Debatt

Borgersen misforstår intimregi

Ein intimregissør sin jobb er å finne ut kva den enkelte skodespelars grense er.

Det er tydeleg at fleire av mine kollegaer i teateret ikkje har så god forståing av fagfeltet intimregi.

I Morten Borgersen sitt innlegg 21. februar skrivar han: «Hvis du som regissør skal bestemme hvordan og hvor lenge et kyss skal vare, og hva personene skal føle, slik en av koordinatorene mener i artikkelen, da går du over en grense som instruktør.» Eg er einig med Borgersen i at skodespelarane sine grenser er viktig, dette er heile poenget med intimregi. Men eg opplever at han misforstår både prosessen og funksjonen til intimregi.

Det er viktig å forstå at det ikkje er nødvendig å bestemme lengda på eit kyss i alle intime scener, men i nokre situasjonar er det viktig. Er det derimot ikkje viktig, og alle involverte er nøgde med at kysset har varierande lengde både personleg og kunstnarleg, då er det heilt i orden. Poenget er at ein legg trygge rammer og koreografi der det er nødvendig, slik at skodespelarane trygt kan fylle scena og gje seg hen til handlingane. Meininga med intimregi er ikkje å detaljstyre.

Borgersen seier vidare: «En intimkoordinator er ikke del av et konsept, en analyse, altså det en instruktør og skuespillere bruker for å forstå og arbeide frem en forestilling.» Dette er heller ikkje korrekt.

Eg er ikkje intimregissør sjølv, men eg veit at dei er så involvert som dei blir bedt om. Set du opp eit intimt stykke, synst eg det vil vere ein god idé å involvere spesialisten tidleg i den kreative prosessen. Då kan ein utvikle dei intime scenene parallelt med analysen. Om du tar inn ein spesialist seint, fordi du nedvurderer rolla deira, er det vanskelegare å få arbeidet deira til å samsvare med resten av konseptet. Det er ikkje intimregissøren sin feil, eller faget generelt, men heller regissørane som ikkje inkluderer spesialistar tidlegare i prosessen.

Borgersen seier: «Enhver instruktør som kan faget sitt og forstår hvordan skuespillere arbeider, ville aldri si at i denne scenen skal det være en valdtekt — og den bare improviserer vi frem.» Ein regissør har moglegheit til å forbetre ferdigheitene sine kring intimscener, uavhengig av om Borgersen meiner vedkommande er god eller ikkje. Det finst mange døme på kjende regissørar, som t.d. Bernardo Bertolucci, som har handtert intimscener dårleg. Prinsippet for intimregi er likestilt for alle regissørar uansett kva nivå dei er på. Det er heller ikkje berre i valdtektsscener at problem kan oppstå. Ein intimregissør sin jobb er å finne ut kva den enkelte sine grenser er, og legge opp eit trygt løp slik at jobben blir betre utført.

Norske regissørar er ikkje fritekne frå å kjenne seg usikre på korleis ein skal regissere intimscener.

Mange utøvarar og andre profesjonelle i teaterfeltet i Noreg har opplevd å bli pressa til å gå over eigne intimgrense, ifølge nye undersøkingar. Norske regissørar er ikkje fritekne frå å kjenne seg usikre på korleis ein skal regissere intimscener. Hugs også på at intimregi ikkje berre handlar om å fikse problem, men også å forbetre den kunstnarlege kvaliteten.

Skodespelarar eg har snakka med på kurs føler seg oftast sårbare tidleg i karrieren og kjenner seg pressa til å gå med på noko av frykt. Mange har følt seg pressa til å haste inn i intime scener som dei ikkje kjende seg førebudd på. Nokre gonger er ei scene raskt endra til å innehalde eit nivå av intimitet som ikkje er avtalt. Andre er blitt bedt om å øve åleine på intimscener med scenepartnaren sin. Nokre er plutseleg blitt bedt om å kle av seg på audition. Fleire fortel om scenepartnarar som har forandra handlingane i scena til noko dei ikkje er komfortable med. Alt dette har hendt i Noreg, og det er mogeleg å unngå.

Ikkje alle skodespelarar kjenner seg komfortable til å ta opp problem med regissøren, eller med tillitsvald. Nokre skodespelarar har kanskje veldig gode, personlege grunnar til å føle seg ukomfortabel med ein scene. Andre er heilt komfortable med fysisk intimitet, men slit med å gjere det meiningsfullt emosjonelt. Intimregi hjelper til med å etablere god kommunikasjon mellom alle involverte i ei scene, respektere personlege grenser, og å oppnå deira kunstnariske mål.

Jeff Pedersen

Mer fra Debatt