Annonse
10:47 - 23. februar 2019

Dersom engelsk trengjer bort det norske språket, er pikk og fitte blant dei siste orda som fer, skriv Kristin Fridtun.

Dersom engelsk trengjer bort det norske språket, er pikk og fitte blant dei siste orda som fer, skriv Kristin Fridtun.

Annonse

KJØNNSLIV

Kjønnsliv er en spalte om kultur og biologi, feminisme og anti-feminisme, kjærlighet og kjærlighetskamp. 

Spaltistane er Kristin Fridtun, Espen Ottosen, Nora Mehsen og Kyrre Wathne.

Eg har ikkje vitskapleg grunnlag for å hevda at pikk og fitte er meir seigliva enn andre ord, men påstanden er ikkje fri dikting heller. Dei nedarva, norske namna på kjønnsorgana har kome seg velberga gjennom ei rekkje store samfunnsendringar. Pikk (norrønt pikkr) overlevde både svartedauden, reformasjonen og dei viktorianske straumdraga på 1800-talet. Fitte er òg eit gamalt ord, og bruken av det aukar, om me skal tru Norsk banneordbok (2018) av Ruth Vadtvedt Fjeld.

Eg synest det er gledeleg at desse orda held seg så godt. Heller pikk og fitte enn dick og pussy, spør du meg.

Andre språkbrukarar ser annleis på det. Dei meiner at me ikkje bør bruka slike ord i det heile. Dei oppfattar orda som stygge, grove og skitne, og dei er overtydde om at folk som brukar slike ord, gjer det fordi dei vil tøffa seg.

Til ein viss grad har dei rett. Ord som pikk, fitte, kuk og kuse viser til kroppsdelar som har med seksualitet å gjera, og seksualiteten er ei drift — eller snarare ein klase av drifter — som me strevar med å skjøna og halda styr på. Driftene kan vera både fine og farlege, gagnlege og skadelege, tillokkande og fråstøytande. Kulturar flest har laga seg reglar for korleis me skal omtala dette innfløkte fenomenet, og me lærer tidleg at me skal fara varsamt fram og helst ikkje tala om det på ein direkte måte. Kjønnslivet er med andre ord tabuisert. Dimed eignar kjønnsorda seg godt som bannord, for banning går i stor grad ut på å bryta normer og nytta tabuord på ein ublyg måte. Å tøffa seg ved hjelp av kjønnsord er altså fullt mogleg.

Men kvifor er det nettopp desse orda — pikk, fitte, kuk og så bortetter — me oppfattar som stygge og vågale? Kvifor er ikkje penis, vulva og kjønnsorgan like fæle? Dei viser jo til dei same kroppsdelane?

Her kjem den sosiale dimensjonen inn. Kva me oppfattar som fint og stygt i språket, samsvarar ofte med den sosiale statusen til språkbrukarane. Fine ord er ord som «dei fine» brukar. Stygge ord er ord som … ja, me skjønar kvar det ber. Dei mindre fine orda er ord som vert nytta av mindre fine folk, eller meir presist: folk frå dei lågare sosiale laga.

Fitte og dei andre «stygge» orda var opphavleg vanlege norske namn på kjønnsorgana. Ivar Aasen — den fyrste store dialektgranskaren i landet — inkluderte desse orda i ordbøkene sine på line med andre kroppsdelsord. I eit av dei største og viktigaste verka hans, Norsk Ordbog (1873), finn me både ballar, kunte (jf. engelsk cunt), kuse, pikk og pill. I Norsk Maalbunad (publisert 1925) står fitte, kuk og mus side om side med hals, hjerne og merg (§ 70). Aasen skriv ingen stad at desse orda er støytande eller bør brukast med varsemd. Den einaste tilleggsopplysninga eg finn, er under oppslagsordet reidskap i Norsk Ordbog. Der står det at «i Spøg» kan ordet «Reidskap» brukast om genitalia.

Aasen skriv ingen stad at desse orda er støytande eller bør brukast med varsemd.

Me kan trygt gå ut frå at norske dialektbrukarar midt på 1800-talet syntest at kjønnslivet var eit spanande samtaleemne, og det er sannsynleg at dei innimellom nytta kjønnsorda til griseprat. Men orda vart ikkje berre nytta på denne «grisete» måten. Folk kunne nytta dei på seriøst og respektfullt vis når dei prata om kroppen sin.

Slik er det framleis. Folk pratar om pikken og kuken og kusa og fitta utan at det er meint som spøk eller bannskap. Dei «stygge» orda kan såleis brukast på ikkje-stygge måtar. Ja, det finst jamvel folk som er glade i desse orda. Til dømes eg. Eg skulle gjerne sett at desse orda etablerte seg som vanlege, respekterte namn på kjønnsorgana. Ut med latinske fagnemningar, inn med norske folkemålsord!

Men det er ikkje det som skjer. Fitte vert i aukande grad nytta som bannord, ikkje som nøytral nemning på ein kroppsdel. Kanskje heng det saman med at norske språkbrukarar vert påverka av engelsk bannskap, der sex spelar ei større rolle enn i tradisjonell norsk bannskap (som i hovudsak dreiar seg om religion, jf. fa (nd) en, helvete). Dei siste tiåra har norske språkbrukarar teke i bruk ord som bitch, fuck og motherfucker, og det kan sjå ut til at denne seksualiseringa av bannskapen har gjeve pikk og fitte eit lyft.

Akkurat dét veit eg ikkje om eg likar, for det styrkjer oppfatninga av at desse orda er stygge, stygge og atter stygge. Men det er ikkje så mykje me får gjort med det. Bannskap er og har støtt vore ein uregjerleg del av språket. Likevel: Hadde det ikkje vore fin med ein folkeaksjon for fitte?

Kristin Fridtun har blant anna skrive bøkene Kjønn og ukjønn (2015) og Homoflokar (2018).

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Akkurat nå er det opptil 50 prosent rabatt. Bli abonnent
Annonse

Nok en gang blir klassisistene karakterisert som konservative og reaksjonære
Journalisten kunne tatt buss fra Oslo til Göteborg klokken 9.
FFAC kan ha et oppriktig ønske om å hedre søstrenes kunstsamlermor.
Nevnte paragraf gir nemlig kun visse minoritetsgrupper, som Alis, et vern mot «dehumanisering» og andre «hatefulle ytringer».