Annonse
12:56 - 04. februar 2019

Elena Ferrante: Briljant i Noreg – ikkje i Italia?

Elena Ferrantes eksotiske blikk på Italia har slått betre an i utlandet enn i heimlandet, skriv Tine Sunde.

Napoli-romanane til Elena Ferrante blei internasjonale bestseljarar og har vore ein litterær sensasjon. I heimlandet Italia derimot fekk romansyklusen i utgangspunktet mindre merksemd. Her frå filmen basert på den den første boka. Pressebilde: Eduardo Castaldo / HBO
Annonse

Den førebels siste episoden i føljetongen om den anonyme forfattaren Elena Ferrante og verket Napoli-kvartetten utspela seg før jul. Filmatiseringa av den første boka blei vist på kanalen HBO Nordic, og Elena Ferrante har sjølv vore manuskonsulent for serien. Verket og den anonyme forfattaren var igjen synleg i den litterære norske offentlegheita, og det første bandet i kvartetten dukka opp i aviser og i bokhandlar, nå med nytt omslag frå filmen.

Førre gongen interessa for den anonyme forfattaren og verka hennar blussa opp i Noreg, var våren 2018 da forfattaren Domenico Starnone vitja Oslo og Litteraturfestivalen på Lillehammer. Starnone er gift med den italienske omsettaren Anita Raja, som fleire meiner er kvinna som gøymer seg bak pseudonymet Elena Ferrante, og Raja var med til Noreg. I tillegg blei det peika på korleis Starnones roman Lacci (norsk tittel Bånd) speglar det litterære universet til ein annan Ferrante-roman: I giorni dell’abbandono (norsk tittel Svikne dagar). Svikne dagar skildrar ei opprivanda skilsmisse frå synsvinkelen til den forlatne kvinna. Bånd fortel nærmast den same historia frå synsvinkelen til mannen som forlèt kona og to barn til fordel for ei yngre kvinne. I samband med denne parallellen har det òg vore spekulert på om forfattarskapen til Elena Ferrante er eit resultat av eit samarbeid mellom ektefellane Starnone og Raja.

Napoli-romanane til Ferrante blei internasjonale bestseljarar og har vore ein litterær sensasjon. I heimlandet Italia derimot fekk romansyklusen i utgangspunktet mindre merksemd, og i kjølvatnet av den panegyriske amerikanske mottakinga av verket braut det ut ein debatt i Italia om moglege årsaker til den amerikanske suksessen. Debatten i Italia er interessant fordi han kan kaste lys over faktorar som spelar inn når eit verk får ulik mottaking i opphavslandet og andre kulturelle kontekstar, slik tilfellet har vore her. Meir generelt kan debatten òg retta søkjelyset mot og tematisere sjølve omsettingsprosessen av eit litterært verk og måten det blir lese, tolka og mottatt på i ulike kulturelle kontekstar. L’amica geniale blir lese, tolka og mottatt annleis i Italia, enn The Neapolitan Novels i Amerika og Napoli-kvartetten i Noreg, og det kan vere interessant å sjå på korleis og kvifor.

… i kjølvatnet av den panegyriske amerikanske mottakinga av verket braut det ut ein debatt i Italia om moglege årsaker til den amerikanske suksessen.

Elenas Ferrantes romansyklus L’amica geniale (direkte omsett «Den geniale venninna») blei utgitt i Italia frå 2011 til 2014. L’amica geniale er namnet på heile syklusen samstundes som det er tittelen på den første boka. Kvartetten handlar om livet og venskapen til to napolitanske jenter frå 50-talet og fram til 2010, og byen Napoli spelar ei sentral rolle i handlinga og grip inn i livet til venninnene og skaper vilkåra for dei ulike fasane av venskapen deira.

Verket kom i engelsk omsetting mellom 2012 og 2015. Namnet på kvartetten blei endra til The Neapolitan Novels medan det først bandet heiter My Brilliant Friend. Namneendringa inneber at byen Napoli får særleg merksemd allereie i tittelen, ei merksemd som ikkje er til stades i den italienske originalversjonen der tittelen peikar mot venskapen mellom dei to jentene.

Bøkene kom på norsk frå 2015 til 2017 og er omsett av Kristin Sørsdal. Etter mønster frå den engelske tittelen fekk syklusen namnet Napoli-kvartetten, og Mi briljante venninne blei tittelen på den først boka. Slik set òg den norske tittelen Napoli i søkjelyset.

Verket er omsett til 40 språk og har altså vore ein formidabel internasjonal suksess, både blant publikum og kritikarar, og ulike kjelder opererer med salstal frå 6 til 10 millionar eksemplar samla sett av dei einskilde banda. I 2015 plasserte tidsskriftet Foreign Policy Ferrante på lista over dei 100 mest innverknadsrike personane i verda, og det same året karakteriserte The Guardian det fjerde bandet i The Neapolitan Novels som ein roman av nobelpris-format. Den anonyme forfattaren er i tillegg blitt kalla «The Italian Alice Munro» og «Dante in Key of Virginia Woolf». Også i Noreg har kritikarar og publikum omfamna verket, og det har vore ein av dei største salssuksessane til Det Norske Samlaget gjennom tidene.

Men da L’amica geniale først kom ut i Italia, var kritikarmeldingane sant nok positive, men utan nemneverdig entusiasme, og verket fekk som sagt avgrensa merksemd og publikumssuksess. Rett nok blei kvartetten etter ei stund ein bestseljar også i heimlandet, men det var først etter at den amerikanske suksessen var eit faktum. Mitt eige besøk i Napoli hausten 2016 kan vere ein uhøgtideleg kommentar til dette. På vegen min rundt i byen spurde eg tilfeldige folk om Elena Ferrante og verket hennar, men ingen hadde høyrt eit ord om verken forfattaren eller romanen. Det vesle biblioteket i utkantbydelen, Luzzatti, som ifølgje dei topografiske skildringane i romansyklusen må vere modellen for «bydelen» som handlinga sentrerer rundt, hadde ikkje eitt eksemplar av verket. Kvinna som jobba der, hadde så vidt høyrt om romanen, men det hadde ingen av dei unge jentene som sat og las gresk filosofi i den spartanske lesesalen.

Avgjerande for den amerikanske suksessen var den entusiastiske artikkelen til den respekterte amerikanske journalisten og kritikaren James Wood «Women on the verge: The fiction of Elena Ferrante», som blei publisert i The New Yorker 21. januar 2013. The Neapolitan Novels fekk slik auka merksemd og interesse, og fenomenet kjent som «The Ferrante fever» skaut etter kvart fart. «The Ferrante fever» spreidde seg internasjonalt og kom også tilbake til Italia der verket altså først nå blei ein bestseljar. Den amerikanske suksessen bana med dette vegen for den internasjonale suksessen. Det var mellom anna først etter artikkelen til Wood at den norske omsettaren, som lenge hadde ønska å omsette verket, fekk klarsignal frå forlaget om å gå i gang med arbeidet.

Denne suksessen var det som førte til debatten i Italia. Fleire italienske kritikarar meinte at den litterære kvaliteten på kvartetten blei overvurdert i utlandet, og verket blei nå mellom anna karakterisert som «litterær narsissisme» og «stilistisk svak føljetong» med «kaskadar av sjølvsagte adjektiv».

Fleire italienske kritikarar meinte at den litterære kvaliteten på kvartetten blei overvurdert i utlandet.

Debatten fekk fram to faktorar som kan ha verka inn på den amerikanske suksessen; for det første sjølve omsettinga av romansyklusen, og for det andre framstillinga og biletet av Napoli som kjem fram i verket. Dei same to faktorane kan òg vere aktuelle når det gjeld mottakinga av Napoli-kvartetten i Noreg.

Den amerikanske omsettaren Ann Goldstein, allereie ein kjent og respektert omsettar av italiensk litteratur i USA, har fått mykje ros for arbeidet sitt. Det har til og med blitt hevda at ho har forbetra språket til Ferrante og gjort språket meir flytande og friksjonsfritt å lese i høve til den italienske originalen. På same viset har norske kritikarar kommentert og applaudert språket til den norske omsettaren, Kristin Sørsdal, og dei har dessutan meint at språket til Sørsdal passar svært godt til innhaldet i romanen. Så fekk òg Sørsdal Kritikerprisen i 2016 for omsettinga av det siste bandet i kvartetten.

Anonymiteten til Ferrante har i tillegg ført til ein spesiell situasjon for Goldstein og Sørsdal. Omsettaren av ei bok får til vanleg lite merksemd og er nærmast usynleg når eit omsett verk blir publisert. Når det gjeld verket til Ferrante derimot, har mangelen på ein konkret forfattar gjort dei to omsettarane uvanleg synlege. Goldman og Sørsdal har i kvart sitt land vore representantar for romanen og har vore aktive deltakarar i omtalen og marknadsføringa av verket. Dei to har sett sjølve verket i fokus og har ikkje vore interesserte i at forfattarnamnet er eit pseudonym eller i dei mange spekulasjonane rundt anonymiteten.

I Italia har det vore annleis. Der har spekulasjonane omkring valet av anonymiteten og kven som skjuler seg bak forfattarnamnet Elena Ferrante til tider syntest å dominere over interessa for sjølve verket, og Ferrante har blitt skulda for å ha valt anonymiteten som ein effektiv marknadsstrategi. Rett nok har ein vore oppteken av den namnlause forfattaren også i USA og Noreg, men ikkje på same måten eller i same grad. Kan hende har dette nettopp samanheng med at ein i desse landa har hatt synlege og konkrete representantar for forfattaren og verket, som altså også har vore med på å setje dagsorden for kva som er interessant å kommentere.

I debatten om den amerikanske suksessen viste italienske kritikarar også til Napolis rolle. Byen er som sagt allereie til stades i den amerikanske tittelen og har ei sentral rolle i verket. Det ikoniske biletet av Napoligolfen med utsikta mot byen og Vesuv er blant anna eit gjennomgangsmotiv i verket. Dette biletet er også logo og blikkfang til den offisielle engelskspråklege websida til forfattaren. Ferrante nyttar dessutan andre velkjente og nokså føreseielege kjennemerke frå Napolis geografi, folkeleg kultur og historie for å skape det litterære biletet av byen. Kvartetten presenterer følgjeleg ingen nye eller uventa perspektiv eller seier noko nytt om Napoli, noko som truleg heller ikkje har vore Ferrantes intensjon. Eit anna omstende er at sjølv om handlinga i The Neapolitan Novels går frå femtitalet og fram til 2010, er det dei tidlegaste periodane som får mest plass. Desse elementa fører til at framstillinga av Napoli i romanen blir temmeleg nostalgisk og stereotypisk, slik fleire italienske kritikarar også meinte.

Dei hevda vidare at biletet av Napoli i romanen fell saman med ei oppfatning av Napoli, og av Italia, som allereie er til stades i den amerikanske kulturen. I USA har Napoli nemleg tradisjonelt sett representert det erkeitalienske og Italia noko eksotisk, og eit nostalgisk blikk på Italia er framleis tydeleg i USA. Slik kan The Neapolitan Novels ha stadfesta ei stereotypisk oppfatning av Italia som allereie er til stades i den amerikanske kulturen, og som amerikanarane ønskjer å halde på. Det kan ha verka inn på den amerikanske suksessen.

Også i Noreg kan Napoli seiast å representere essensen av det italienske, og biletet av Napoli og Italia som er til stades i den norske kulturen, liknar det amerikanske. Kan hende har dette hatt noko å seie for mottakinga av verket i Noreg, på same måte som dei italienske kritikarane meinte hadde vore tilfellet i USA.

Napoli har i alle høve vore eit synleg element i omtalen av romansyklusen i Noreg. I tillegg til tittelen som peikar mot staden, er byen blitt referert til som ein tredje hovudperson, og verket er nærmast blitt «sjølve Napoli-romanen». Omsettaren, Kristin Sørsdal, har òg vore med på å gjere byen sentral. Ho har budd i Napoli som ung, og ho kjenner framleis byen godt. I fleire intervju har ho fortalt om eigne røynsler med staden og har knytt dei til romanen, og ho har også forklart og kommentert Napoli og Italia for eit norsk publikum.

Fotografi frå Napoli har dessutan illustrert meldingar og artiklar om bøkene. Først og fremst har det vore med motiv som eit norsk publikum forbind med byen, som til dømes dei karakteristiske tronge smaua med klesvasken henganda på snorer mellom bygningane i Napolis historiske sentrum. Dette miljøet ligg eigentleg fjernt frå miljøet i «bydelen» som er knutepunktet for handlinga i verket. «Bydelen» er eit typisk utkantsstrok utan karakteristiske kjennemerke og liknar ikkje det vi i Noreg til vanleg tenkjer på som typisk napolitansk eller italiensk. Illustrasjonar frå det eksotiske Napoli som vi forbind med byen, har likevel blitt nytta når verket har blitt omtala.

Begge desse filmane har, som romansyklusen til Ferrante, eit eksotisk og nostalgisk blikk på Italia.

Fenomenet L’amica geniale, The Neapolitan Novels, Napoli-kvartetten kan slik illustrere to faktorar som kan verka inn på mottakinga av omsette verk i nye kulturelle kontekstar. Sjølve omsettinga kan spele ei rolle, og dersom det omsette verket bekreftar førestellingar og oppfatningar som allereie finst i den andre kulturen, kan dette gjere verket meir lesarvennleg, attraktivt og tillokkande for publikum.

At eit eksotisk blikk på Italia er meir interessant i utlandet enn i heimlandet, seier seg vel sjølv. Det er heller ikkje første gongen at eit italiensk kulturprodukt som blir rekna som «typisk italiensk», får større merksemd utanfor Italia enn heime. Filmen Cinema Paradiso fekk liten suksess blant publikum og kritikarar da han først kom ut i Italia i 1988. Først etter at ein forkorta versjon av filmen fekk spesialprisen til juryen i Cannes i 1989 og Oscar for beste utanlandske film året etter, blei filmen tatt vel imot også i heimlandet. Filmen La grande bellezza (norsk tittel Den store skjønnheten) som vann Oscar for beste utanlandske film i 2014, fekk òg større suksess i USA enn i Italia, og filmen blei også tatt vel imot i Noreg. Begge desse filmane har, som romansyklusen til Ferrante, eit eksotisk og nostalgisk blikk på Italia.

Sannsynlegvis er ennå ikkje føljetongen om Ferrante avslutta i Noreg. Ein ventar på filmatiseringa av dei resterande tre banda i romansyklusen, og Samlaget har nettopp gitt ut essaysamlinga Frantumaglia, som inneheld tekstar, brev og intervju mellom Ferrante og forleggjarane hennar, og med forfattarar og journalistar frå heile verda. Alt har sjølvsagt gått føre seg i anonymisert, skriftleg form. Med denne boka blir heile forfattarskapen til Ferrante tilgjengeleg på norsk. I mars kjem dessutan den norske omsettinga av ein annan roman av Domenico Starnone, Scherzetto, som òg har handling frå Napoli, og som på norsk har fått tittelen Spøk. Og slik held føljetongen fram.


 

Tine Sunde er lærer i italiensk og norsk ved Foss videregående skole i Oslo. Teksten bygger på hennes masteroppgave i italiensk litteratur, «La città di Napoli nella tetralogia L’amica geniale di Elena Ferrante» (Universitetet i Oslo, 2018).

Litteratur:

Benedetti, Laura. 2016. «Elena Ferrante in America.» Allegoria 73: 11 -117.

De Majo, Cristiano.2015. «La narrazione esotica italiana all’estero.» Rivista Studio, 18.02.2015. https://www.rivistastudio.com/la-narrazione-esotica-italiana-allestero/

Merilli, Annalisa.2015. «Elena Ferrante’s writing is better in English than in Italian.» Quartz , 16.12.2015. https://qz.com/573851/elena-ferrantes-writing-is-better-in-english-than-italian/

Rognlien, Jon. 2016. «Du skal være inne i den ordkroppen» Intervju med Kristin Sørsdal». Vinduet (3): 115 -123.

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Akkurat nå er det opptil 50 prosent rabatt. Bli abonnent
Annonse