Debatt

Ja til meir folkeskikk!

Me skal ikkje berre tole, me må òg bli tolt.

Eg er samd med Carina Elisabeth Beddari når ho i meldinga si av Sigrid Sollund sin Skikk og bruk sist veke tek til orde for at me må tole meir av medmenneska våre. Men medmenneske skal ikkje berre tole, me må òg bli tolt, og folkeskikken ho mistrur, er ein innsats me gjer for å bli tolt. Eit sosialt smørjemiddel. Det du kommuniserer til meg når du rekk meg handa utan å reise deg, utover at du ikkje har manerar, er at mitt frammøte ikkje er verdt to kaloriar, bokstaveleg tala.

Sist veke måtte ei høggravid venninne (fem dagar til termin) stå heile bussturen til jobb. For tre veker sidan kom ein mann med foten i gips og krykker på T-banen, og ikkje ein kjeft reagerte. I somme ting er kanskje folkeskikk kunstig, men det trenar oss på å ta omsyn til menneska rundt oss. Som med kjønnskvotering treng me ofte formelle strukturar for å få til det me eigentleg alle saman er samde om, og eg tør vedde på at døma over ikkje hadde hendt i land med strangare tradisjon for folkeskikk og kutyme.

Nils Hallvard Korsvoll
Gamal og sur

Mer fra Debatt