Debatt

Naturvandalismens rasjonalitet

Vindindustrisaka viser tydeleg kor skremmande svakt vern urørt natur har i dag.

leiarplass 5. april tok Morgenbladet eit kraftig oppgjer med motstandarane av landbasert vindkraft: Motstanden er irrasjonell og har spora av den norske klimadebatten «såpass mye at det hele kan ende med en dårligere klimapolitikk, uten at noen egentlig skjønte hva som hendte.»

Morgenbladet meiner det er irrasjonelt å ikkje forstå at landbasert vindkraft er nødvendig for å auke straumeksporten til Europa og redde klimaet. Kvifor det ikkje finst betre alternativ, er leiaren taus om. Desse argumenta bør ein stave ut, og drøfte kritisk i si fulle breidde.

NVE la nyleg fram eit forslag til nasjonal ramme for vindkraft. Om alle områda blir bygd ut som NVE meiner er eigna, vil ein stor del av den urørte naturen i Noreg bli industrialisert.

Det hastar med å få ein open, faktabasert debatt om korleis unngå målkonflikt mellom klima- og naturvern, og om det akutte behovet for eit styrka vern av natur og artsmangfald. I dag er dette eit uryddig landskap. At næringsliv ønskjer å industrialisere naturen for å tene pengar er ikkje nytt, anten det er gruvedrift eller kjøpesenter. Det nye er at aktørar i visse bransjar kan pakke inn i ein idealistisk, klimavennleg retorikk sine ønske om å profittere på naturvandalisme. «Klimaprofitørar» kallar Knut Folstad denne industrien (NRK Ytring 19. april).

Dei er tilsynelatande grøne aktørar som vil redde kloden. Pengestøtta dei gir miljøorganisasjonar styrker omdømmet deira, og er med på å vri merksemda i miljørørsla mot spørsmål som tener givarane.

Utbygging av landbasert vindindustri har gått under den rikspolitiske radaren i lang tid. Det ser ut til å vera ein taus allianse mellom svært ulike aktørar; vindindustri, utbyggingsvennlege parti (Frp har hatt olje- og energiministeren sidan 2013), delar av miljørørsla og klimaengasjerte parti og politikarar (til dømes SVs Kari Elisabeth Kaski). Riksdekkande media har vore påfallande passive. Ingen vil vel vera imot tiltak for å redde klimaet? Utan ein opplyst debatt, kan klimasaka bli ein trojansk hest som bringar aktørar til beslutningsbordet som vi slett ikkje ønskjer der, skal vi redde natur og klode.

Når miljøbevisste politikarar, miljøorganisasjonar eller media ikkje ropar eit tydeleg varsku, blir det vanskeleg for folk å forstå alvoret i situasjonen, ikkje minst kommunar og befolkning som må ta stilling til vindindustri lokalt. Morgenbladet les ganske riktig ein sentrum-periferikonflikt inn i denne saka, men det er ikkje den raskt veksande motstanden mot vindindustri i distrikta som sporar av debatten. Tvert imot. Det er å håpe at denne motstanden, i grevens tid, vil bringe debatten inn i eit meir riktig spor.

Å reise gjennom Setesdalen vil bli ei reise gjennom vindindustrielle landskap.

Som Morgenbladets leiarskribent bur eg i Oslo. Det er lett å vera for vindindustri på land før ein har innsett kor øydelagt naturen blir av det, og så lenge ein sjølv har det på avstand. Det kjem definitivt ingen 200-250 meter høge vindturbintårn i mine nærområde, i høgdedraga i Maridalen og Nordmarka elles. NVE legg opp til at Oslo — som har kystområde med god vind og store utmarksområde — blir verande ei vindturbinfri sone. NVE foreslår heller ikkje vindindustri i område der godtfolk frå Osloområdet har hyttene sine, langs kystleia eller i høgfjellet.

Andre delar av Noreg er ikkje like heldige, som det indre Sørlandet med sine store heiområde. Ei utbygging vil endre desse landskapa for alltid; flora, fauna og landskapsformasjon. Å reise gjennom Setesdalen vil bli ei reise gjennom vindindustrielle landskap. Såra i landskapet vil vera der også om vindindustrien blir ulønsam, kanskje alt etter 20-30 år.

Vindindustrisaka viser tydeleg kor skremmande svakt vern urørt natur har i dag. Verda har alvorlege klima- og miljøproblem, men det er vanskeleg å forstå korleis ei storstilt øydelegging av norsk natur skal løyse desse. Landbasert vindindustri gir oss ikkje gode, rasjonelle klimatiltak. Dei reknar ikkje inn tap av naturmangfald, friluftsliv og varig øydelagde landskap i sine kalkylar, og staten som lovgivar og reguleringsmyndighet, held dei ikkje i tømme.

Kampen for klima og natur er eit nasjonalt ansvar. Den fjerde statsmakta — riksdekkande media ­— må ta sin del av ansvaret ved å bringe argument og fakta på bordet. Å ikkje gjera det, er for oss som samfunn, djupt irrasjonelt.

Kari Eika

Mer fra Debatt