Huslingvisten

Kva vil turistane seie?

Kjære professor emeritus Rolf Theil, du som kan så mange språk. Kva tyder Vy rundt i verda?

Huslingvist Uvaag

Gode huslingvist! Eg observerer at dei høge herrar valde fransk vue som namn på det kjøtstykket som var att då NSB blei slakta – rett nok med den nordiske skrivemåten Vy. Svensk og norsk har ein særnordisk y-lyd som elles berre finst i sørsamisk og umesamisk. Den franske y-lyden i vue finst i mange språk i Eurasia – frå tysk og mandarin til tyrkisk og albansk – men er sjeldsynt på andre kontinent. V-lyden er meir utbreidd, men er heller ikkje mellom dei vanlegaste konsonantane i verda. Ein mandarintalande kinesisk turist må seie bi, som i   'tvinge', 'nase',   'penn' eller 'unngå' – om dei ikkje vel å seie wei, som i wēi 'farleg' eller wěi 'falsk, uekte'. Japanarane kjem heller ikkje nærmare enn bi 'venleik'. Ein koreanar kan seie bwi på ein slik måte at det rimar på fransk vue. Turisten frå Spania må òg seie bi. For engelsktalande turistar er det nærliggjande å føreslå at dei seier vju – som engelsk view. Kva kan då vy tenkjast å tyde på ulike språk? Ingen språk har eit ord som blir uttala som vårt vy, men nokre språk nyttar skrivemåten vy – med heilt andre uttalemåtar. På tsjekkisk og slovakisk er vy pronomenet i 2. person fleirtal, dvs. 'de', eller høfleg tiltale, 'De'. Gløymast må heller ikkje at vy er ordet for 'fiken' på afrikaans, 'namn' på den søramerikanske urfolkspråket mapudungun – og 'jern' på gassisk, språket på Madagaskar – og det er eit vietnamesisk familienamn, som kan stavast Vy eller Vi.

Med venleg helsing frå Rolf Theil


Har du et spørsmål om språk? Skriv til: pu@morgenbladet.no

Mer fra Huslingvisten