00:00 - 03. april 2020

Sakprosaforteljinga bør fornyast

For første – og siste – gong endra eg tittelen etter ønske frå forlaget. 

Modernistisk sakprosa: Ottar Grepstad skriver at boken hans, 1900-talet - forteljingar frå eit hundreår, ikke er skrevet som et historiefaglig verk, men som en litterær bok med fortellinger som brøt ut av visse konvensjoner. Foto: Sara Berntsen / Samlaget

I Morgenbladet 13. mars spør Per E. Hem kvifor ein del forteljingar frå 2000-talet er med i boka 1900-talet. Eg forstår godt at han spør. Lenge etter at komplett manuskript var levert, hadde boka ein heilt annan tittel. Den peika mot form og emne, ikkje mot ein epoke. Diverre greidde forlaget å overtale meg til å skifte tittel. Skulle forteljingar då ut, måtte også mange trådar i boka skrivast om. For første gong endra eg tittelen etter ønske frå forlaget. Det blir nok også siste gongen.

Kva kritikaren Hem meiner om boka, held eg meg langt unna, men der er nokre resonnement i bokmeldinga hans som eg gjerne fører vidare.

Hem finn gode grunnar til at prinsippet om kronologi bør bli ståande sterkt i historiefaget. Det er det lett å vere samd i. I mi tid som forleggjar sa eg ofte til forfattarar at di større og meir kompleks stoffet var, di viktigare var det å komponere boka ganske enkelt. Men 1900-talet er ikkje skriven som eit historiefagleg verk, sjølv om eg gjorde mitt beste for å finne både relevante, pålitelege og uvanlege kjelder. Dette er ei litterær bok med forteljingar som braut ut av visse konvensjonar som eg meiner har prega sakprosaen for mykje. Det Hem kallar anarkistiske tendensar, ser eg difor heller som – i mangel av eit betre ord – modernistisk sakprosa.

Då eg var langt inne i manuskriptet, skreiv Bjørn Vassnes ein treffande artikkel i Klassekampen 18. juli 2019 om «virkelighetens ukjente land». Vi bryr oss meir om figurane i fiktive tv-seriar enn om levande politikarar og vitskapleg kunnskap, sukka han og utfordra nettopp historieskrivarane. Hem finn mykje uventa i boka, men saknar også viktige hendingar, mellom dei fleire frå den andre verdskrigen. I mappa med ubrukte forteljingar ligg fleire av dei han etterlyser. Dei gjekk ut fordi eg ikkje fann den litterære vrien eg var ute etter.

Ja, historiefagleg sett måtte folkemordet på armenarane vore med i ei framstilling av Kemal Atatürks gjerningar. I den litterære inngangen til hendingane kunne eg i staden sjå etter andre sider av det som blei Tyrkia. Difor valde eg å hente fram ein 36 timar lang tale av Atatürk i vissa om at lesarar veit så mangt, men aldri alt.

Syn, ikkje sei, sa forlaget, og dermed strauk eg eit par avsnitt om det eg meiner er den lange linja mellom forteljingane. Forlagets gode råd var å la lesaren tolke sjølv. Er boka blitt så open at samlinga av forteljingar kan tolkast på ulike måtar, er mykje gjort. Så kan fleire bli med og prøve ut fleire forteljemåtar i sakprosa. Det trengst.

Ottar Grepstad

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Vi har inntil 20 prosent rabatt for nye abonnenter. Bli abonnent
Annonse

«Vi finner det nytteløst å fortsette dette ordskiftet.»