Portal

Arbeid pågår

PROSA: Hadde eg visst meir om essayet enn eg gjorde, hadde eg aldri trudd eg kunne klare å skrive eit essay sjølv, og heller ikkje orke det, skriv forfattar Marit Eikemo.

---

Prosa

Artikkelen er opprinnelig publisert i Prosa, en av samarbeidspartnerne i Morgenbladets tidsskriftportal. Se mer fra over 30 norske tidsskrifter i PORTALEN.

Prosa er et uavhengig, allmennkulturelt tidsskrift som redigeres etter redaktørplakaten. Utgiver er Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF), og et abonnement på Prosa er inkludert i medlemsavgiften. Prosas abonnenter utover NFFs medlemmer, er bibliotek, studenter, mediefolk og andre litteraturinteresserte.

---

Eg finn ikkje ro i noko rom eller ved noko bord i huset mitt. Frå kjøkkenet høyrer eg ei stemme som seier at «flyktninger strømmer til Europa». Eg går inn dit og skrur av radioen. Etterpå tenker eg: Kva slags menneske er eg som skrur av radioen? Eg drar skrivebordet bort til dei store vindauga i stua og ser ut på fuglane og det vesle glimtet av fjorden mellom dei høge trea i hagen. Det er eg som gjer alt dette, Marit Eikemo, mitt biografiske eg, og samtidig mitt essayistiske eg. Det er eg som ventar ei stund, som om eg trur at synet av hagen utanfor skal få noko til å skje med det tomme, kvite dokumentet på maskina framføre meg. Men ingenting skjer.

Eg går opp i andre etasje. Der har eg betre utsikt mot fjorden. Eg ser utover den blanke vassflata, og det minner meg om at eg har ei bok eg skal skrive. Sist eg var i svømmehallen, fekk eg auge på ei kvinne eg har kjent ein gong. Og straks kom eg på noko ho sa til meg den gongen for lenge sidan, i forbifarten, eit par setningar berre. Då eg såg henne igjen i svømmehallen, visste eg intuitivt at det ho hadde sagt, romma ein heil roman. Eg forstod ikkje det då ho sa det, men seinare, etter å ha vore lagra i meg – gløymt og så påkomme igjen – var det blitt romanstoff. Sidan har eg gått rundt med denne romanen i meg, og den tar større og større plass. Den har allereie begynt å plage meg, den gir meg ikkje fred. Eg tenker at eg burde heller skrive roman enn å skrive eit essay om å skrive essay. Og eg har ikkje før tenkt tanken, så snur eg meg instinktivt, endå eg veit at eg er åleine: Var det nokon som høyrde «skrive eit essay om å skrive essay»? Noko så jålete og sjølvbekreftande. Folk kan jo tru at eg går rundt med eit ønske, kanskje til og med ein draum, om å vere med i eit gjensidig dyrkande fellesskap av essayistar. Til dømes Dei beste norske essayistane. Eller Våre mest kresne essayistar. Eller, med litt lågare ambisjonar: Dei beste kvinnelege essayistane, og så vidare: Dei beste kvinnelege nynorskessayistane.

Eg kunne lite essayteori då eg skreiv mi første og einaste essaysamling, Samtidsruinar, i 2008

Pompøs og oppblåst. Nei. Eg går ned igjen i stua, til det kvite dokumentet på maskina, og tenker at eigentleg er eg ikkje interessert i essayet. For viss essayet er så kunnskapsrikt, så ope og så utforskande og overraskande – korleis kan det då ha seg at det ofte blir snakka om på ein pompøs og oppblåst måte? Som om essayet ikkje er for kven som helst. Vel, det er ikkje mi erfaring med sjangeren. Eg kunne lite essayteori då eg skreiv mi første og einaste essaysamling, Samtidsruinar, i 2008. Eg hugsa noko frå litteraturstudiet, men ingenting eg kunne gå ut i verda med og kalle meg essayist. Det skulle tatt seg ut. Men eg kunne skrive. Eg kunne lese og tenke, eg kunne sjå og føle, og eg kunne finne ut av ting. Kven er det som har interesse av å gjere essayet så eksklusivt?

Eg arbeider intuitivt, aldri systematisk, når eg skriv. Eg veit ikkje kor eg skal begynne, eller kvar eg skal. Det er ikkje noka retning på nokon ting, og veldig ofte kjenner eg sterk motstand mot å skrive, mot alt dette kaoset. Hadde eg visst meir om essayet enn eg gjorde, hadde eg aldri trudd eg kunne klare å skrive eit essay sjølv, og heller ikkje orke det. Det einaste som alltid har interessert meg nok til at eg orkar alt arbeidet med å skrive om det, er det verkelege livet. Livet, slik eg ser det: å vere eit menneske blant menneske. Om det kjem ut som essay eller roman, er underordna, men det finst likevel ein opplagd forskjell. Det er ikkje sant, som dei seier, at «det berre er fantasien som set grenser». Fantasien set ikkje grenser. Romanen har ingen ytre rammer for fiksjonen. Røynda, derimot, definerer grensene for sakprosaen. Men er det dermed heile sanninga?

Eg har aldri vore i eit område der vekst og forfall så tydeleg og eksplisitt er to sider av same sak som her, langs denne kysten

Eigedomsmeklarar. Eg har skrive eit essay om ein ruin ved saltsjøen i Torrevieja. På ei av mine mange reiser til Costa Blanca trefte eg ein norsk eigedomsmeklar, busett i området. Eg lufta interessene mine for henne, og ho høyrde etter. Eg var i utgangspunktet opptatt av alle desse skala, dei uferdige feriehusa, som blir til ruinar under oppføring. Dei finst overalt i dette området, på grunn av korrupsjon i byggebransjen, byggeløyve som aldri er blitt gitt, slike ting. Det er tusen grunnar til at arbeidet stoppar opp. Det kan sjå ut som byggeplassar, som om arbeid pågår, men veldig ofte er dei nettopp ruinar. Eg har aldri vore i eit område der vekst og forfall så tydeleg og eksplisitt er to sider av same sak som her, langs denne kysten, der så mange nordmenn har funne draumen sin dei siste førti åra. Dette interesserte meg, og dette ville eg finne meir ut av, og det førte meg til eigedomsmeklaren i Torrevieja.

Ho heitte Mona, og eg spurde om det var sant, det som dei seier i Norge, at nordmenn pressar bustadprisane så høgt opp i Spania at spanjolane sjølve ikkje har råd til å kjøpe seg hus. «Nordmenn presse opp prisane», fnyste ho: «Finst det ingen grenser for sjølvtilliten deira? Dei er kanskje viktige, men viktige er dei ikkje.» Mona kunne også fortelje om ein ruin som såg ut som ein bæsj. Eg likar å snakke med eigedomsmeklarar. Ikkje fordi dei er betre eller dårlegare enn andre folk, men fordi dei har si eiga orientering, sitt eige blikk på felles interesser: hus og bygg, stader, byar, marknad (les: menneske), kjøp og sal. Alt dette som eigedomsmeklarane er opptatt av, er eg også opptatt av. Det interesserer meg. Eg ville skrive om ein av Europas største byggeplassar, om konsekvensane av velferda vår, slik den kjem til uttrykk på Costa Blanca, der det alltid er minst sju heisekranar i

Ein ruin som ser ut som ein bæsj. Den vil eg sjå! Den vil eg inn i!

synsfeltet uansett kva for ei retning du snur deg i. Eg ville skrive, men eg visste ikkje kva eller korleis eg skulle skrive om det. I både sakprosa og skjønnlitteratur er skriving ein kritisk, undersøkande prosess. Og dette har eg lært gjennom dei skriveprosessane eg har hatt: alltid å vere open i prosessen, alltid å ha tillit til at det som er viktig, vil vise seg for meg når eg møter det: ein ruin som ser ut som ein bæsj. Den vil eg sjå! Den vil eg inn i!

Denne insisteringa. Før eg trefte Mona, hadde eg allereie dikta opp ein eigedomsmeklar, i debutromanen Mellom oss sagt (2006). Det har seinare vist seg, gjennom fleire av bøkene mine, at eg har ein slags litterær soft spot for eigedomsmeklaren som karakter. Sjølv om Mona i essayet, viss eg skal vere ærleg, er ein vel så god litterær karakter som dei eg har dikta opp. Men det var grenser for kva eg kunne gjere med Mona i teksten. I sakprosa skal det som står, kunne etterprøvast. Mona finst i verda, det går det an å finne ut av. Ho viste meg til saltsjøen, og den saltsjøen finst, og ho viste meg ruinen. Eg veit ikkje om ruinen finst lenger, men den er godt dokumentert. Arkitekten Toyo Ito og teikningane hans finst. Prosjektet heiter Parque de la Relajaciòn og er bare eit googlesøk unna. Samtalane mellom meg og Mona, derimot, er ikkje like enkle å etterprøve. Eg tviler på at ho hugsar kvart ord som blei sagt, og eg har for lengst rota bort notata. Og kva med dei observasjonane som bare eg gjorde då eg kraup inn i ruinen? Korleis kan dei la seg etterprøve?

Viss de ikkje trur på det eg seier, ja, så har essayet eit problem

Avtalen mellom meg og lesarane er at lesarane må ha tillit til det eg ser, og det eg skriv. Andre ville skrive heilt andre tekstar om den same ruinen, men det er nettopp dette som er det essayistiske, denne insisteringa: No er det eg som skriv, og då er det meg de må høyre på. Eg gir meg til kjenne for dykk, og då må de tru på meg. Mine observasjonar er kjelder på lik linje med andre kjelder, skriftlege og munnlege. Og viss de ikkje trur på det eg seier, ja, så har essayet eit problem.

Kamparenaer. Eg arbeider ganske likt når eg skriv skjønnlitteratur, og når eg skriv essay. Eg bruker essayistiske grep i romanen, og eg bruker litterære verkemiddel i essayet. Eg skriv essay nesten som forteljingar, men dei kan aldri bli fiksjon. Ein annan vesensforskjell er at eg-et i romanane mine ikkje er det same som det essayistiske eg-et, slik eg har forstått at det er hos til dømes Karl Ove Knausgård. Eg liker godt eg-forma, både i skjønnlitteratur og i essay. Eg liker at den kan skape identifikasjon og nærleik. Samtidig er eg opptatt av at denne nærleiken ikkje må bli for tett. Eg er ute etter spenning og tvil og ubehag i teksten. Derfor blir det skjønnlitterære eg-et heile tida korrigert og forma av omgivnadene, av dei andre karakterane i teksten. Dette er ikkje så ulikt måten eg arbeider på når eg sjølv er ein slags hovudkarakter i essayet: Eg vil sette meg sjølv på prøve. Det som møter meg på min veg, forteljingar, folk, bygg, skal utfordre mine eigne fordommar. Eg ønsker denne uroa i teksten: å skrive med sterk innleving og identifikasjon og samtidig så tvil om den same posisjonen. Tekstane skal vere kamparenaer der ulike fordommar, syn og tankar blir sette opp mot kvarandre.

– Toyo Ito. Sikkert veeeeldig flink. Veldig fin rottebæsj, sa Mona.

Eg såg ikkje det same som henne. Der Mona såg ein bæsj, såg eg ein forlaten utopi, ruinane av det som kunne blitt eit poetisk kunstverk, ein vakker visjon. Toyo Ito er ein verdskjend arkitekt, og dette skal vere noko av det vakraste han har teikna. Her i dette traurige området skulle dei kokongforma bygga kvile i sanddynene mot saltsjøen. Det kunne blitt eit løft og ein attraksjon for heile området, men noko gjekk gale i byggeprosessen, som det så ofte gjer på denne kysten, og prosjektet stoppa opp.

Ruinen er heilt konkret, men samtidig er den også eit bilde på situasjonen langs denne kysten. Eg har vore der mange gonger, men kjenner meg likevel ikkje igjen frå gong til gong. Den kontinuerlege bygginga forandrar topografien – samtidig som alt blir meir og meir likt. Eg har køyrt rundt på vegane, eg har gått i gatene og på strendene, budd i forstadene og hengt i barane. Eg har observert, og eg har snakka med folk. Eg har lese skriftlege kjelder. Då eg var ferdig med essayet, følte eg meg likevel ikkje ferdig med området eller med denne tematikken: denne store skuffelsen! Er det dette alle kampane for velferd har stått om? Korleis artar det seg mellom menneske? Det måtte eg til romanen for å undersøke vidare. Så eg skreiv ein roman med same tittel som essayet: Arbeid pågår, som kom året etter.

Eg ønsker denne uroa i teksten: å skrive med sterk innleving og identifikasjon og samtidig så tvil om den same posisjonen

Ibsen-parodiar. Eg hadde dessutan ei uferdig hovudoppgåve om Ibsen-parodiar liggande, som lenge hadde irritert meg. Eg blei alltid i dårleg humør av å tenke på at alt arbeidet og alle lånekassekronene skulle vere heilt bortkasta, så eg bestemte meg for å bruke noko av det i romanen. I Ibsens eiga samtid var det vanleg med såkalla kreativ kritikk, som ofte blei skriven som parodiar på teaterstykke. Nokre av parodiane blei oppførte og gjorde større suksess enn originalverket. Dersom eg hadde klart å skrive ferdig hovudoppgåva, ville det kanskje blitt ei slags avhandling. I staden gjorde eg det til romanstoff då eg dikta opp ein doktorgradsstipendiat som strever med å få ferdig avhandlinga si om Ibsen-parodiar. Han reiser til Costa Blanca fordi det er den einaste staden han kan komme på, som vil vere fri for distraksjonar. Her er ingenting som interesserer han. Og stort lenger frå Ibsens ideale fordring er det knapt mogeleg å komme, skulle det vise seg. Sjølv om hovudpersonen Harald Strand plasserer seg heilt utanfor fellesskapet i husrekka der han leiger, blir han snart dradd mot det likevel. Mot sin eigen vilje – og full av begjær. Slik, ved hjelp av fiksjonen, kunne eg ta tematikken vidare, utforske nokre av strukturane og dynamikkane i eit slikt samfunn. Og jammen dukka det ikkje opp ein eigedomsmeklar her også. Og denne gongen kunne eg gjere som eg ville med han. Eg kalla han Ivar, og eg gjorde han bitter og reiseklar. Etter 10 års samanhengande opptur som eigedomsmeklar på Costa Blanca måtte han no stenge heile butikken på grunn av finanskrisa – og dra tilbake til Norge. Det var ikkje noko han såg fram til. Her er det han sa:

Er du klar over kor stigmatisert eg er heime? Folk trur at vi lever i gettoar her nede. Men eg har alltid hatt mest med engelskmenn å gjere, og stadig fleire russarar. Nordmenn har aldri vore i fleirtal her. Skulle nordmenn vere i fleirtal langs heile denne kysten? Sjå deg rundt! Det seier litt om den norske sjølvforståinga, at nordmenn trur at dei same faen er i fleirtal. Dette er eit jævla internasjonalt samfunn! Likevel trur dei at heile kysten er busett av Frp-stemmande nordmenn som går på bar med vikinghjelm på hovudet. Dette er ikkje syden, altså. Dette er Spania!

Ivar såg forbitra utover havet. Det var blitt den timen på døgnet då himmel og hav gjekk i eitt. Han tok opp ein leirklump frå vegkanten og kylte den ut mot horisonten. (Arbeid pågår, 2009)

Essayist? Noko så jålete. Eg er forfattar, og eg skriv heile tida på det same prosjektet

Slik gjekk det til at ein verkeleg ruin ved saltsjøen i Torrevieja blei til essayet «Arbeid pågår» i Samtidsruinar (2008), som igjen førte til at eg skreiv romanen Arbeid pågår året etter. Romanen rommar både eit personleg essay og ei uferdig avhandling om Ibsen-parodiar. Likevel opplever eg at folk kjem bort til meg, ofte litt seint på kveld, og spør om eg ikkje snart skal skrive ei ny essaysamling. «Det er så mange år sidan, og du er trass alt best som essayist», seier dei. Det er sikkert godt meint, men det får meg likevel til å vri meg. Essayist? Noko så jålete. Eg er forfattar, og eg skriv heile tida på det same prosjektet. Eg har lenge hatt ein plan om å skrive ei ny essaysamling, men noko anna har alltid komme mellom, som regel ein roman. Kanskje fordi det er den vegen eg må gå? Kanskje er den neste fiksjonen ein føresetnad for den neste essaysamlinga? Eg veit ikkje. Eg veit berre at eg har fått ein ny, uskriven roman i fanget, og den skriv seg ikkje sjølv.

Artikkelen er opprinnelig publisert i Prosa, en av samarbeidspartnerne i Morgenbladets tidsskriftportal. Se mer fra over 30 norske tidsskrifter i PORTALEN.

Mer fra Portal