Debatt

Siri Martinsens «virkelighet»

At mennesket berre er eit dyr blant andre dyr, er eit positivistisk credo. Vitskap er det ikkje.

Veterinær i Noah, Siri Martinsen, klagar i Morgenbladet nr. 50 over at menneska gjennom alle tider har legitimert utnyttinga av dyr ved å finne «forskjeller» mellom menneske og andre dyr, og at filosofar som Jens Saugstad, med sine kantianske, universalistiske skavankar stikk sverdet brutalt «i dyrene».

Pussig er det da at ho sjølv i praksis gjer det same. Ho snakkar om «oss» og «dem», trass i at ikkje-menneskelege dyr har flotte eigenskapar som «vi alle kan være stolte av», og nemner mellom anna at «dei» kan tenke, mekle fred, lage reiskapar og ha dei same grunnleggande kjenslene som «oss» menneske. Konklusjon: Vi er eit dyr blant andre dyr. Sau eller veterinær, det er same ulla.

For å forsikre lesarane om at alt dette er vitskaplege innsikter, viser ho til «The Cambridge Declaration on Consciousness» (2012), som slår fast at våre medskapningar har det materielle grunnlaget for «bevissthet og evne til å handle med intensjon». Men dette er ikkje berre ei naturvitskapleg sak, og bak nemnde deklarasjon stod det berre fysikarar, nevrologar, et cetera, med Stephen Hawking i spissen. Ord som «bevissthet» og «intensjon» i dyresamanheng tyder ikkje heilt det same som medvit og intensjon i menneskelege prosjekt. Eit planlagt arbeid, ein års- eller femårsplan, er homo sapiens åleine om å produsere, og ingen dyreart har ei livsform som er basert på bruk av reiskapar. Sjølv ikkje den flinkaste bikkja er i stand til å bygge seg eit hundehus.

Martinsens og Cambridge Declarations metode er så enkel som dette: å teie om dei avgjerande forskjellane. Den universelle sosiale evna til å kommunisere språkleg og å lære seg eit anna språk enn morsmålet, er her gløymt. Det same med den menneskelege fantasien, evna til å overskride, å skape materielle ting (og å føre krig!), samt å tolke tilværet ved hjelp av mytologi, kunst, forteljingar og musikk, i tillegg til abstrakt tenking. Dermed hamnar Martinsen i same fella som Saugstads fem kollegaer, som trur at vi kan kvantifisere ulikskapar i moralsk status, og som med rette fekk humanistisk basert kritikk for dette. At mennesket berre er eit dyr blant andre dyr, er eit positivistisk credo. Vitskap er det ikkje.

Jon Langdal

Mer fra Debatt