Annonse
04:00 - 23. januar 2009

Blokkfløytegourmet

Goksøyr & Martens’ Salong opnar døra til eit overklasseliv prega av kollektiv realitetsangst.

Golvet sviktar: Den «private» huskonserten på Torshovteateret har eit djupare tyngdepunkt.
Annonse

Amfiet er bytt ut med enkle klappstolar i tre, og eg går gjennom ei klassisk kvitmåla dobbeltdør for å komme inn i det elles nedstrippa scenerommet i Torshovteateret. Det er fullt hus, og trass ei uvanleg open og lyslagt løysing i teateret, viser det seg snart at me er i trygge hender – det er nemleg ikkje publikum som ventar på at framsyninga skal byrje, det er husvertinna, i skikkelse av skodespelar Ågot Sendstad, som ventar på at alle inviterte skal komme i hus før konserten, arrangementet hennar, og teateret i teateret, kan byrje.

Me er innvigde til privat huskonsert, og den symboltunge dobbeltdøra har alt signalisert at når vertinna ønskjer velkomen, er det ikkje til ein kva for ein som helst bustad, men til ein «betre heim» på Oslos beste vestkant, samtidig som teaterrommet hever det dokumentariske preget over i noko meir generelt og metaforisk.

 

Allerede abonnent?
Fra
189 kroner
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning.
Du får alt stoffet som er i papiravisen,
eksklusive nettsaker, eAvis
og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse