Annonse
23:10 - 07. juni 2012

Jenter med fyrstikker

Fra platehylla: Skrift på hud.

Tente på Frankfurter Kaufhaus: Gudrun Ensslin. Foto: Scanpix
Annonse

I eventyret «Piken med svovelstikkene» døyr den fattige barnearbeideren av kulde. Før ho døyr, tenner ho fyrstikker. I lyset frå fyrstikkene får ho tilgang til alt ho elles berre ser på avstand. Gåsesteik, juletre, leiker, omsorg. Dei dårlege utsiktene – ho har ikkje seld ei einaste fyrstikk, det betyr at ho får bank om ho går heim, ho er barbeint, det er vinter – gjer den imaginære røynda til den einaste røynda det er mogleg å vere i. Fyrstikkene gir næring til uendeleg vakre syn, fulle av alt ho treng: varme, mat, omsorg, kjærleik.

I operaen Das Mädchen mit den Schwefelhölzern av den tyske komponisten Helmut Lachenmann er eventyret til H. C. Andersen blanda med tekster av Gudrun Ensslin og Leonardo da Vinci. (Das Mädchen mit den Schwefelhölzern, Musik mit Bildern, Staatsoper Stuttgart, Lothar Zagrosek, Kairos 2002)

Det finst altså fleire jenter med fyrstikker. Om ein søker på Gudrun Ensslin står ho omtalt som ein tysk venstreradikal terrorist. Ho var fødd 1940, i same generasjon som Lachenmann. Før ho vart terrorist var ho ei intellektuell prestedotter, ein stjernestudent og eit menneske med engasjement for det ein kallar «ei betre verd». På ei reise til Berlin der ho skulle demonstrere mot atomvåpen vart ho kjend med Andreas Baader.

ALLEREDE ABONNENT?
Begrenset sommertilbud
Inntil 50 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse