Debatt

Innsnevring og farsarv?

Korleis bøker og skrifter blir tolka, kan og bør ein forfattar til vanleg gjere lite med. Når det nærmar seg tverrlesing, blir det likevel nødvendig å seie frå. Carina Elisabeth Beddari melde i Morgenbladet 21. desember to bøker av og om den viktige forfattaren Sissel Solbjørg Bjugn. Der får lesarane vite at eg i boka Det nynorske blikket (2002) stod for ei «innsnevring av skriftspråkets tradisjoner» og framstilte ein mogleg nynorsk kollektiv identitet «som noe av en farsarv». Verkeleg?

I den boka krinsar eg om grunnsetninga «nynorsk er meir enn eit språk», formulert på side 7, med skriftkultur som overordna perspektiv. Då er det rimelegare å tale om ei utviding enn ei innsnevring av «skriftspråkets tradisjoner». Den utvidinga held fram i boka Skriftkultur (2018).

Det einaste eg skreiv om farsarv i 2002, var fire sider om fars boksamling og korleis den blei min veg inn i litteraturen. Ikkje på noko punkt generaliserte eg dette til eit allment fenomen. Tvert om drøfta eg i eit anna stykke i boka forholdet mellom kvinner og målrørsle, mellom anna med eit enkelt oversyn over meir enn 40 profilerte nynorskbrukande kvinner kring 1900. Nokre av dei er etter kvart skrivne grundig inn i historia, andre er framleis marginale. Likeins peikte eg på at det som regel er kvinner som frå 1900-talet har ført barna inn i skriftkulturen, men også at det gjerne har vore kvinner som har teke initiativ til folkerøystingar for å velje vekk nynorsk som opplæringsspråk.

I opningsessayet i Det nynorske blikket problematiserte eg kva identitet er, og korleis denne varierer i grupper av nynorskbrukarar. I ein tidleg versjon personifiserte eg slike grupper av nynorskbrukarar med både kvinner og menn som forklarande døme, men kom til at det ville gjere drøftinga mindre prinsipiell. Ei av dei som dermed blei stroken, var Sissel Solbjørg Bjugn.

Ottar Grepstad

Mer fra Debatt