Debatt

«Sivilisasjonstankegang»

For doktorand Borgen Gjerde er det blitt for krevjande å halde to tankar i hovudet samtidig.

I eit intervju med Morgenbladet 26. april om pro- og anti-israelske haldningar, uttaler den ferske doktoranden Åsmund Borgen Gjerde at «det som forente de mange nye radikale bevegelsene på sekstitalet, var avvisningen av selve ideen om en vestlig sivilisasjon.» Han legg til at denne «sivilisasjonstankegangen» blei fordømt som ein «imperialistisk og rasistisk idé.»

Borgen Gjerde må ha meg unnskyldt for at eg ikkje har rukke å lese avhandlinga hans, men på grunnlag av intervjuet er eg freista til å karakterisere den siterte tesen hans som ideologisk hjernespinn. At koloniland og neokoloniale land representerte både rasisme og imperialisme, står på ingen måte i motsetning til at England, Frankrike, USA etc. også var (vestlege) sivilisasjonar som bygde på avansert teknikk, høg kunstnarisk kultur og demokratiske tradisjonar, framskriden arbeidarorganisering etc. Dei kunne jo ikkje ha erobra den økonomiske og politiske posisjonen dei erobra utan sin moderne sivilisasjon. Ingen av dei aktuelle venstrerørslene var ute av stand til å halde desse to tankane i hovudet samtidig. Men for doktorand Borgen Gjerde er visst dette blitt for krevjande.

Jon Langdal

Mer fra Debatt