Annonse
16:08 - 22. mars 2012

Den «gouldske» intimiteten

Musikken som vern.

Glenn Goulds nærver: Pianokrakken han aldri sluttar å falde ut, vottane han dreg av i det ein sett på cd-en.
Annonse

«Eg kunne ikkje førestille meg eit liv utan musikk. Musikken beskyttar ein mot verda. Musikk held verda på avstand», seier Glenn Gould (1932–1982) i eit opptak i dokumentarfilmen Glenn Gould – pianist og geni.

Eg har skrive om Glenn Gould før, då nemnde eg noko av det den myteomspunne pianisten er kjend for: Den samanleggbare pianokrakken han hadde med seg på konsertar, den på sett og vis ukorrekte nynninga, dei tjukke hanskane og den lange frakken – som han brukte sjølv på varme sommardagar. No høyrer eg på Bachs «Das Wohltemperierte Klavier 2», preludium og fuger, spelt inn frå 1967 til 1969, og gitt ut på ny i 1992 i The Glenn Gould Edition (Sony Classical).

For mange var det utenkeleg at ein så feira pianist ville gi opp publikum, men Gould føretrakk etter kvart konsentrasjonen i eit studio framfor konsertsalen og alle reisene. Gould omfamna det teknologi betydde for musikken, noko som gjorde det mogleg for han å fordjupe seg i fred. Ja, han var gåtefull: tilbaketrekt, omgitt av få vener, alltid privat.

ALLEREDE ABONNENT?
Begrenset sommertilbud
Inntil 50 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse