FRA PLATEHYLLA
I dagar har eg gått rundt med Simon and Garfunkel på øyret. Det har vore fine dagar, eg har smilt til folk eg ikkje kjenner, kryssa gatene på raudt lys og levd enkelt og uansvarleg. Heile tida med harmonisk nynning og fine mellomspel på gitar. For kvar song blir eg lettare, til slutt går eg nesten ikkje lenger, eg berre svever liksom over fortauet, boren oppe av underfundige melodiar og glad harmoni.
Paul Simon og Art Garfunkel har på sitt diskré vis klart å ete seg inn i den musikalske opplæringa rundt omkring og blitt til det merkelege fenomen som ein kallar allemannseige. Det finst mange grufulle gymsalframføringar av «Bridge over Troubled Water». Det fins desperate tolkingar av «El condor pasa», minna frå desse kan enno hogge tak. Men det hindrar ikkje i at ein på ein dobbel-cd som The Essential Simon & Garfunkel (Sony, 2003) kan finne ei rekkje meir eller mindre kjende små perler.