Annonse
10:39 - 13. november 2019

Ei feministisk bok frå 1970-åra er framleis skuffande aktuell, skriv Kristin Fridtun.

Ei feministisk bok frå 1970-åra er framleis skuffande aktuell, skriv Kristin Fridtun.

Annonse

Egalias døtre (1977) av Gerd Brantenberg går for å vera ein svært underhaldande roman. «Morsom og kreativ bok», skriv ein bokelskar. «Morsom og interessant satireroman», skriv Bokkilden. Eg har sjølv omtala boka som «artig» og «snodig» når eg har drøfta henne med vener, og eg har humra godsleg når eg har tenkt på dei språklege nyvinningane i boka. «Alkvinkvinneskelige spørsmål.» «Frue min hatt!» «Herrentimmer.» «Gå kvinn av huse.»

Men i haust las eg boka opp att, og jamvel om eg mora meg dronningleg, vart eg ikkje direkte blid av å lesa henne. Nei, denne boka var då slett ikkje berre morosam! Ho var opprivande, provoserande, urovekkjande. Hadde eg gløymt det? Eller hadde eg berre ikkje fanga det opp tidlegare? Det spelar for så vidt inga rolle. Hovudsaka er at eg i mange år har gått og framstilt denne boka som meir harmlaus og mindre politisk enn ho i røynda er. Den skaden må bøtast, så difor spør eg:

Kvifor er Egalias døtre provoserande og politisk relevant? Og kvifor er ho det no, i 2019?

Det stutte svaret er at romanen krinsar om makt. Maktstrukturar, maktmisbruk, vanmakt og motmakt. Boka syner fram den makta menn har over kvinner, men ho gjer det på ein indirekte og svært verknadsfull måte: Boka skildrar eit samfunn der det kjende kjønnshierarkiet er snutt på hovudet.

I staten Egalia har kvinnene makta, og makta deira pregar alle samfunnsområde. Lovverket, arbeidslivet, medisinen, historiebøkene, moten, språket, trudomslæra og dei sosiale normene – alt saman er i stor grad utforma og styrt av kvinner, og alt saman gagnar kvinnene mest. Det er opplagt urettvist, og det verste er at mykje av det framleis er attkjenneleg.

Gutane og mennene i Egalia er til dømes underlagde strengare kropps- og venleiksideal enn jentene og kvinnene. Gutane lærer tidleg at dei må stella og pynta seg, så damene har noko fint å sjå på. Mennene skal helst ha fagert og tjukt hår på hovudet, men kroppshåret må dei fjerna, og dei må gå i upraktiske og ukomfortabelt tronge klede, medan kvinnene får gå i lause og komfortable klede. Dei ujamne makttilhøva ter seg òg på soverommet: Kvinna si tilfredsstilling er viktigare enn mannen si. Dessutan er det mennene som går på p-piller, og det er mennene som må ta seg av borna som vert fødde, anten dei har lyst eller ikkje.

KJØNNSLIV

Kjønnsliv er en spalte om kultur og biologi, feminisme og anti-feminisme, kjærlighet og kjærlighetskamp. 

Spaltistene er Kristin Fridtun, Espen Ottosen, Nora Mehsen og Kyrre Wathne.

Det tydelegaste provet på kvinnedominansen i Egalia – og det mest kjende draget ved romanen Egalias døtre – er likevel sjølve språket. I Egalia bur det kvinneske, ikkje menneske, og me høyrer om serveringsherrar, husfedrar, sigerfruer, matriotiske dikt og sjøkvinnsromantikk. Gud er rimeleg nok kvinne, og i den storslegne historia til mødrelandet møter me «general Hunnibal», som var «Stor-Frutug» av Palluria.

Men korleis vert dette systemet grunngjeve? Kvifor er det kvinnene som har den overordna stillinga i samfunnet?

Det er biologisk, må vita. Heilt naturleg. Kvinnene kan bera fram born, dimed står dei i eit tett samband med livet, jorda og skapinga. Mennene har eit fjernare og meir abstrakt tilhøve til livsprosessane, og dei er difor meir disponerte for sverming, vimsing og irrasjonalitet. Dessutan har mennene eit svært sårbart organ hengande utanpå kroppen, så dei må halda seg unna ei rekkje fysiske aktivitetar, til dømes riding.

Dette er den rådande læra i Egalia, og ho vert oppfatta som objektiv, nøytral og vitskapleg fundert. Då ein av «lærarannane» i grunnskulen, herken Uglemose, dristar seg til å fortelja elevane at menn reint biologisk er sterkare enn kvinner, vert han straks kalla inn på kontoret til rektor Barmerud, som seier: «Det er utmerket at De har Deres eget, selvstendige syn på saker og ting, herken Uglemose, men mannesakspropaganda […] hører ikke hjemme på vår skole.»

Umyndiggjering og «kvinnsplaining» er kvardagskost for karane i Egalia, slik umyndiggjering og «mansplaining» er kvardagskost for mange kvinner den røynlege verda. Mange røynlege kvinner tek dessutan etternamnet til ektemannen, slik mennene i Egalia tek etternamnet til kvinna dei gifter seg med. Som det står i ein artikkel frå forsking.no frå 2015: «Mønsteret er at kvinner tenker over hvorvidt de skal bytte eller beholde etternavnet sitt, mens menn ikke tenker noe på det.» Menn eig mest og tener mest, og korleis er det med det offentlege rommet – er det flest menn eller kvinner som er heidra med gatenamn og statuar?

Det finst folk som trur at ei feministisk bok frå 1970-åra må vera håplaust utdatert i dag, men då Helene Uri, Madeleine Schultz og eg diskuterte Egalias døtre på Deichman Grünerløkka tidlegare i oktober, i møteserien «Feministisk leseliste», var me alle samde om at boka er skuffande aktuell. Samfunnet har rett nok endra seg til det betre på nokre punkt: Kvinner er betre representerte i styre og stell, menn gjer meir husarbeid, og språket er ørlite grann mindre mannsdominert (jf. ordensmann > ordenselev, postmann > postbod). Det må òg nemnast at nokre av emna som er sentrale i det kjønnspolitiske ordskiftet i dag, som trans og kvitleik, ikkje er handsama i boka.

Men framstillinga av korleis makta ter seg, råkar framleis blink. Og boka er morosam. Ho står seg – slik klassikarar gjer.

Kristin Fridtun har mellom anna skrive bøkene Kjønn og ukjønn (2015), Homoflokar (2018) og Språket er ei bukse (2019).

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Vi har inntil 40 prosent rabatt for nye abonnenter. Bli abonnent
Annonse

«Jeg ser behov for å korrigere de groveste misforståelsene om statens eierutøvelse.»
«Arbeidslivet trenger tilstedeværelsen av mennesker som av og til trenger litt ekstra støtte.»
«Denne forestillingen om at en minoritet forstiller seg, er avgjørende, og farlig.»
«Større studier er i gang og vil muligens føre til godkjennelse av MDMA i 2021.»
«Myndighetene må legge til rette for at utenlandske studenter kan forfølge karrieremuligheter i Norge.»
«Moralsk ansvar kan lede til større politisk handlingsvilje globalt. Men så er det veien dit, da.»