Debatt

Aakvaags dødssynd

Alle tekstar treng ikkje nå alle, dei treng berre å finne fram til dei lesarane som ser viktige poeng og kan bringe dei vidare. Som journalistane.

Gunnar C. Aakvaag har provosert mange med utspelet om at «Journalistenes inntog i sakprosaen svekker samfunnets intellektuelle beredskap» (Morgenbladet, 19.06.20). Han deler sakprosafeltet i eit akademisk «teorikrati» og eit journalistisk «mediokrati» og går langt i å setje erlik-teikn mellom journalistikk og personifisering. Samtidig får ordbruken ein ekstra brodd av mediokratiets semantiske slektskap med adjektivet «medioker». Det er altså gode grunnar til at fornærma kjensler – og kanskje eit og anna godt kamuflert bedragarsyndrom – flammar opp.

Om ein legg emosjonelle reaksjonar til side og les teksten nøye, ser ein at dette er det springande punktet: «Portvoktere i forlag, tidsskrift og nettsteder tenker ‘journalistisk’ og skyr teori.» Slik blir den teoretiske diskursen i stadig større grad fortrengt av dei personifiserte historiene, som når tekstar med teoretisk tilnærming blir refusert i viktige formidlingskanalar som nettidsskriftet forskning.no. Kritikken er altså først og fremst retta mot slike som meg; redaktørane. Tendensen gjer, ifølgje Aakvaag, den offentlege samtalen teorisvak, og dermed blir det vanskelegare for oss alle å tolke og tenkje kritisk om hendingar i samtida.

Påstanden fekk meg til å tenkje på kva bøker frå det siste tiåret som har påverka tenkjemåten vår, og dermed den offentlege samtalen, mest. Dei første eg kom på, var:

The Spirit Level. Why equality is better for everyone (2010) av Kate Pickett og Richard Wilkinson, ho forskar og han professor i epidemologi, Sapiens – A brief history of mankind (2011) av Yuval Noah Harari, professor i historie, Thinking – fast and slow (2011) av Daniel Kahneman, nobelprisvinnande professor i psykologi og økonomi, og The Capital in the 21st Century (2013) av Thomas Piketty, professor i økonomi.

Det kan ikkje vere tvil om at dei som er fremst på sine fagfelt, også har størst potensial til å levere dei beste samfunnsanalysane. Men det kan heller ikkje vere tvil om at akkurat desse bøkene har nådd så langt fordi dei har team med høg journalistisk og redaksjonell kompetanse bak seg.

Også i dagens norske ordskifte er nokre av dei mest tonegivande samfunnsdebattantane forskarar: Thomas Hylland Eriksen, Torill Moi, Espen Søbye, Dag Hessen, Arne Johan Vetlesen og Anne Sverdrup-Thygeson. Dei når mange fordi dei i tillegg til spisskompetanse har ei spesiell evne til å formulere seg. I andre tilfelle er det ikkje gitt at det er forskarane sjølv som er best rusta til å formidle innsiktene frå sitt akademiske virke til eit breiare publikum. Dei må likevel kome til orde i publikasjonar utanfor akademia. Alle tekstar treng ikkje nå alle, dei treng berre å finne fram til dei lesarane som ser viktige poeng og kan bringe dei vidare.

Spørsmålet om teori i sakprosa handlar også om kor høge intellektuelle ambisjonar ein har for den offentlege samtalen, og det må vere legitimt for Aakvaag å kritisere ei stadig sterkare favorisering av lettlesen og lettfordøyeleg prosa. Det er ei utvikling vi bør vere merksame på. Professor emeritus Eivind Tjønneland har også vore oppteken av den auka bruken av subjektive perspektiv i sakprosa, mellom anna i Prosa ½019 og ½020.

Likevel bommar Aakvag kraftig på eitt punkt: Utviklinga i og med sosiale medium gjer at det blir stadig vanskelegare å nå lesarane i det vi, med eit etter kvart kjent teoretisk omgrep, gjerne kallar «merksemdøkonomien». Når færre les bøker, og då særleg i yngre alderssegment, krympar også publikummet for akademisk orientert litteratur raskt – men med éit viktig unntak: Journalistar og forfattarar som treng forskingsbasert kunnskap som grunnlag for eigne skriveprosjekt. Dermed gjer Aakvag seg skuldig i det som i dagens ytringsklima er ei dødssynd: Han fornærmar sitt kjernepublikum.

Teksten vart skriven og sendt inn kort tid etter Aakvaags første innlegg.

Mer fra Debatt