Ideer

Kim–Trump 1–0

Kim utmanøvrerte Trump for åpen scene.

Toppmøtet mellom Kim Jong-un og Donald Trump i Hanoi enda 1–0. Nord-Korea takka nei til USA sitt tilbod, og stilte motkrav som Trump ikkje kunne imøtekomme. Nord-Korea har befesta sin status som kjernevåpenstat.

Både USA og Nord-Korea beskreiv sitt førre møte i Shanghai som vellukka. Dei hadde likevel motstridande oppfatningar om kva dei hadde blitt samde om. Nord-Korea har sidan heldt fast på at dei berre vil vurdere nedrusting dersom andre ruster ned først. USA har ikkje vore villig til å ta det første steget.

I Hanoi ville USA at Nord-Korea skulle gi opp heile sitt atomvåpenprogram. Kim kravde at USA skulle lette alle sine sanksjonar mot Nord-Korea, og ville til gjengjeld avvikle atomkomplekset i Yongbyon. Nord-Korea ville dermed behalde alle sine andre kapasitetar for å lage og sende atomvåpen. Gitt dette utgangspunktet er moglegheita for å kunne møtes på midten svært liten. Møtet hadde likevel føresetnader for å kunne stå fram som ein suksess for begge partar. Nord-Korea kunne ha gitt USA symbolske innrømmingar dersom dei ville. Men det ville dei ikkje. Fordelen med å ha eigne kjernevåpen er at dei står fritt til å bestemme sjølv. Som Trump sa i pressekonferansen natt til torsdag: Kim tar ikkje ordre fra nokon.

USA har allereie gitt sin største innrømmingar ved å ta Kim inn i varmen. Amerikanarane har også tidlegare gitt innrømmingar til Nord-Korea på kostnad av sin allierte, Sør-Korea, ved å avstå fra militærøvingar som eit teikn på velvilje. Dei økonomiske sanksjonane er det siste reelle pressmiddelet USA har igjen, og Trump avstod klokelig fra å gi bort det.

For andre land vil Hanoi vere nok ein stadfesting på at Nord-Korea gjorde rett i å skaffe seg atomvåpen. For to år sidan trua Trump Kim med eld og utslettelse. I dag kan Kim takke høflig nei til USA når dei ber om nedrusting.

Nord-Korea har ikkje gitt nokre reelle innrømmingar. Derimot har dei fått moglegheita til å stå fram som ein seriøs internasjonal aktør. Med sitt atomvåpenarsenal i ryggen har landet blitt ein regional aktør med større spelerom, som utnyttar splittelsen mellom USA og Sør-Korea til sin fordel.

Trump på si side har ikkje råd til å stille Kim til ansvar for eit skuffande resultat. For Trump har prosessen med Nord-Korea vore det største utanrikspolitiske trumfkortet til valkampen i 2020. Derfor kan ikkje Trump no kritisere motparten for at dei ikkje har vore villige til å komme dei i møte.

Dette kan vere farleg på sikt. På sikt vil skuffelsen og frustrasjonen over dette dårlege resultatet kunne auke i Trump-leiren. Sikkerhetsrådgiver John Bolton vil kunne argumentere for ei hardare linje mot Nord-Korea. Dersom Trump føler seg ført bak lyset av Kim vil dette kunne føre til nye spenningar.

Fadesen i Hanoi viser med all klarleik at Trump si tilnærming til atomdiplomati med Nord-Korea ikkje fungerer slik President Trump ønsker at den skal. Ved å gå inn i samtaler med Kim for åpen scene skapte rett nok Trump ein ny dynamikk mellom USA og Nord-Korea. Men ved å ta Kim inn i varmen i all offentlegheit har Trump få kort igjen på handa.

Det er ingen konkrete planar for eit nytt toppmøte. Men samtalene kan fortsette på lågare nivå. Det kan vise seg å vere ei meir konstruktiv tilnærming.

Avtaler om nedrusting har vanlegvis gått føre seg i lange kjedelege møter, der partane kjem med gjensidige innrøminger som bygger tillit over tid. I spesielt sensitive samtaler, som Libya si beslutning om å avvikle sine masseødeleggelsesvåpenprogram i 2003, går møta føre seg i løyndom.

Trump har ikkje vist tålmodighet eller tiltru til diplomatiske verkemiddel. Likevel er det nok her ein kan få ein konstruktiv dialog med Nord-Korea. Ein slik dialog vil nok i første rekke dreie seg om stabiliserande tiltak for å redusere spenning. Slik sett er moglegheita for liaisonkontor i USA og Nord-Korea eit positivt forslag. Økt kontakt og nye samtaler kan bidra til å redusere faren for feilkalkulering eller eskalering av konfliktar. Det vil i utgangspunktet vere konstruktivt.

Det vil også vere mogleg å diskutere rustningskontroll med Nord-Korea, i form av avgrensingar på deira atomvåpenarsenal eller leveringsmiddel. Men ein slik dialog vil krevje at USA er innstilt på å komme med egne innrømmingar i regionen. Det er ikkje openbert kva disse vil bestå av. USA si rolle som alliert er allereie tynnsliten, og ytterlegare innrømmingar til Nord-Korea kan bli dyrekjøpte.

USA er i ferd med å spele seg sjølv ut på sidelinja når det gjeld atomvåpenstatene i Asia. Ute av stand til å overtyde Kina om å delta i ein utvida variant av INF-avtalen, og fråkopla den eskalerande konflikten mellom India og Pakistan, står fram USA som ein mindre relevant aktør enn tidlegare. Dette bildet understrekar behovet for konkrete resultat i ein vidare forhandlingsprosess med Nord-Korea.

Det mest sannsynlege utfallet av møtet i Hanoi er vidare normalisering av Nord-Korea som atomvåpenstat. Det kan bidra positivt til regional stabilitet, men sender uheldige signal til andre land som vurderer å skaffe seg kjernevåpen.

Målfrid Braut-Hegghammer

Førsteamanuensis, Institutt for statsvitskap, UiO

Mer fra Ideer