Annonse
09:58 - 26. oktober 2012

Eit eple til min kjære

Finst kjærleiken?

Androgyn: Kontratenor Andreas Scholl syng på ein slik måte at ein aldri er sikker på om det er mann eller kvinne ein høyrer.
Annonse

Eller er han berre ein god idé? Det er haust og på tide å gå under. Som alt lauvet og dei rotne epla som ingen har plukka. Forderving og død har alltid vore sterke inspirasjonskjelder. På med hovudlykt. Vi går ut i hagen, sonen min og eg. Medan eg rakar saman lauvet og snakkar om kor viktig det er å rake bort alt det gamle, nektar han å høyre på meg. Han legg seg ned på den våte bakken, rullar rundt og blir møkkete og taus. Eg blir fylt av ei slik sorg, som einsemda mellom oss aldri vil ta slutt, og eg funderer på kjærleiken. Eg uroar meg for kjærleiken. Er det nok av han? Er han sterk nok? Har han hatt si store tid og så er det berre restar igjen til oss? Døydde han ut med ideane, ideologiane og religionen? Eller lever han vidare, misforstått og stygg i kantane, men sterkare enn nokon gong?

Eg har funne fram ein cd med kontratenoren Andreas Scholl. I lag med Orpheus Chamber Orchestra laga han Wayfaring stranger folksongs (Decca 2001). Kontratenorar syng på ein slik måte at ein aldri er sikker på om det er mann eller kvinne ein høyrer, kanskje er den androgyne klangen heile poenget med denne måten å synge på. Det er skinande og klårt, ja, meir skinande og klårt enn noko anna. Unaturleg skinande. Det er det eg likar så godt, trur eg.

Det er særleg tre songar eg festar meg ved. Den eine er basert på diktet av Robert Burns: «My love is like a red, red rose». Somme ville seie at om kjærleiken er ein idé, er han ein dårleg ein. Alt hadde vore lettare utan. Kjærleiken forpliktar og bind fast. Ingen kan oppheve han, seier Paulus, han døyr ikkje, han briskar seg ikkje, han berre er og er. Ikkje eingong døden, altså. «Till all the seas gang dry, my dear, till all the seas gang dry …»

ALLEREDE ABONNENT?
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse