Annonse
00:00 - 07. juni 2019

Tvilsamt om Forskingsrådet

Det er fagkomiteen som har reist etiske innvendingar, ikkje administrasjonen. 

Annonse

Morgenbladet skriv 24. mai om eit prosjekt som siktar på å avsløre forfalsking av hebraiske og arameiske manuskript. Søknaden fekk avslag i Forskingsrådet på grunn av mangelfull etisk gjennomtenking. Søkjaren klaga og har fått støtte av Forskingsrådets eksterne klageutval. Avisa har fått alle dokument i saka og har snakka med søkjaren og med leiaren i Klageutvalet, Jan Fridthjof Bernt. Dette har resultert i eit partsinnlegg som eg, som tidlegare leiar av fagkomiteen, ber om å få kommentere.

Morgenbladet og Bernt rettar heilt grunnlause skuldingar mot administrasjonen for å ha drive forskingspolitikk på eiga hand. Administrasjonen har berre gjort jobben sin; det er fagkomiteen som har reist etiske innvendingar. Dette skjer med basis i ei rekkje internasjonale konvensjonar som Noreg har signert, og som inkluderer retningsliner for omgang med kulturhistorisk materiale med uklart eller ulovleg opphav. Valettakonvensjonen (1992) slår fast at partane skal «restrict, as far as possible […] the transfer of elements of the archaeological heritage obtained from uncontrolled finds or illicit excavations or unlawfully from official excavations». Det aktuelle prosjektet har som hovudmål å forske på slikt materiale, å utvikle metodar for å kunne arbeide med materiale med ukontrollert eller ulovleg opphav og å gjere det mindre risikabelt for samlarar å kjøpe det. Fagkomiteen meiner dette er i strid med norsk politikk. Den nasjonale forskingsetiske komiteen slår fast at «forskning på materiale med omstridt opphav bør unngås». I eit ekspertpanel på tre personar som har vurdert dei etiske sidene ved prosjektet, hadde fleirtalet same oppfatning som fagkomiteen.

Morgenbladet og Klageutvalet har ikkje teke dei etiske innvendingane seriøst.

Morgenbladet og Klageutvalet har ikkje teke dei etiske innvendingane seriøst. I staden blir fagkomiteen skulda for «insinuasjonar», og Klageutvalet meiner det er «uttrykk for en uheldig rolleforståelse når fagkomiteen så å si på frihånd formulerer et så bredt og lite etterprøvbart krav til hva som skal inngå i en prosjektsøknad.» Etter denne oppfatninga kan det knapt reisast etiske innvendingar mot nokon søknad dersom berre søkjaren passar på å seie at prosjektet vil ta opp etiske problemstillingar. Dette er knapt eigna til å fremje forskingsetikk og det er heilt i utakt med den allmenne tendensen på området; EUs forskingspolitikk går i heilt motsett retning.
 

Narve Fulsås

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Akkurat nå er det opptil 50 prosent rabatt. Bli abonnent
Annonse

Samtidig ser vi grunn til å besvare en sentral påstand som ligger til grunn for at han konkluderer med at dette er «en umulig bok».
Helseministeren har selv sviktet sin informasjonsplikt overfor regjering, storting og befolkningen og han har heller ikke fulgt loven.
Enige er vi også om at skal du bli god til å skrive, må du ikke bare skrive selv, men du må også lese mye.
Til Espen Ottosen: Medisinen har  vært en viktig premissleverandør for vår forståelse av kjønn.
«Problemet er tanken om at god skriving er en slags «kode» man kan lære seg ved hjelp av noen «nøkler».»