Aktuelt

Kvithaien og oss

«Hvithai mot norske fjorder.» Overskrifta i Bergens Tidende på mandag var ikkje om ny versjon av ein skrekkfilm, men forsøk på å laga annan inngang til den ferske rapporten til FNs klimapanel, «W. G. II contribution to the 5th. A.R.», som den heiter på stammespråket, og som gjer opp status for forskinga på verknader, tilpasningar og sårbarheit knytt til den globale oppvarminga. Dagsavisen heva fram utsiktene for aisatisk tigermygg på våre nordlege breiddegrader. Dagens Næringsliv via plass til oljerelaterte geologar som er skeptiske til heile FNs klimapanel, og banka dei i skolten med ein kommentar dagen etter.

Hovud-konklusjonane til FNs klimapanel er så dystre, og kjente, at det er forståeleg at ein leitar etter uventa vinklingar. Ein kan faktisk bli frista til å leita etter lyspunkt når kloden blir stadig heitare, som at avlingane og fiskefangstane på kort sikt kan bli større her nord, og at moglegheita for istid på lang sikt synest mindre sannsynleg. Det er jo ingen kald klode vi vil ha.

For dei viktigaste matvekstane (kveite, ris, mais) vil lokal to graders-auke over seint 1900-tals-nivå slå klart negativt ut i tropiske og tempererte regionar, skriv FNs klimapanel. Fire graders auke globalt, kombinert med større etterspurnad etter mat, står som stort trugsmål mot matsikkerheita på heile kloden vår. Og så det heilt klassiske: Trugsmålet er generelt større på lågare breiddegrader, skriv panelet.

Dei som minst har bidratt til den heitare kloden, blir hardast råka av konsekvensane. Dei rike land vil lettast kunna tilpassa seg.

Moralsk burde dette vera ekstra ubehageleg for oss i Norge. Om ikkje vår karbonbaserte energi er direkte dop for verda, har vi eit spesielt ansvar i klimasamanheng. Oljefondet er dermed ikkje berre «vårt» lenger. Samstundes kan også vi bli råka av klima-endringane. Gitt reine uår globalt, er det ikkje sikkert verdshandelen med mat fungerer som før. Korneksporterande land kan komma til å tenkja på sine innbyggjarar først. Matsikkerheit angår også oss, og burde angå måten vi driv landbrukspolitikk på, og disponerer matjord for korn, eller for bustadhus. Ingen kan eta sine pengar.

Generelt er det å vona at eigeninteressa kan spela på lag med det moralske, globale omsynet. Faren for intense stormar, for dødelege ras, for uvante artar, ja, sjølv for kvithai.

Ekstremver kan ha underhaldningsverdi på ein viss avstand. Men det er risikobildet vi må ta inn over oss, som politisk fellesskap.

GS

Mer fra Aktuelt