10:25 - 05. februar 2020

Spisse olbogar løner seg

Feillesinga av Darwin er på mange måtar grunnmuren i menneskesynet som er nedfelt i nyliberalistisk ideologi.

 Fridomen og marknadslogikken: Fridom er ingen statisk storleik. Fridom for kven, spør Runar Dahle. Foto: Francis Miller/The Life Picture Collection / Getty Images

Nyliberalismen er under lupa igjen, og det er i sanning eit kafkaesk ordskifte ein er vitne til. Torbjørn Røe Isaksen og Kristin Clemet, i ambivalente roller som forsvarsadvokat for denne, i deira auge, vår tids moderne Josef K. — nyliberalisme — stiller seg uforståande til tiltalen. Den famnar for breitt, for upresist. Klienten deira kan umogeleg, med forsett eller aktløyse, vere skuldig på alle tiltalepunkta?

Arne Johan Vetlesens forsøk på å fremje systemkritikk avslørar, nok ein gong, ei systematisk uvilje mot politisk førestillingsevne. Det er denne utposten dei soknar til, dei ambivalente forsvarsadvokatane, ein enklave der alt er relativt, med den verkelege verda på trygg avstand. Sist ut er Andreas Hardhaug Olsen, som i sitt innlegg 10. januar går for den klassiske greina innan liberalisme-forkynning, med eller utan prefikset -ny, med terping på denne ismens kameleonaktige dygd — Fridom med stor F: «politisk frihet er en umulighet uten økonomisk frihet»; «liberalistene (skal) overlate til individet selv den etiske oppgaven med å finne ut hvordan hans eller hennes frihet skal brukes»; «Friedman (var) en klassisk liberalist opptatt av hvordan maksimere enkeltindividets frihet».

Presisjonsnivået her kontra Vetlesens får vere opp til kvart enkelt, frie individ å bedømme.

Fridom er ingen statisk storleik. Fridom for kven? I politisk samanheng er ordet innhylla i tåke, og fungerer meir som ein eufemisme for avpolitisering som politisk ideal: Fridom frå politisk verkelegheit.

Korleis er det å leve og virke i ei verd der marknadslogikken annekterer stadig større del av liva våre? Det var vel dette som var Vetlesens ærend? Ikkje å antyde, slik Røe Isaksen harselerer, at vi er i ferd med å gå frå velferds- til nattvektarstat. Svara frå dei ambivalente forsvarsadvokatane vitnar, om ikkje anna, om mangel på politisk empati, og manglande evne til å ta innover seg dei praktiske følgjene av ein utopi der menneskets hjarte og sjel, som Thatcher med paradoksal autoritær klang slo fast, det ulne fridomsomgrepet tatt i betraktning, skulle reformerast med marknadsøkonomi under slagordet: There is no alternative. Ein skulle nesten tru det var snakk om ei naturlov.

«Markets are a state of nature which has spontaneously evolved, and to disregard their rules is as pointless as attempting to ignore the laws of gravity.» Orda tilhøyrer Keith Joseph, som utgjorde ein del av leiartroikaen i det konservative partiet saman med nettopp Thatcher, men kvar skriv desse førestillingane seg frå?

Herbert Spencer, viser det seg, Charles Darwins samtidige og mannen som mynta omgrepet survival of the fittest. Denne termen blir ofte tatt til inntekt for eit syn som fremjar konkurranse og aggressiv sjølvhevding, mens både Darwin og Spencer forstod omgrepet i tydinga «dei mest tilpassingsdyktige». I motsetnad til Darwin, derimot, meinte Spencer at evolusjonen hadde eit endemål. I tillegg, og meir avgjerande for dei som trykte ideane hans til sitt bryst, meinte han at evolusjonen ikkje berre omfatta dyr og plantar, men også gjorde seg gjeldande i samfunnet som såleis. I det spencerske verdsbildet er staten ein uønskt mutasjon som hindrar mennesket i sin naturlege progresjon mot perfeksjon. Dermed fann Spencer det naturleg å opphøgje privat eigedomsrett og konkurranse mellom individ til ein essensiell del av homo sapiens’ eksistensvilkår. Det er i denne sosialdarwinistiske tradisjonen, med spøkelset til Spencer i bakgrunnen, at den nyliberale krumtappen Friedrich Hayek med religiøs overtyding, så å seie, kan slå fast: «The market is a specific outcome of evolution itself.»

Så snart evolusjonen hamna under ei økonomisk matrise, vart tilpassingsdyktig, som gjerne kan innebere varsamheit og altruisme, erstatta av mest suksessfulle, som gjerne inneber kynisme og hensynsløyse. Den viktigaste ambassadøren for Spencers «vitskapelege» kritikk av staten, var samfunnsvitaren William Graham Sumner:

«In a natural system of competition, Sumner proclaimed, survival is determined without state interference or privilege. Thus liberty, properly understood, means ’the abnegation of state power’ and the frank acceptance of inequality. In American capitalist society, Sumner’s arguments were readily accepted by barons of industry and industrial concentrations were seen as part of the narrative of progress» (Neo-Liberal Ideology, Rachel S. Turner).

Feillesinga av Darwin er på mange måtar grunnmuren, eller fossilet om du vil, i menneskesynet som er nedfelt i nyliberalistisk ideologi: Ulikskap er naturleg, spisse olbogar løner seg, og konkurranse er ein ontologisk storleik som i likskap med skaparverket aldri må tuklast med. I denne konteksten gir det nesten meining å følgje sjefideolog Hayek sitt resonnement om at forsvaret av marknadskapitalismen er viktigare enn demokrati, fordi «berre kapitalisme gjer demokrati mogleg».

 

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Vi har inntil 20 prosent rabatt for nye abonnenter. Bli abonnent
Annonse

«Vi finner det nytteløst å fortsette dette ordskiftet.»
«Mitt anliggende er kvaliteten på den offentlige debatten i Norge.»