Aktuelt

Idrettens blindsone

«Dette massive resultatet fra folkeavstemningen vet jeg imponerer IOC». Begeistringa til Inge Andersen, generalsekretæren i Norges Idrettsforbund (NIF), intervjua på NRK frå valvaka på Grand hotell, var lett å forstå. Meiningsmålingane i vekene før den rådgivande folkerøystinga om eit vinter-OL i Oslo i 2022 hadde blåse idrettsleiarane midt imot. Med gamle idrettsheltar som Kjetil André Aamodt og Bjørn Dæhlie på laget, samt investorar som Petter Stordalen og Christian Ringnes som trudde på byutvikling for heile Oslo, og sikkert gode råd frå PR-byrået First House – og eit budsjett på minst fem millionar kroner – klarte NIF å snu stemninga. Dei fekk bra ryggdekning i utfallet av skulevalet i byen, og i store media som Aftenposten. Frukost spanderte dei også på kven som ville, den siste valkamplaurdagen på Karl Johan. Motstandarane hadde stort sett ei Facebook-side. Ser ein på dette misforholdet mellom kampanjane, er sigeren eigentleg ikkje så massiv: Nær 173 000 av hovudstadens innbyggjarar stemte for, 141 000 av dei stemte mot.

Så langt tildragingane i Oslo by. Det store slaget står no, i Stortinget og i regjeringsforhandlingane. Det er Staten, og ikkje Oslo kommune, som må garantera for heile utgiftssida av eit tenkt OL. Slik er no ein gong reglane til Den internasjonale olympiske komiteen (IOC); dei tar sjølve ingen risiko, og legg heile den enorme børa det er å laga til – og ikkje minst gjennomføra – leikane, på arrangøren. Sikkerheitstiltaka til IOC vil vera som på flyplassar, sjølv langs langrennsløypene i Nordmarka. Berre dét er eit argument mot at Norge skal ta på seg eit heilt OL.

Det er mogleg dei borgarlege partia, som altså har fått fleirtal i Stortinget, vil venta på kva dei såkalla talknusarane i og utanfor Kulturdepartementet finn ut om statsgaranti-søknaden til Oslo (og NIF). I valkampen kom det fram rapportar og tal som kunne tyda på at anslaget på 34 milliardar maksimalt, var mange milliardar for lite. I så fall går det med Oslo som med Tromsø i førre omgang (OL-2018), den søknaden blei aldri reelt handsama i Stortinget, endå styret i NIF hadde stemt for han.

Éin hund ligg begravd her. Nord i Norge vil mange undra seg over korleis denne Inge Andersen står på stolen av begeistring no, og sat musestille under arbeidet til Tromsø. Dei har sine representantar på tinget. By står mykje mot land i denne saka.

Men OL-spørsmålet har byrja i feil ende frå starten av. Prosessen skulle vore forankra på Stortinget aller først. Oslo kommune og NIF risikerer å kasta bort store millionsummar berre på ein søknad med glansa papir og styla reklamefilmar attåt.

Sagt på ein annan måte: idretten ser ikkje heilt kva demokratisk problem han representerer. Eit OL tvingar staten til grove prioriteringar. Sett heilt på spissen: Er det IOC i Lausanne som skal bestemma om Groruddalen i Oslo, og ikkje til dømes Tromsdalen, får friske midlar til utvikling?

GS

Mer fra Aktuelt