Annonse
00:00 - 20. september 2019

Advarsel! Ordklasseforvirring!

Annonse

I forrige ukes spalte sto det at opp var en preposisjon. Det førte til en storm fra lesere som mente det var et adverb. Som et ydmykt bidrag til konsernets ønske om å effektivisere Morgenbladet og spare personalkostnader har jeg bedt om hjelp, slik at jeg kan jobbe med andre deler av ukens avisproduksjon: Kjære Leiv Inge Aa ved NTNU. Kan du hjelpe?

Huslingvist Uvaag

Ja, det gir meining å vere grammatisk kaosavlastar til det beste for folket, som elles kunne blitt dramatisk sveltefôra. Etter systemet i Norsk referansegrammatikk (1997) er ein haug av det som før var kalla adverb (retningsord som opp, ned, ut, inn og påstadsvariantane oppe, inne, ute, nede), blitt omkategorisert til preposisjonar. Ordbøkene har ofte den tradisjonelle terminologien intakt, men i lingvistikken har ein kalla dei prep’ar i meir enn 30 år. Det er sjølvsagt eit stort problem at ordklassekategoriseringa er i utakt mellom lingvistikk og til dømes skulegrammatikk, men slik er det blitt. Utan drama har slankinga av adverbsekken heller ikkje vore; mellom anna skreiv Erik Papazian ein artikkel om emnet i 2006: «Adverb, adjektiver og preposisjoner i Norsk referansegrammatikk. Et forsøk på å rehabilitere adverbene.»

Det finst altså kritikarar av å kalle opp for prep, men tanken med referansegrammatikksystemet er at ein kan kategorisere prep’ar lik verb: intransitive og transitive (oppe, nede osv. er då intransitive sidan dei ikkje tar utfylling, medan på trykk, i avisa, til helga er typisk transitiv prep-bruk. Dette er ei kruttønne av eit spørsmål og ein mangeårig kamp mellom tradisjonen og den moderne lingvistikken. Men ingen har døydd i kampen enno, trur eg. Besthels frå Leiv.

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Vi har inntil 40 prosent rabatt for nye abonnenter. Bli abonnent
Annonse