var klar over. Dei har til dømes søvn og vaken tilstand, og liknande bølgjer i hjernen som oss når dei hugsar. Men fordi systemet er veldig mykje mindre enn vårt, har det antakeleg langt lågare Phi-verdi.

– Kva med foster?

– Det er eit anna døme på kor feil ein kan ta utan ein god teori om bevisstheit. Då eg studerte medisin på 1970-tallet, lærte vi at vi kunne operere på nyfødde barn utan anestesi, fordi dei antakeleg berre hadde refleksar og ikkje følte smerte. Dette trur vi sjølvsagt ikkje lenger, men det illustrerer korleis manglande kunnskap på dette området kan ha store etiske og praktiske konsekvensar.

– Kan vi få ein situasjon der abortspørsmålet blussar opp med ny kraft?

– Det kan tenkjast, i alle fall med omsyn til seinabortar. På tidleg fosterstadium er det liten grunn til å forvente meir bevisstheit enn i eit frittgåande dyr som er avhengig av eit integrert system for å klare seg i verda.

Som professorar flest vil Storm vere forsiktig med å spå framtida, i alle fall den fjerne. Men han går med på å tøye tankane nokre hakk, og peikar på at sciencefictionscenario der robotane har blitt så intelligente at dei tek over jorda, bør sjåast i eit nytt lys. I den integrerte informasjonsteorien kan jo robotane bli bevisste, ikkje berre dataintelligente.

– Problemet er at høgt integrerte kretsar, dei med dei høgaste Phi-verdiane, er så intrikate at dei førebels er fullstendig uoverskodelege for intuisjonen vår, og difor vanskelege å designe. Men det går an å sette seg som mål å lage ein design som har høg Phi-verdi, som ein då forventar har ein grad av bevisstheit. Når vi trur at hjernen ikkje inneheld nokon mystisk ingrediens, og elles er bygd på kjente naturvitskapelege prinsipp, er det i teorien mogleg.

– Dersom det viser seg at maskiner kan bli bevisste, og menneske og maskiner slik sett blir likestilt, kan ikkje dette dehumanisere oss menneske?

– Eg trur at om vi forstår dette riktig, vil og bør det ikkje forandre synet vårt på oss sjølv. Vi er som vi er, det veit vi, det står fast. Men det kunne endre synet vårt på kva «maskiner», i vid forstand, kan vere. Vi hadde ein liknande situasjon då vi innsåg at vi er ein dyreart: Det forandra eigentleg i liten grad kva det vil seie å vere menneske.

– Kvar plasserer spørsmålet om fri vilje seg i den integrerte informasjonsteorien?

– Fri vilje blir jo brukt i ulike tydingar, men det vanlege omgrepet kunne vi like godt kalle bevisst vilje. Det vi set i samanheng med bevisstheit, er at vi vil noko, og så gjer vi det. Er det ei slags overtru at det er eg som vel å plukke opp denne pennen? Eller er det eigentleg berre ein myriade av årsaker på atom- og kvantenivå som driv handlinga? Og vi stakkars, uvitande krek må berre kalle det eit eller anna på eit nivå vi kan forstå?

Med den integrerte informasjonsteorien er det rettare å seie at eg, som eit heilt integrert system, er årsaka. Her har makronivået ei sterkare årsakskraft enn mikronivået, slik at det gir meining å seie at det er eg som er aktør. Så kan ein spørje i kva forstand det er fritt, og her kjem det sjølvsagt ein lang harang, så dette må utdjupast. Men eg meiner at teorien gir nokre poeng til dei som tek fri vilje og ein bevisst aktør alvorleg.

Vi og verkelegheita. Bevisstheit som ein fundamental eigenskap ved universet? Bevisstheit på dei raraste plassar? Den som treng romantikk, vil kanskje finne det i orda til hjerneforskaren Christof Koch, kollega av Tononi og ein gamal kjenning av Johan Frederik Storm: «The entire cosmos is suffused in sentience. We are surrounded and immersed in consciousness; it is in the air we breathe, the soil we thread on, the bacteria that colonize our intensities, and the brain that enables us to think.»

Skulle ein vere blant dei som dreg det for langt og tenkjer at Märthas engleskule kan ha noko for seg likevel, er Storm rask med å stramme taumane:

– Slik teorien står i dag, ser det ut til at ein ørliten snev av Phi kan oppstå i atom, molekylar og slike ting. Men då er det viktig å hugse at det er ein enorm kvantitativ skala her.

Det er ikkje lenge sidan vi tenkte at «aldri i verda om luft har masse, masse er berre slikt ein finn i merkbart tunge ting som blylodd, stein og vatn», for måten vi forstår ting på, er å samanlikne dei med ting vi kjenner. Og den einaste bevisstheita vi kjenner, er vår eiga, som er massiv. Om folk overfører denne forståinga av bevisstheit til mindre system, og byrjar håpe at dei kan gå forbi eit tre og kjenne gode vibrasjonar, så er det nok like fjernt som det alltid har vore.

– Kva trur du eit eventuelt endra verdsbilete vil gjere med måten vi ser verkelegheita på?

– Tja, verda har det med å gå vidare uansett. Sjølv etter den kvantemekaniske revolusjonen gjekk livet stort sett sin vande gang for dei fleste.

– Sett bort frå at vi fekk teknologi som endra samfunnet vårt radikalt?

– Det er riktig. Men kvardagslivet vårt, måten vi relaterer oss til verkelegheita, oss sjølv og kvarandre på, ligg så djupt nedfelt i menneskenaturen, kjenslene våre og intuisjonen vår at det trur eg vanskeleg lar seg rokke ved. Ta berre dette med fri vilje: Sjølv den hardaste determinist oppfører seg jo stort sett som om han har fri vilje. Det har få eller ingen konsekvensar for vala han tek. Så desse tinga trur eg heldigvis er relativt stabile.

– Finst det ting vi tidlegare har fnyst av, som no stiller seg i eit anna lys?

– Det spørst kven du snakkar med, og kven som har fnyst. Enkelte, som Dennett, er nok framleis skeptisk til det reint mentale, til introspeksjon og alt dette her. Dehaene og Changeux står for så vidt òg på den sida. Det er noko av grunnen til at dei ikkje prøver å forklare bevisstheitsfenomenet djupare. Har du forklart åtferd, er det ikkje særleg meir å snakke om. Slik tenkjer mange funksjonalistar.

Men dei som følgjer den integrerte informasjonsteorien, og det er etter kvart ganske mange, må ta det mentale alvorleg på ein heilt annan måte og seie at opplevingar er noko heilt reelt. Like reelt som lys og elektriske ladningar. Sjå for deg at du ligg på operasjonsbordet og lid. Når du vaknar, får du eit stoff som gjer at du ikkje hugsar. Spelar det noka rolle? Er opplevingane reelle når du ikkje kan rapportere om dei etterpå? Ein funksjonalist vil kanskje seie: «Nei, her er det ingen målbare konsekvensar.» Sjølv vil eg nødig lide på operasjonsbordet for så å få eit slikt stoff, for smerta i augneblinken er like verkeleg.

– Kan det å anerkjenne bevisstheit som eit faktisk fenomen opne for at vitskapen tek større høgde for det subjektive perspektivet?

– Her må ein halde tunga rett i munnen, for det er ikkje utan grunn at vitskapen stort sett har forkasta det subjektive som upåliteleg. Det har florert med magiske førestillingar gjennom tidene, basert på subjektive inntrykk, idear og gjettingar som har vist seg å ikkje halde stikk når ein ser nærare på det. Så ein skal vere særs skeptisk til subjektive vitnesbyrd frå den enkelte. Men det ligg ikkje nødvendigvis nokon motstrid i å anerkjenne bevisstheit som eit reelt fenomen, samstundes som innhaldet ofte må takast med ei klype salt.

– Om teorien held fram med å bli styrkt, kva trur du det vil bety for vitskapen generelt?

– Det står att å sjå. I utgangspunktet treng det ikkje ha så mykje å seie for vitskapen, med mindre ein finn heilt nye lovmessigheiter der dette inngår. Hugs at teorien så langt er basert på vanleg kausalitet, så det er ikkje slik at ein forventar at systemet oppfører seg annleis, og at ein no kan byrje å tru på ånder og slike ting. Det kan vere gunstig å presisere, for enkelte kan jo på eiga hand ta til å tenkje at no har det skifta heilt, no har det mentale overteke. Teorien er altså basert på det gjeldande vitskapelege verdsbiletet, men har i tillegg denne ideen om at informasjon kan medføre eit mentalt aspekt.

Likevel: Om teorien til Tononi held heilt til mål, om vi får ei heilt ny forståing av kva bevisstheit faktisk er, og om vi kan slå fast at fenomenet oppstår under visse forhold sjølv i små system, så vil dette vere like epokegjerande som ideane til Newton, Darwin og Einstein, meiner Storm.

– Det vil sjølvsagt vere veldig interessant for verdsbiletet vårt. Veldig, veldig interessant. Men vi har nok ein lang veg att før vi for alvor kan tru på det.

Universalnøkkelen. På veg ut frå kontoret passerer vi ein plakat. Ved fyrste blikk liknar det eit gamalt foto av Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band, for folka i forgrunnen er dressa i dei ikoniske bandkostyma.

Men der, oppe i venstre hjørne, står jammen Daniel Dennett. I bakre rekkje ruver Descartes, med Rupert Sheldrake hengande over skuldra. Det vrimlar av andlet – levande og døde, konservative og rebellar, dualistar og materialistar, brubyggjarar og sikkert også buddhistar.

Plakaten er eit jubileumsminne frå konferansen «Towards a Sience of Consciousness», som kvart år går av stabelen i Tucson, Arizona – der folk frå ulike disiplinar kjem saman for å diskutere det som har blitt kalla den største intellektuelle utfordringa i vår tid: å forstå bevisstheita. Bak stortromma står ein rufsete og glisande David Chalmers, flankert av vitskapsverdas odde par – matematikaren og den teoretiske fysikaren Sir Roger Penrose og anestesiologen Stuart Hameroff, som på død og liv skal ha det til at det finst liv etter døden.

Storm har diskutert med fleire av dei. Ikkje minst Chalmers, filosofen som aldri blir heilt nøgd, same kva teori som blir presentert. Han meiner framleis at gapet mellom bevisstheit og materie ikkje er fullt ut tetta, og er usikker på om naturvitskapen kjem til å greie oppgåva.

Om teorien til Tononi held heilt til mål, om vi får ei heilt ny forståing av kva bevisstheit faktisk er, og om vi kan slå fast at fenomenet oppstår under visse forhold sjølv i små system, så vil dette vere like epokegjerande som ideane til Newton, Darwin og Einstein, meiner Storm.

– Er det eigentleg realistisk å tru at vi nokon gong kjem heilt i mål? Det er trass alt hjernen vår som skal finne ut av denne gåta, og hjernen har vel sine avgrensingar?

– Eit gamalt ordtak seier at hjernen aldri kan forstå seg sjølv, for om han hadde vore så enkel at vi kunne forstå han, så hadde vi vore så enkle at vi ikkje hadde forstått han. Men dette trur eg spring ut frå ein litt naiv svart-kvitt-tankegang omkring det å forstå. Forståing er veldig gradert, du kan ha ei vag aning og skjøne hovudprinsipp utan at du forstår alt i detalj. Eg trur vi har ein lang veg å gå før vi har nådd grensa for kva vi forstår.

Denne gongen er teleskopet i alle fall retta innover. Etter lange tider med ignorering av observatøren er det no blitt eit logisk og godkjent perspektiv: Å forstå bevisstheita er nøkkelen til det indre så vel som det ytre rommet.

– Her er ein artig tanke, seier Storm før han lèt att døra.

– Før bevisstheita for alvor kom inn i universet, låg det der i halvmørket utan å vite om seg sjølv. Men sidan vi menneske er ein del av universet, kan vi vere universet sitt bevisstheitsorgan. Slik kan universet forstå seg sjølv gjennom oss. Vite om seg sjølv.

Mer fra Portal