Annonse
13:49 - 07. oktober 2019

Kvifor er ordet «hore» så fælt, spør Kristin Fridtun

Kvifor er ordet «hore» så fælt, spør Kristin Fridtun.

Annonse

Om me vil vita kva tabu og normer som gjeld i eit samfunn, skal me sjå på ordtilfanget. Skjellsord som idiot, pyse og latsabb fortel oss at toskeskap, reddhug og latskap er lite populære eigenskapar, medan djervskap, klokskap og verketrong er rett og bra. Skjellsorda gjev oss såleis ein negativ åtferdsinstruks: Dei fortel korleis me ikkje skal te oss om me vil fylgja normene i samfunnet.

Ord som tøs, flogse, tøyte, flyfille, sklie, ludder, felleshòl, tispe, hore og madrass fungerer på same måten. Orda vert nytta om personar – som oftast jenter og kvinner – som ikkje ter seg slik samfunnet vil at dei skal te seg. Nettopp kjønnsdimensjonen er viktig her: Me har mange nedsetjande ord for «lauslyndt kvinne» i språket vårt, men me har temmeleg få ord for «lauslyndt mann». Kvifor er det slik?

I boka Den liderliga kvinnan och den omanlige mannen: Skällsord, sterotyper och könskonstruktioner (1999) kjem språkvitaren Margareta Svahn inn på dette spørsmålet. Ho viser dessutan kor ujamt ordtilfanget er. Då Svahn granska svensk skjellsordbruk frå norrøn tid og fram til 1990-talet, fann ho fire gonger så mange ord for «utuktige» kvinner som for «utuktige» menn.

KJØNNSLIV

Kjønnsliv er en spalte om kultur og biologi, feminisme og anti-feminisme, kjærlighet og kjærlighetskamp. 

Spaltistene er Kristin Fridtun, Espen Ottosen, Nora Mehsen og Kyrre Wathne.

Denne språklege skeivskapen er ei fylgje av kjønnsnormene, meiner Svahn: Den kvinnelege seksualiteten har tradisjonelt vore halden i strammare tyglar enn den mannlege. I reproduksjonen fell mange av dei tyngste og viktigaste oppgåvene på livmorberaren (som stort sett er ei kvinne), dimed får ho eit større ansvar for folkesetnaden og slektslina enn sædcellegjevaren (stort sett ein mann), og dimed vert ho hardast straffa for lauslivnad. Slik sett er det forståeleg at språket har flest skjellsord for kvinner som bryt normene. Det er deira seksualitet samfunnet retter merksemda mot og ynskjer å kontrollera. Mannfolka er det liksom ikkje så nøye med.

Det norske (og svenske) samfunnet har rett nok endra seg mykje dei siste femti åra, og i dag er sex før ekteskapet regelen snarare enn unnataket. Men skjellsordbruken fylgjer i stor grad det same mønsteret som før. Som språkvitar Tor Erik Jenstad seier det i boka Din hånstaur! Saftige trønderske skjellsord (2012): «[H]ore er stadig eit svært sterkt skjellsord, og dei fleste og verste skjellsorda til kvinnfolk, dei som bit best, som er mest sårande, går stadig på dette.»

Ja, skjellsordbruken vår tyder på at me framleis kontrollerer og dømer seksualiteten til kvinner strengare enn me dømer menn. Kan henda finst det nokre gamle, djuptliggjande strukturar som pregar oss utan at me merkar det? Det er i alle fall eit faktum at ord som horebukk, skjørtejeger og fuckboy vert oppfatta som relativt harmlause eller jamvel komiske, medan hore og felleshòl er alvorlege ord som det er skamfullt å få klistra på seg. Men har hore alltid vore stygt?

Om me slår opp i etymologiske ordbøker, ser me at substantiva hor og hore og verbet hora har eit overraskande triveleg opphav. Desse orda kjem truleg frå ei indoeuropeisk rot som tyder «ha kjær, trå etter, ynskja». Frå den same rota kjem adjektivet kjær (jf. latin carus «kjær»).

Hor og hore og verbet hora har eit overraskande triveleg opphav.

Jamvel om hor(e) og kjær er i nær slekt, har hor-orda ein negativ klang, og slik har det vore i over tusen år. Norrønt hór vart nytta om ekteskapsbrot og andre former for usømd, og dersom ei kvinne i norrøn tid låg med nokon ho ikkje burde liggja med, var ho ei hóra. Om ein mann gjorde det same, var han ein hórr eller hórkarl. Orda hóra, hórr og hórkarl vart såleis nytta om «vanlege» kvinner og menn som braut seksualitetsnormene. Men hóra hadde òg ei anna tyding: Det vart nytta om kvinner som selde sex.

Folk i mellomalderen hadde ei rad ord for «kvinne som sel sex», til dømes portkona, skǿkja og púta (lånt frå gamalfransk). Me finn òg norrøne variantar av uttrykket «son of a bitch»: pútusonr, skǿkjusonr og bikkjusonr.

Det er verdt å merka seg at det ikkje er registert noko kvinneleg motstykke til desse orda. Me finn ikkje pútudóttir, skǿkjudóttir eller liknande i ordbøkene. Det òg heng saman med kjønnsnormer. Ord som pútusonr indikerer at far er ukjend, og i eit patriarkat er det verre for ein mann enn for ei kvinne å ikkje vita kven faren er. Mange menn har dessutan meint at det er deira oppgåve å passa på og råda over dei andre familiemedlemene, dimed er det verre for ein mann enn for ei kvinne å ha kvinnelege slektningar som «ligg rundt», for det tyder på at mannen mislukkast med å kontrollera damene sine.

Hore er dimed det perfekte skjellsord: Me kan bruka det til å såra både kvinner og menn.

I nyare slang hender det at hore vert nytta i tydinga ‘jente’ eller som eit slags kjælenamn, jamfør dette autentiske dømet som Ruth Vatvedt Fjeld har teke med i Norsk banneordbok (2018): «Magnus, din hore! jeg har ikke sett deg på flere måneder!» Dømet viser at det er mogleg å nytta hore på «fine» måtar. Men det vert nok ikkje eit uproblematisk eller nøytralt ord med det fyrste.

Kristin Fridtun har mellom anna skrive bøkene Kjønn og ukjønn (2015), Homoflokar (2018) og Språket er ei bukse (2019).

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Vi har inntil 40 prosent rabatt for nye abonnenter. Bli abonnent
Annonse

Civita har ikke utviklet noen «felles ideologisk plattform» rettet mot «unge sjeler og sinn»
Rekorden i antall uføre er et problem
Heideggers søken etter det ekte, er ikke nødvendigvis et utslag av totalitarisme