Kronikk

Den uverkelege verkelegheita

Den ekstraordinære koronapolitikken har utretta meir for miljøet på 14 dagar enn det miljørørsla har gjort over fleire tiår.

Koronaviruset er i ferd med å skapa ein unntakstilstand i heile verda. Styresmaktene i dei fleste land innfører strenge tiltak: I Frankrike er det portforbod, i Tyskland er det forbod mot at fleire enn to møtes, og i Noreg har vi fått ei koronalov, som gir regjeringa løyve til å setja i gang nødvendige tiltak, utan godkjenning av Stortinget. Fleire statsjuristar har reagert på denne fullmaktslova, som i realiteten opphevar prinsippa i den demokratiske rettsstaten. Dette har aldri skjedd tidlegare i fredstid, og mange av dei omfattande reguleringane i folks daglege liv har vi tidlegare berre opplevd innanfor autoritære og totalitære statar.

Denne ekstraordinære situasjonen inneheld ei blanding mellom frenetisk politiske tiltak og eit sosialt liv på lågast mogleg intensitet. Folk skal ikkje møtast, og Folkehelseinstituttet drillar oss til å leva eit strengt hygienisk liv innanfor «antibac-society». Vi møter dagleg politiske inngrep i daglegliva våre som vert rettferdiggjorte av ein kamp mot ein mogleg dødstrussel. Vi blir stadig eksponerte for politikkens eksistensielle grunnlag, der sjølve livet og døden står på spel. Vi er vitne til at den daglege politiske rutinen er i oppløysing og at den politiske aktiviteten er raudglødande av eksistensiell angst i møte med ein «ytre fiende», som skaper kaos og redsle for liv og helse.

Vi ser med eitt at den liberale politikken sine prosedyrar og rettslege rasjonalitet er endra til kamp og strid mot denne fienden. Regjeringa stengjer grensene, sjølv om viruset alt er i vill spreiing. Norske kommunar agerer som statar. Fleire kommunar har innført grensekontroll, noko som medfører at ingen har lov å reisa ut av eller inn i kommunen. Dei vanlege liberale rettane, retten til å reisa fritt, gå på arbeid og skule, vera aktiv i samfunnet, bu på hytta, besøkja pasientar, delta i kulturelle arrangement, delta i bryllaup, gravferder og seremoniar, oppsøkja tannlege og frisør og eta ute, er for ein ubestemt periode sett på vent. Til og med barn blir instruerte til å ikkje leika fritt med kvarandre, og det vert oppmoda om å avlysa fødselsdagsselskap.

Den vanlege politiske legaliteten, den strengt lovregulerte politikken, er oppheva i ein ekstraordinær politikk som nettopp hentar legitimitet frå forsøk på å handtera denne nød- tilstanden med politiske midlar som hadde vore utenkelege berre for to veker sidan. Kven kunne sjå for seg for to veker sidan, at vi fekk grensekontroll, masseinternering, at politiet bankar på hyttedørene til folk, at det er straffbart å bryta heimekarantenen, at heimevernet er mobilisert, alle kommunikea frå helseministeriet, og regjeringa sine stadig meir drastiske tiltak for å avgrensa ein kvar rørslefridom.

Det uverkelege er svært raskt blitt den nye verkelegheita, nesten alle daglege rutinar er oppløyste. Vi lever innanfor ein nærast revolusjonær tilstand, og vi veit ikkje om vi nokon gong kan venda tilbake til just det same samfunnsliv som vi hadde før pandemien. Miljørørsla har streva for massemobilisering i 30 år, men den ekstraordinære koronapolitikken har utretta meir for miljøet på 14 dagar enn det miljørørsla har gjort over fleire tiår. No veit vi at vi har kapasitet til å skapa politiske mirakel, berre nødtilstanden vert prekær nok.

Politisk suverenitet spring i alle land — nett slik den tyske rettsfilosofen Carl Schmitt (1888-1985) skildra dette — utifrå kontroll over unnatakstilstanden, den eksistensielle redsla for døden, og kampen mot den eksterne fienden, eller koronaviruset. Til alt hell er ikkje virustrusselen kopla til migrasjonskrisa, da kunne verkeleg den liberale politikken stå i fare. Liberalismen er for ei ubestemt tid sett på vent, og den totalitære politikken i Kina, og den kinesiske handteringa av denne eksistensielle trusselen, står brått fram som eit uhyggeleg ideal.

Og denne frenetiske politikken, kunne ha vorte ein totalitær fare, nettopp fordi den går hand i hand med nedkjøling av samfunnet og demobilisering av all aktivitet, men heldigvis har vi eit sterkt folkestyre her i landet, så dette vil vera ein tidsavgrensa unntakstilstand. Utan denne intense samhandlinga på offentlege møteplassar, vert folk makteslause andsynes den politiske makta.

Men vi har alt lært mykje av krisa. Denne gongen var det mest truleg nødvendig med sterke inngrep i dei liberale fridommane. Men vi har samstundes sett at vi må vera på vakt mot politiske styresmakter som rettferdiggjer sin politikk med at vi står overfor ein dødeleg trussel, og at denne trusselen om død og sjukdom kan møtast gjennom å eliminera alt vanleg samfunnsliv.

Denne gongen var det ein sosialdemokratisk dugnadsinnsats, men det som har skjedd dei siste dagane, er også ei oppskrift på eit totalitært samfunn. Det er uhyggeleg å vera vitne til dette omfattande eksperimentet for å verna om dei mest sårbare, også viser oss kor snøgt normalt samfunnsliv kan setjast i kvilemodus. Og ingen kjenner til kva som skjer når vi startar opp att våre daglege gjeremål.

Mer fra Kronikk