Debatt

Kvifor må det vere religion?

Brekke og Kalvig brukar religion som analogi for høvesvis antirasisme og transaktivisme på grunn av dei negative assosiasjonane fenomenet har for eit sekulært publikum.

Religionsanalogien er i vinden for tida. Anne Kalvig skreiv i Klassekampen sist torsdag at transaktivisme for tida liknar religion og magi, og Torkel Brekke skreiv i Morgenbladet 14. juli at delar av den antirasistiske rørsla liknar ei religiøs vekking. Dei har allereie fått fleire tilsvar, men det eg lurar på her, som postmodernist med sans for kritisk teori, er kvifor dei tyr til nettopp religion for å forklare desse rørslene?

Det enkle svaret er sjølvsagt at religion er faget deira, samt at fleire har gjort samanlikninga før, slik Brekke skriv, men kva konkret forklaringspotensial har den?

Ifølgje Kalvig og Brekke er likskapen mellom religion og den nemnde transaktivismen / antirasistiske rørsla ideologisk einsretting, sensur og hets av meiningsmotstandarar, kraftige sanksjonar og sterke, inderlege kjensler. Dette er sekteriske trekk, som ein heilt riktig kan finne i religionar og blant religiøse. Men, ein finn dei òg i politikk, dyrevern, fandom og alternativ medisin / skulemedisin (etter kven du spør), for å nemne nokre døme.

Kalvig og Brekke skriv ikkje eksplisitt kvifor dei brukar akkurat religion som analogi, men litt lett tekstanalyse gir inntrykk av at religionsvitarane har vald religion på grunn av dei negative assosiasjonane fenomenet har for eit sekulært publikum, og ikkje fordi samanlikninga gir ei betre forståing av transaktivisme og antirasismen i sommar: Når Brekke viser til religiøs vekking skriv han om «fundamentalisme», «avsky», «reaksjon» og «dogme», medan Kalvig lyt til å meine at religion svarar til «ei røynd der ideologi og overtyding trumfar biologi og realitetar».

For å ha sagt det: Dei ytterleggåande trekka ved transaktivismen og den antirasistiske rørsla er klart problematiske og har sekteriske trekk. Samstundes, om ein følgjer religionsanalogien, så kan ein leggje til at religiøse vekkingar gjerne oppstår når konservative samfunn og institusjonar ikkje evnar å gi rom for nye grupper eller å ta til seg sosial endring, og at magi likeins gjerne er noko folk tyr til når dei har problem som offisiell religion (eller vitskap) ikkje kan eller vil hjelpe med.

Religionsanalogien kan absolutt ha noko føre seg, men den kan og bør gi eit rikare bilete enn det Kalvig og Brekke kjem med. Samanlikninga deira peiker på trekk som kan og bør bli problematiserte, men den kunne òg ha framheva rørslene som ein reaksjon på eit storsamfunn som framleis ikkje evnar å romme alle.

Mer fra Debatt