Ideer

Typisk 10-tallet

Morgenbladet spør: Hva har overrasket deg mest på 2010-tallet? Her er Nils Rune Langelands tilbakeblikk:

Diagnosar, netthat og identitetspolitikk. På desse apokalyptiske hestane rir 10-ungdomane gjennom SoMe-natta under klimagudens raudglødane auga. Ingen gidd lese. Ingen gidd tale med vit eller vidd. Ingen gidd lytte. Ingen ler fritt. I cyberholene som mishandla kosedyr frå barnehagen remjar dei hylande og fresande utetter ingenmannsland. Henrik Wergeland er død, Peer Gynt er død. Jens Bjørneboe er død. Berre Brand lever. Hen er 10 år og representerer MDG. Med hysterisk barnerøyst forkynner hen domedag på alle plattformar. Det er tiåret då alle norske menn blei femti og kvite. Kvit eller svart. Verken røter, føter eller karneval som nokon trudde på 00-talet. Historia er ei grav nokon har opna opp for alle skrømta som ropar etter rett og hemn. Diktarane rundar hundre og feirar sitt rituelle og gløymde ungdomsopprør omkrinsa av svermar av kulturdirektørar som talar åmåsk. Politikarane syng skillingsviser medan dei sextar med rentseekers. Alle løper langs gjerdet og leitar etter eit hol. Alle vil bort. Alle vil vere i fred.


Les flere tilbakeblikk på 2010-tallet her. Les hva de samme skribentene skrev om 2000-tallet her.

Mer fra Ideer