Annonse
00:00 - 29. september 2017

Min korte kveld som kulturkjendis

Som ein kulturlivets Hunter S. Wallraff skulle eg nådelaust avsløre det skamlause forsøket på å ufarleggjere norsk kultur gjennom å «feire» den, skriv Nils Henrik Smith.

Annonse

Midt i fellesferien, medan eg naut det glade middelklasseliv på familiens sommarresidens på Sørlandet, tikka ein e-post frå sjølvaste Kulturdepartementet inn i gmail-innboksen. Eg har vore ein del av den ulne sosiale kategorien «norsk kulturliv» i ti år, men dette var første gong eg hadde fått e-post frå Kulturdepartementet. E-posten synte seg å innehalde ein invitasjon til ei mottaking i regjeringa sin representasjonsbustad i Parkveien 45, kor norske «kunstnere og kulturaktørars internasjonale innsats» skulle markerast. Eg visste ikkje at eg var kjent for min internasjonale innsats, men takka likevel sporenstreks ja til invitasjonen utan annan grunn enn at eg har for vane å takke ja til invitasjonar.

Det skal ikkje her leggjast skjul på at eg på dette tidspunktet næra eit sterkt håp om at både kulturministeren og utanriksministeren (som var dei inviterande instansane) skulle vere avtroppande innan mottakinga fann stad. Slik gjekk det diverre ikkje, men eg såg likevel ingen grunn til å revurdere avgjerda om å stille i mottakinga.

 

ALLEREDE ABONNENT?
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse