Annonse
05:19 - 25. april 2014

Ærlegheita lenge leve

Annonse

Endeleg har vi fått ei regjering som er ærleg om ting. Ein statssekretær som har kunna gå friksjonsfritt frå informasjonsleiinga i Statoil og tilbake i utanriksdepartementet, ein utanriksminister som sterkt beklagar at frihandelsavtale-bestrebelsane med Kina blei lagt på is etter fredsprisutdelinga i 2010, og ein stortingspresident som gjentar ordet og betydninga av «dialog» så ofte at vi skjønar kva avvisninga av Dalai Lamas vitjing på Stortinget eigentleg dreier seg om. Vi har visst kvifor kongeparet støtt er med næringslivsdelegasjonar til utlandet, vi har skjønt kvifor UD etablerer nye ambassadar der Statoil har sine investeringar, vi har eigentleg alltid hatt ei forståing av kvifor Norge bidrar slik til FNs budsjett. Vår humanitære og fredelege innsats betalar seg i reine pengar for norsk næringsliv. Det er godt å sleppa arven etter Fridtjof Nansen no. Det slepper liksom ei bør frå skuldrene når vi får høyra kva den arven eigentleg handlar om.

Korleis skulle det sett ut dersom Dalai Lama fekk møta presidentskapet og Olemic Thommessen i lagtingssalen? Korleis ville det blitt tatt imot om han gjekk inn hovudinngangen, i lag med eit stort følgje av pressefolk, kan henda: Ville ikkje det sett respektlaust ut for diktaturet i Kina? Ville det ikkje avskore oss frå å føra samtalar med det kommunistiske regimet i Beijing om alt frå klimaendringar til menneskerettar til klimaendringar, slik Børge Brende var inne på i sine mange svar i spørjetimen i Stortinget onsdag. Vi må jo insistera på eit skilje mellom den Nobelkomiteen som deler ut fredsprisen, og dei politikarane som sit på Stortinget. Det er dessutan 25 år sidan Dalai Lama fekk fredsprisen. Kva bryr Stortinget seg om runde tal og gamle jubileum? Det er snart eit år sidan Olemic Thommessen sat som leiar av Stortingets eiga Tibet-gruppe.

Det er heilt som det skal vera for eit land med eit enormt pensjonsfond plassert i utlandet når Ap sit heilt stille i båten, og lar småpartia ta seg av hamringa på Høgre. Om eit år kan det vera dei som skal bera staten.

Vi er til sist eit lite land i verda. Om vi reiv oss laus frå Nato, kunne vi sleppa å kritisera Vladimir Putin også. Tenk på laksenæringa. Vi må komma alle stormakter meir i møte. Det vil ta lang tid å reparera forholdet til den økonomiske giganten Kina, og endå større kan økonomien der bli medan, eller dersom, vi ventar.

Vi hadde rett nok ikkje politisk kontakt med regimet i Sør-Afrika i mange år. Men også her må vi hugsa på kva økonomiske tap særleg reiarnæringa lidde. Partiet Høgre heldt lenge fanen mot handelsboikott av regimet i Sør-Afrika. Dei må ikkje gjera knefall for Dalai Lama no.

GS

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse