Annonse
00:00 - 17. juni 2016

Den nye romanen? Verkeleg?

Det ligg i sakens natur at tv-serien ikkje kan gi seg på topp, skriv Marit Eikemo.

Annonse

Det var noko i blikket til dei andre rundt bordet. Dei såg slitne ut. Det var ikkje lenge sidan eg hadde snakka med retorisk kraft om zombieserien Walking Dead. Når eg no bringa ein ny tv-serie på banen, om menneskekloner, var det meir enn kva kollegaene mine orka å forhalde seg til.

Dei ville tilbake til The Americans, House of Cards, Sons of Anarchy, Homeland, Breaking Bad, Game of Thrones, det vanlege. Eg har sett det meste sjølv, frå Sopranos og The Wire og fram til no, når alt er blitt meir uoversiktleg og mindre interessant. Ikkje fordi seriane var bedre før, men noko har likevel skjedd på vegen. Korleis kan eg elles forklare at eg hamna her? Klokka 02.00 ein vanleg vekedag, klar for endå ein episode om menneskekloner, som ærleg talt liknar meir på forvekslingskomedien og parodien enn romanen. Og ikkje nok med det, eg prøver å overtyde andre om at dei også bør sjå denne serien! 

Kanskje er det eit forsøk på å halde fast ved den forterpa påstanden om at tv-serien er den nye romanen? Det kunne kanskje legitimert den vanvittige tidsbruken: å vite at romanen finst der ein stad, langt inne i sesong 6, kanskje? Eller prøver eg å klamre meg til livet sjølv, mens tv-seriane drar meg i motsett retning, mot mørket og isolasjonen? For når eg sit med fjernkontrollen og tel på knappane: skal, skal ikkje sjå endå ein episode, føler eg meg som indianaren Hanzee i Fargo, sesong 2. I ein nervepirrande augneblink spør han den klin galne og morderiske frisøren Peggy om ho kan klippe det lange håret hans. Her, seier han, og peikar like under øyra. Ho spør sakte om han er sikker, om det er den lengda han vil ha, og han svarer: «Yeah. I’m ­tired of this life».

ALLEREDE ABONNENT?
Kjøp abonnement
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

vi har nå latt en annen avdeling behandle klagen for å sikre at den ses på med nye øyne.