Aktuelt

Boikott OL på heimebane

«Det er utrolig at det ikke er en eneste atlet som har trukket seg fra OL. Men de fleste er vel så klint opp med sponsormidler i hue og ræva at de ikke har så mye de skal ha sagt.» Slik skal kraftsalva ha lydd frå kunstnaren Bjarne Melgaard, som saman med artisten Annie lanserer protestdiscolåten «Russian Kiss» når dei 22. olympiske vinterleikane opnar i russiske Sotsji. Ein kan ikkje venta at idrettsungdommen sjølv skal boikotta OL i protest mot homo-lovene i Russland, eller mot naturøydeleggjingane stadionanlegga har ført med seg i Sotsji, eller måten protesterande i Kaukasus blir knebla på like i forkant av leikane. Atletane har sin eine store karrieresjanse no, og ikkje eit heilt liv i kunsten.

Ein betre adressat er då det offisielle Norge, som reiser til Sotsji med statsministeren sjølv. Mange vestlege regjeringssjefar har valt å bli heime under vinterleikane, i stille protest. Det er forståeleg at Erna Solberg velgjer å reisa – til eit av våre naboland. Men då må ho nytta alle formelle og uformelle kanalar til å leggja press på Russland i menneskerettsspørsmåla.

Like fullt, problemet er ikkje denne gongen regimet til president Putin åleine. Den internasjonale olympiske komiteen (IOK) må ta sin del av ansvaret for at budsjettet for Sotsji-leikane sprakk så ufatteleg, og no skriv seg til meir enn 300 milliardar, faktisk meir enn alle dei 21 tidlegare vinter-OL frå 1924 og fram i samla sum. Svært mykje har blitt bygd opp nærmast frå null, og under stort tidspress. Legg så til faktoren av korrupsjon i Russland, og IOK burde forstått risikoen for gigantsmell før Sotsji blei tildelt leikane. Verst er nesten at ein ikkje kan vita kor dyrt eit moderne OL blir når dei statlege utgiftene til sikkerheit- og antiterrotiltak skal leggjast til.

Russiske styresmakter kan hevda kostnadene i Sotsji er investeringar for ein framtidig turistdestinasjon. IOK har gjort mykje for å rydda faren for korrupsjon i sitt system. Men fortsatt er det slik at mange av medlemmene er svake for sterke menn, som Vladimir Putin. Og det er dette IOK som Oslo kommune prøver å gjera seg lekre for, blant anna med eit «Norway House» i Sotsji.

Både befolkninga i Sveits og i München har sagt nei til eit vinter-OL i 2022. Om også Norge unnlet å søka, i protest mot VIP-kulturen og heile kostnadspresset, kunne det tenkjast at IOK fekk skjelven for alle dei sponsorane dei har stappa inn i kroppen sin. Medan Solberg-regjeringa enno utreiar statsgarantispørsmålet i eigne parti, renn pengane ut av Oslo kommune. Vi må få stogga denne pengegalskapen, og den gigantonomien han speglar av, knytt til IOK. ⇥GS

Mer fra Aktuelt