Debatt

Om å vera kvit og priveligert

Eg er priveligert. Eg har eit norsk namn og eg ser norsk ut. Uansett kan eg ha utfordringar.

HVITHET Forrige ukes lederartikkel sa: «Selvinnsikt må være på plass i et reelt samhold. Det gjelder uansett hvem man er i verden; kjenn deg selv, kjenn dine privilegier.»

Det er greitt, eg har innsett dette: Eg slepp å bli dømt på hudfarga mi – blant den norske majoriteten. Men kva med dei mørkhuda, blir eg kategorisert av dei? Til dømes som privilegert, som løs, som rasist? Forventar dei å bli dårleg handsama av meg? Eller er dei opne for kven eg er, slik dei vil at eg skal vera mot dei?

Men kva med dei mørkhuda, blir eg kategorisert av dei? Til dømes som privilegert, som løs, som rasist?

Noko som er viktig å hugse på, er at alle folk automatisk kategoriserar alle andre dei møter; utifrå klede, alder, kjønn, hudfarge, oppførsel, språk, osv. Dei som er mest lik oss sjølve, er vi mest positive til. Ser eg ei stivpynta jente – tenkjer eg at ho er overflatisk. Det er ikkje sikkert det stemmer. Kanskje er dette ei reflektert jente, med mange meiningar. Ser eg ei jente med hijab – tenkjer eg at ho er sterkt religiøs og veldig oppteken av å gjere alt etter Koranens bud. Det er ikkje sikkert det stemmer. Kanskje vil ho berre gå med hijab fordi det er enklast, at det er forventa, at ho likar den godt, at mange ho ser opp til bruker hijab, eller ein heilt anna grunn.

Ser eg ein gjeng unge menn som er veldig opptekne av bilane sine – tenkjer eg at dei berre skal imponere. At dei ikkje finst idealistiske, og sjeldan hjelper veslesystrene sine. Det er ikkje sikkert det stemmer.

Eg føler at desse orda: «kvite tårer», «kvit sårbarhet» eller «kvit skuldkjensle», desse orda blir spytta ut mot oss kvite. At mange mørkhuda er sinte, og ikkje greier å sjå meir enn ei side. At dei meiner vi kvite er patetiske. Når vi faktisk prøver å ta skuldingane innover oss.

Dersom vi nekta å sjå dei mørkhuda sine problem – da hadde vi vel ikkje hatt tårer, sårbarhet eller skuldkjensle? I staden hadde vi lukka øyrene, og ikkje hatt ei einaste kjensle utanom. At heile saka verka uinteressant.

I staden prøver vi å sjå oss sjølve i ein annan kropp – ein lite privilegert kropp – ein som kan få høyre heile livet: «Du bør ikkje bruke bunad, du er jo ikkje frå Norge. Før de kom hit, var landet vårt trygt. Kva land kjem du frå, kva tenkjer du om feil flagg på 17. mai, kor lenge har du budd i Norge?» Eller noko anna, som ingen seier til meg.

Så er jo empati å prøve å forstå korleis dette kjennest: å lytte, trøyste eller analysere. Dersom eg berre tilbakeviser det heile – kan ein gjere narr av meg! Men om eg i staden seier at eg synest dette er opprørande og urettferdig, om eg atpåtil seier at eg alltid prøver å vera open overfor framande og handsame alle likt – da bør eg kanskje bli trudd på dette?

Javel, eg er priveligert. Eg har eit norsk namn, eg ser norsk ut, eg pratar ein norsk dialekt utan framand aksent. Uansett kan eg ha utfordringar. Eg kan vera mobba som born, eg kan slite med å kome inn på arbeidmarknaden. Eg kan kjenne meg utanfor – og ikkje særleg privilegert.  Er eg patetisk? Er ikkje alle personlege kjensler like viktige?

Vi er alle fyrst og fremst individ – og vi er alle like gode til å putte andre inn i ein bås eller inn i ei gruppe. Dette er sjølvinnsikta som vi alle treng å starte med. Eg ser at vi kvite ikkje har dei same utfordringane som folk med meir melanin i huda, og at det finst strukturelle problem. Men å bruke desse «kvite» orda – eg ser ikkje heilt at vi vinn noko på dette?

Marit Hole Tynnøl

Bonde og lærar fra Lesja

Mer fra Debatt