Annonse
14:58 - 15. mai 2016

Små stader, store spørsmål

FOLKEMUSIKK: Den nye artikkelsamlinga til «drevjapols-professor» Ove Larsen har mykje stoff om nordnorsk folkemusikk. Redaktøren meiner boka har mykje av interesse for søringar òg.

Fiolinist og professor ved Høgskolen i Nesna, Ove Larsen. Foto: Ketil Born
Annonse

Folkemusikk er det einaste magasinet i Noreg som heilt er vigd til folkemusikk og folkedans. Vi formidlar nyhende frå dei norske folkemusikk- og folkedansmiljøa – frå lokallag til profesjonelle aktørar – melder nye utgivingar og debatterer aktuelle tema. 

Alt om min papa
Setesdølen Torleiv H. Bjørgum etterlét seg ein stor musikalsk arv. Alt skal no samlast i eit stort multimedialt verk, og første del blei nett sleppt.

Heime hos Larsens
Gjermund Larsen, spellemannprisvinnar i folkemusikk 2014, kjem frå ein musikalsk familie. Vi møtte dei alle på heimgarden i Verdal for ein musikkprat.

Denne artikkelen er hentet fra en av samarbeidspartnerne i Morgenbladets tidsskriftportal. Se mer fra norske tidsskrift i PORTALEN

Helgelendingen Ove Larsen er professor ved Nord Universitet i Nesna. Han har skrive både masteroppgåve og doktorgradsavhandling om den spesielle drevjapolsdansen frå Vefsn. I tillegg har han to CD-utgivingar med feleslåttar bak seg, den siste er frå 2009 med gruppa Dr. Larsen og heiter Blå resept.

No er Larsen ute med ei ny bok, der den nordnorske folkemusikken er mellom fenomena som blir lagt under lupa. Saman med «Doktor Hiphop» Paal Fagerheim er han redaktør for Musikk, folk og landskap, som tek for seg eit breitt utval av musikkpraksisar på Nordkalotten.

– Den første artikkelen din i boka heiter «Perspektiver på folkemusikk i nord». Kva kan vi lese i den?

– Eg går gjennom plater av Susanne Lundeng og felespelaren Siw Burman frå Lycksele i svensk Lappland, og har intervjua begge til artikkelen. Korleis set dei i scene det å vere «frå nord», det å representere periferien i land der dei sentrale institusjonane og definisjonsmakta ligg i sør?

Sentrum–periferi-problematikken står sentralt når temaet er Nordkalotten. Larsen fortel at samkvem og handel tradisjonelt har gått i aust–vest-retning på Nordkalotten. Sidan områda lenge har blitt styrt sørfrå, har kunnskapen om dette blitt tilslørt. Ein kjem ikkje utanom at kolonisering og kulturell og økonomisk undertrykking har vore mål med mykje av påverknaden sørfrå.

– Eg bruker dei to informantane Lundeng og Burman for å kaste lys over desse ideologiske og geografiske temaa. Lundeng hadde lite kontakt med sørnorske folkemusikkmiljø i oppveksten, meir kontakt med Nord-Sverige. Nyleg har ho flytt frå heimbyen Bodø til Oslo, der alle dei store kulturinstitusjonane ligg, og det er all grunn til å tru at ho vil få fleire oppdrag av det.

Folk flest i Noreg, ikkje minst i Nord-Noreg, opplever at folkemusikken er noko som høyrer Sør-Noreg til.

Ove Larsen

Larsen fortel at det var antropologen Andy Sortland ved Universitetet i Tromsø som sette han på sporet av ei visse som ligg i botnen for artikkelen: at mange i nord deler kjensla av at «det lokale ikkje er bra nok».

– Ein typisk kveld på NRK TV er sett saman av ein vennegjeng i Oslo 3, for å setje det på spissen. Dei har ingen vonde hensikter; det er historiske årsaker til at det er slik, og det er viktig å vere merksam på at det er slik.

Siste artikkel i boka, òg signert Larsen, heiter «Folkemusikk, pensum og landskap». Den kallar han ei «pensumsamling»:

– Kva har vi i Nord-Noreg – kva har folkemusikkinnsamlarar funne? Dette burde ein bruke lokalt i skuleverket og andre samanhengar, slik at dei oppveksande generasjonane får eit bilete av sin eigen kultur.

– Nord-Noreg er underrepresentert i den organiserte folkemusikken, til dømes på scenene på Landskappleiken. Er det berre geografisk avstand til «sentrum» som gjer det, eller finst det òg andre årsaker?

– Den klassiske «løysinga» folk i sør gir på dette problemet, er å arrangere fleire kappleikar i Nord-Noreg. Personleg synest eg kappleiksinstitusjonen er litt merkeleg, dette å stille seg opp og spele og få ein poengsum. Det er kanskje ikkje rarare enn mykje anna – men vi har altså ikkje nokon tradisjon for det i nord. Den nordnorske folkemusikken har nesten utan unntak vore bruksmusikk.

Dermed har folkemusikken blitt marginalisert, seier Larsen, gjennom at kystkulturen har det med å ta opp i seg det nye. Musikarane med det ferskaste repertoaret er dei mest populære. Larsen har òg inntrykk av at den jamne interessa for det gamle, dei lange slektsledda bakover og «det museale» ikkje er like sterk i nord som lenger sør.

Men unntaka finst. I arbeidet med CD-boksen 111 Nordlandsslåtter har Susanne Lundeng dokumentert slåttetradisjonar etter spelemann frå tilbake på 1700-talet, mellom anna i innlandsbygder på Helgeland. Lundeng vann Spellemannprisen i klassa folkemusikk/tradisjonsmusikk for denne utgivinga.

– Kor viktig er Spellemannprisen til Susanne Lundeng for anerkjenninga av den nordnorske folkemusikken?

– Folk flest i Noreg, ikkje minst i Nord-Noreg, opplever at folkemusikken er noko som høyrer Sør-Noreg til. Derfor vil eg seie at prisen til og merksemda kring Lundengs verk er viktig. Om ålmenta i Nord-Noreg har fått med seg prisen – eller i det heile at Lundeng-samlinga har kome ut, er eg meir usikker på – folkemusikken er jo perifer nok som han er. Men alle moner drar, all lita merksemd er bra!

I barndomen til Larsen var det som gjekk under namnet «folkemusikk», stort sett hardingfelemusikk, og det gjaldt òg på Rikskonsertane sine turnear i Nord-Noreg, hugsar han. Det at Lundeng og andre nordnorske folkemusikarar plutseleg er interessante «som del av kanon i folkemusikken», blir absolutt lagt merke til i miljøa i nord, fortel han.

– I boka finst det òg ein artikkel om folkrocken i nordområda; står han sterkare i nord enn i sør?

– Nei, eg vil ikkje seie at han er spesielt sterk. Artikkelen du nemner, «Folkrock som globalisert musikkultur lokalisert i nordområdene» av Tor Dybo, peiker på folkrocken som eksempel på globalisering: Musikkstilar kjem sigande nordover og blir gjort lokale her. Når den nordnorske visebølgja og folkrockgrupper som Boknakaran oppstod, var det ein kombinasjon av utbreiinga av rock’n’roll-musikken og det at det fanst lokale arkiv der ein kunne grave og finne noko som var typisk nordnorsk. Uttrykka deira representerte ein landsdel som stod opp mot EF, sentralisering og styring frå Oslo og Brussel. Men folkrocken blei òg homogenisert: Gruppa Norrlåtar frå Luleå var svært viktig både musikalsk og politisk; dei var ein stor inspirasjon mellom anna for Hedningarna, og ein kan vel seie at «alle høyrdest like ut» til slutt.

Larsen oppsummerer tematikken i artikkelsamlinga med frasen «små stader, store spørsmål». Han trur boka kan vere vel så relevant for sørnorske lesarar, sidan sentrum–periferi-problematikken er relevant også for Noregs plass i verda:

– Alf Arvidsson har ein interessant artikkel om reggaeband frå Västerbotten. Dei nordsvenske musikarane kler seg opp i skogsarbeidaruniform, og estetikken speglar lokalkultur og økonomiske tilhøve, medan dei speler musikk med karibisk opphav. Fleire artiklar har som utgangspunkt at uttrykka som kjem utanfrå og først kan opplevast som eit trugsmål, blir tekne opp lokalt og får fram det beste i lokalmiljøa der dei slår rot. Slik er det vel både i Bodø og i Fredrikstad?

 

Artikkelen er henta frå Folkemusikk nr. 2/2016, som er i sal på utvalde Narvesen-utsal frå 19. mai.

Artikkelsamlinga Musikk, folk og landskap er gitt ut på forlaget Orkana, og kan tingast på www.orkana.no. Her kan du òg lese eit utdrag frå boka.

 

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Mer fra Portalen

ARGUMENT: Når indignasjon fører til hets av menings-motstandere, har vi et problem.

OBJEKTIV: – But maybe bookshops aren’t thinking of new ways engage their audience.

ARGUMENT: Avicii skapte moderne festmusikk, men hva er et musikalsk geni?

MONTAGES: En planløs vandring gjennom filmen L’avventura.

ARGUMENT: Hvorfor er niqab uønsket i undervisningssituasjoner?