Annonse
14:31 - 28. januar 2020

Ein dyrlege er ikkje «bare» eit dyr

Alt heng saman med alt. Blir graset brunt, døyr kua. Døyr kua, døyr mannen.

Går Siri Martinsen til politiet når eit lammeliv blir ofra på fårikålens alter, spør Jon Langdal. Arkivfoto: Hanne Marie Lenth Solbø
Annonse

I Siri Martinsens siste innlegg er fråværet av samanhengande argumentasjon prekær. Eg skal prøve eit siste forsøk på å nå fram. Til orientering: Eg har aldri nekta for at mennesket er av apeslekt, og eg har ved sjølvsyn konstatert at eg har ein kropp, som til og med skal vere døyeleg. Det er til å leve med.

Martinsen spør kven ein i spørsmålet om vitskapleg definisjon av mennesket skal søke råd hos: Store norske, Darwin eller grunnskoleboka i biologi. Svaret er: ingen av desse. Artikkelen i vårt sentrale leksikon underslår, som gjengs overklassefilosofi elles, at arbeidet er eit basalt kjenneteikn på menneskearten. Darwin var ingen fagmann på homo sapiens og legg vekta på biologisk arv og utvikling hos alle dyreartar, samt at naturen ikkje er målstyrt (teleologisk). Men i motsetning til det naturalismen trur, er ikkje heilskapen av menneskets dynamiske evner og aktivitetar tilgjengeleg for naturvitskapleg studium; den er det aleine opp til allmenn tankekraft å klargjere.

Siri Martinsen går så langt at ho relegerer spesifikt menneskelege kulturevner (handverk, dans, kunst, song og spel, sport og tenking etc.) til ei «raritetskiste» av «tilfeldige» ting. Men i denne kista held også veterinærane til. Ein dyrlege er ikkje «bare» eit dyr. Martinsens sjølvforståing blir ikkje mindre problematisk når ho avviser at dei nemnde evnene er «relevante egenskaper for moralsk status». Men andre dyrs kognitive og andre gode evner skal altså gi slik status! Forstå det den som kan.

Det vi gjer, har større vekt enn det vi seier. Dersom eg ein dag skulle forgripe meg grovt, ville eg hamna i kasjotten. Men går Siri Martinsen til politiet når eit lammeliv blir ofra på fårikålens alter?

Alle vil truleg som Siri Martinsen håpe på at alle med «iboende verdi» unngår «smerte og lidelse» og får «oppleve glede og gode relasjoner». Men i naturen er det hauk over sporv, og kva «rett» har rådyret med all sin verdi i relasjonen til ei svolten gaupe? Eller er den grufulle smerta ein elg opplever i dødskampen mot bjørnen, noko veterinærar eller andre kan hindre? Det gjeld å vite kva for ein planet ein er på. Her gjeld den buddhistiske læra: Alt heng saman med alt. Blir graset brunt, døyr kua. Døyr kua, døyr mannen. Med furu, gråstein eller granitt skal du bygge ditt hus. Slik har all stoffveksling «verdi».

Å setje menneske og dyr på (omtrent) like fot er del av den filosofiske reaksjon. Vegen frå den velmeinte trua på at dyr er (nesten) like verdifulle som «oss», kan gå fort over til evangeliet om at «vi» eller «dei andre» «bare» er sauer som kan slaktast kvar som helst.

Innlegget er oppdatert 29.01.20. 

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Vi har inntil 10 prosent rabatt for nye abonnenter. Bli abonnent
Annonse