Aktuelt

Tillit begge vegar

For litt sidan braut Utdanningsforbundet forhandlingane med Kommunanes Sentralforbund (KS) om ny arbeidstidsavtale for lærarar i grunnskulen (minus Oslo – som er eige tariffområde). Tvisten blir dermed del av hovudtariffoppgjeret til våren, og vi kan risikera streik om partane ikkje finn tonen att. I kronikkar skriv garva lærarar at skulen vil rotna opp innvending, og fortel på tv kor mange støtteerklæringar dei får. I botn hjå dei styrande organa ligg det ei djup mistillit til vurderingsevna lærarane sjølve har, meiner dei. I Danmark førte ein heilt parallell konflikt til langvarig og øydeleggjande lock-out for berre eit år sidan.

KS vil på si side løysa opp dei sentralt gjevne rammene som gjeld i dag, og som set strenge definisjonar på kva arbeidsmengd som gjeld for kvart enkelt skulefag og -trinn, og kor mykje tid til førebuing, etterarbeid og kompetanseutvikling kvar lærar skal kunne disponera sjølv, og kor lang den segnomsuste sommarferien eigentleg skal vera. Lokalt kan skuleleiing og lærargrupperinga komma til at kabalen kanskje kan leggast annleis. Meir samarbeid om undervisningsopplegg og kompetanseutvikling, og mindre privat- (og ofte kvelds-)basert praksis. Noko kortare avspaseringsperiode i løpet av sommaren, kanskje, om organisasjonsarbeid då kan takast bort frå resten av skuleåret.

Ein kan forstå KS, men ein kan endå lettare forstå Utdanningsforbundet. I forhandlingsutkastet til KS heitte det at arbeidstida kunne strekkjast ut over fleire veker, frå dagens 39 og heilt opp til 45 veker, dersom ein lokalt fann det for godt. I teorien kunne då heile den lengre sommarferien/avspaseringsperioden ryka. Legg så på altfor styringskåte arbeidsgivarar som herostratisk berømte Sandefjord, eller til margen innstramma kommunebudsjett andre stader i landet, og lærarane kunne tenkjast å få på seg ei heilt umogleg arbeidsbør. Mange fleire undervisningstimar, og drastisk færre økter til planlegging, og kanskje etterutdanning.

Sett i ein breiare kontekst og i den politiske offentlegheita har lærarane helst fått mykje tyn dei siste åra. Overdriven merksemd om halvgode PISA-resultat og ditto lærarhøgskulekarakterar har skapt inntrykk av at lærarane ikkje gjer jobben sin, rett og slett. Sjølv om KS bedyrer at dei har tillit til dei som verkeleg driv læringsarbeidet i klasseromma, kan ein skjøna at lærarane opplever det annleis.

På den andre sida: Kan vi heilt gå god for dei skremselsbileta Utdanningsforbundet teiknar opp? Er det sannsynleg at svært mange skuleeigarar/kommunar vil køyra skulen i grøfta? Kan vi ikkje ha tillit til rektorar og mellomleiarar, som vi skal ha det til lærarane i klasseromma? Sett på spissen er ikkje tillit noko ein ber om; det er noko ein viser den andre. Lærarkollegium rundt om bør møta sine leiarar med den same tillita som dei forlangar for sin gjerning.

Både KS og Utdanningsforbundet har vettuge argument. Båe partar burde slipa ytterstandpunkta sine ned, og møta motparten med opnare sinn.

GS

Mer fra Aktuelt