Annonse
04:00 - 17. desember 2004

Musikkundervisninga styrker ikkje identiteten

– Den klassiske musikkopplæringa skapar musikarar med manglar. Det hevdar fiolinist Stig Roar Wigestrand som no har tatt utøvande doktorgrad i jazz.

Kritisk: Stig Roar Wigestrand
Annonse

Stig Roar Wigestrand seier i den ferske doktoravhandlinga at det er store manglar ved musikkopplæringa, særleg innan hans eige instrument, fiolinen. Wigestrand – til dagleg tilsett på Senter for adferdsforskning, ved Høgskolen i Stavanger – held fram at musikkelevar, frå barn til studentar, har store problem med å arbeide kreativt og søkande med improvisasjon, frasering og artikulasjon – trekk som er elementære ved den rytmiske musikken, og som dei i stor grad er omgitt av.

– Treng vi den klassiske musikken?

– Ja, men eg trur at den klassiske musikken har blitt ein form for reproduseringsmusikk, som gjer utøvarane meir til handverkarar enn kunstnarar. Det er berre eit fåtal som klarer å nå opp, dei andre blir sittande som orkestermusikarar, nokre på høgt nivå. Det som uroar meg er at barn og unge som lærer klassisk musikk, føler når dei blir eldre at deira eigen identitet ikkje blir tatt vare på i like stor grad som i improvisert musikk.

ALLEREDE ABONNENT?
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse