Debatt

Kvifor må Bernhard Ellefsen ha så mange spørsmål?

Er eg-personen skråsikker, eller er ho ei som må tvihalde på fast grunn?

Ettersom Bernhard Ellefsen likar så godt spørjande romanar, skal eg no stille han ei rekke spørsmål om vurderinga han gjorde om Sandra Lillebø sin roman Tingenes tilstand i Morgenbladet 11.september.

Kvifor måler du Tingenes tilstand opp mot Vigdis Hjorths roman Er mor død? Har ikkje Sandra Lillebø skrive ein roman som skil seg frå denne på mange måtar? Har du for eksempel lagt merke til spriket i klassetilhøyrsle for personane i dei to romanane? Har du for eksempel lagt merke til kor mykje sjukare den eine mora er enn den andre?

Du påstår at Sandra Lillebøs roman er skråsikker, og ikkje treng nokon lesar, og held opp Vigds Hjorths spørjande og spekulerande form, der det blir «tolkingsrom» for mor-dotterrelasjonen som føredøme. Du skriv også at det ikkje blir beskrive element av varme mellom mor og dotter i romanen. Har du lest meldingane som blir beskrive på romanens side 138? Har du lagt merke til at Tingenes tilstand er ein roman spenner opp andre usikkerheitsmomemt og gåter enn spørsmålet om det er sant at mor ikkje er frisk, om det er sant at det er eit én til én-forhold mellom forfattar og eg-person? Til dømes: er barnet friskt? Kven har hatt definisjonsmakt i forholdet? Korleis kjem definisjonsmakt til uttrykk i romanen, ut over elementet av virkelighetslitteratur?

Du har lagt merke til at Lillebø er inspirert av fransk litteratur, så kvifor vel du Vigdis Hjorth som samanlikning når det hadde vore langt meir naturleg å samanlikne med Eduard Louis Farvel til Eddy Bellegueulle, Voldens historie og Hvem drepte faren min? Og når du først har valt å samanlikne med Vigdis Hjorth – kvifor ser du då ikkje at den eine romanpersonen som har brote med mor klamrar seg til normalitet, mens den andre, som mor har brote med, har opplevd normaliteten som klam og hemmande? Kva trur du dette seier om kva desse hovudpersonane har vore i stand til av refleksjon om kva morsomsorg er og skal vere? Korleis skal eit individ som har anfall av disassosiasjon og fryktar schizofreni forankre ei identitetsskaping? Kan identitetsskaping vere ein romans forløysande høgdepunkt, eller er det berre «tolkingsrom» som er kriterium for romankvalitet?

Du skriv også at Lillebøs roman lir under eiga lansering, fordi denne etter ditt syn låser korleis romanen skal bli forstått. Meiner du at forfattarar skal slutte å la seg intervjue om eigne bøker? Meiner du at forfattarar skal slutte å la seg intervjue om eigne bøker i ulike former og ulike forum?

Olaug Nilssen

Mer fra Debatt