Tenk å komme
til kyrkje første juledag, og der står kor, solistar og barokkorkester klare til å framføre Juleoratoriet for aller første gong. Det var nok litt av ein juledag for folk i Leipzig i 1734.Er det mogleg å ikkje bli i godt humør av koret som i jubel syng: Jauchset, frohlocket, auf, preiset die Tage, Rühmet, was heute der Höchste getan! Det er tidleg morgon og ein får lyst til å berre springe ut av skogen og mot lyset. Ein får rett og slett berre LYST av denne opninga.
Men kvar kan det ende når ein startar her oppe? Evangelisten resiterer Juleevangeliet: “ og det skjedde i dei dagar at Keiser Augustus [ ] Maria og Josef er straks i Betlehem [ ] og tida kjem då ho skal føde”.