Aktuelt

Ei skam for landet

Krigar rasar frå Somalia til Syria. Men konfliktane er ikkje fjerne og på trygg avstand, dei bankar nærmast bokstavleg på vår eiga dør: menneske som søker om asyl i Norge. Meir enn 5300 fekk innvilga permanent opphaldstillating i 2013, som er ny rekord på eitt år. Ein kunne likevel ønskt vi hadde plass eller hjarterom til fleire. Sverige tok i mot 16 000 asylsøkarar berre frå Syria i fjor, og gav nesten 30 000 varig opphald.

Det er ein propp i systemet. Vi sette ein annan, og ganske fæl rekord i fjor: Nesten 5500 som alt har fått permanent opphaldstillating, og dermed formelt som flyktningar å rekna, ventar på at ein kommune skal ta i mot dei. Dei flykta frå dei liva dei hadde, og dei ventar enno på at livet skal til att. Dei sit årevis som krigsfangar i våre asylmottak.

Norge baserer seg enno på at kommunane frivillig tar i mot dei flyktningane som kommunane sjølve synest dei kan gje godt introduksjonskurs, og bustad, og kanskje barnehageplass. Seint på hausten i fjor gjekk den nye inkluderingsministeren frå Frp, Solveig Horne, igjennom dei dystre tala, og skreiv brev til alle kommunar i landet, og oppfordra dei til å finna fleire rom og bustader. Intregreringstilskotet vart også auka i revidert nasjonalbudsjett. I VG og i NRK denne veka gjentok ministeren behovet for ein asyl-dugnad over heile landet.

Sjølv om alt dette er prisverdige initiativ av regjering og inkluderingsminister, står spørsmålet att om dugnad er nok, og om ikkje den største blokkeringa i systemet er Frp sjølv. Voss kommune, tradisjonelt Ap-dominert, graderte opp sin «kvote» til 30 seint i fjor haust. Den større kommunen Os i same Hordaland fylke, fortsatt med ordføraren Terje Søviknes frå Frp, tok berre i mot ti. Inntrykket gjentar seg mange stader i landet.

Ulike kommunar kan ha legitime argument for å vegra seg for oppgåva; allereie overbelasta barnevern, mangel på bustader, skral økonomi. Men oftast kokar spørsmålet ned til kva haldning til flyktningar og utlendingar den einskilde ordførar, kommuneadministrasjon og kommunestyre har.

SV er mykje meir open for at staten krev at kommunane tar i mot fleire. Kanskje er politikken i Sverige nærare ei løysing, der frivilligheit blir praktisert på annan måte: Flyktningen kan ta med seg integreringstilskotet og busetja seg der han eller ho vil, såkalla sjølvbusetjing.

Å lita meir på den einskilde må då vera noko også Frp liker. Ei bøn om dugnad er ikkje nok.

GS

Mer fra Aktuelt