Annonse
10:43 - 26. januar 2019

Det fanst kule nynorskdamer på 1800-talet òg, skriv Kristin Fridtun

Det fanst kule nynorskdamer på 1800-talet òg, skriv Kristin Fridtun.

Annonse

KJØNNSLIV

Kjønnsliv er en spalte om kultur og biologi, feminisme og anti-feminisme, kjærlighet og kjærlighetskamp. 

Spaltistene er Kristin Fridtun, Espen Ottosen, Nora Mehsen og Kyrre Wathne.

I juli 1862 kom ei av dei aller fyrste landsmålsbøkene ut: eit lite verk med tittelen Skrift og Umskrift i Landsmaalet. Forfattaren valde opphavleg å vera anonym, men snart vart det ålment kjent at boka var skriven av Aasta Hansteen – ein profesjonell kunstmålar med ein velvyrd vitskapsmann til far.

Med andre ord: Ein av dei fyrste landsmålsforfattarane våre var ei professordotter frå hovudstaden, ei privilegert kvinne med mykje dansk embetsmannsblod flytande i årene.

Aasta Hansteen (1824–1908) er etter mi meining eit framifrå eksemplar av arten «kul nynorskdame». Å operera med ei slik artsinndeling er ikkje uproblematisk, og det skal eg koma tilbake til, men Hansteen hadde ein eigenskap som du nesten er nøydd til å ha dersom du er kvinne og nynorsking og vil gjera det skarpt i det offentlege ordskiftet: Ho greidde å gå imot mange straumar på ein gong.

Kvifor Hansteen kasta seg inn i målstriden, er litt uvisst. Om me skal tru språkvitar Eli Bjørhusdal, som har skrive godt om målkvinnene før 1900, var det den offentlege måldebatten i 1858–59 som gjorde Hansteen til målstrevar. Dette var den fyrste store debatten om landsmålet, og han fekk mange til å ta stilling for eller imot. Det kan sjå ut til at Hansteen hadde ei ålmenn interesse for nasjonal kultur og bygdemål – særleg telemålet fengsla henne. Kan henda var det denne interessa som vippa henne ned på landsmålssida.

Oppglødinga var i alle fall sterk. Døypenamnet hennar var Asta, men no endra ho det til Aasta, for det var meir norsk, tykte ho. Ho studerte grammatikken og ordboka til Ivar Aasen og var tidt innom heimen hans for å drøfta skriveprosjekt og få tilbakemelding på manusutkast. Det var heilt vanleg å rådføra seg med Aasen på denne måten: Han var «intellektuell manager» (som Bjørhusdal kallar det) for ein haug med landsmålsskribentar.

I tillegg til boka Skrift og Umskrift i Landsmaalet, som inneheldt både sjølvskrivne og omsette tekster, sette Hansteen i hop ei lesebok i landsmål (som diverre ikkje vart utgjeven), og ho skreiv dikt om både målsak og andre emne. Eit av dikta ho skreiv i denne oppglødde landsmålsfasen, var eit hyllingskvede til den svenske veninna og kunstmålaren Sofie Ribbing, som Hansteen vart kjend med i Paris på 1850-talet. Hansteen jamfører Ribbing med ei rekkje gudinner («gydjor»), og i dei siste strofene kjem til og med kjærleiksgudinnene på bana:

Greske gydjor lyt eg maala

skal eg lik i billæt faa deg.

Ja, alt annat verd for lite:

Heil deg svenske Aphrodite,

Venus ifraa Milo sjølv!

Aasta Hansteen er den einaste kvinna eg veit om – bortsett frå meg sjølv – som har skrive kjærlege dikt til og om andre kvinner på reinhekla landsmål. Sjølvsagt finst det mykje god kjærleikslyrikk på dette språket, for både Aasen og Vinje og Garborg – dei tre mest kjende målhovdingane – var gode i sjangeren. Men dei var ikkje kvinner. Av og til har det noko å seia.

Jamvel om det i dag finst ein haug med grepa kvinner i alle aldrar som driv med målsak og publiserer tekster på nynorsk, er det mange som oppfattar målrørsla som mannstung eller beint fram gubbete. Ein av grunnane til det er nok at mange av oss berre har høyrt om mannlege landsmålsaktivistar, jamfør trioen ovanfor, og så har dette herreklubb-inntrykket fått festa seg utan motstand. Det var fyrst og fremst målmennene me lærte om i norsktimane på skulen, kanskje med Hulda Garborg som eit slags vedheng til Arne, og me har framleis lett for å samla oss om målmennene når me talar om målstriden på 1800-talet.

Det er mange som oppfattar målrørsla som mannstung eller beint fram gubbete.

Men det fanst kule nynorskdamer på den tida òg!

Synnøve Aarflot Riste (1858–1889) frå Volda dreiv målskule i lag med mannen sin, brann for kvinnesaka og tok initiativ til den fyrste lokalavisa på landsmål, Vestmannen. Bolette Pavels Larsen (1847–1904) skreiv bokmeldingar på dansk-norsk i Bergens Tidende, men ho skreiv òg tekster på landsmål og sognemål og sat i styret i Vestmannalaget – det eldste mållaget i landet. Nikka Vonen (1836–1933) var med i både Vestmannalaget og Det Norske Samlaget, ho publiserte tekster på landsmål frå slutten av 1860-talet og starta etter kvart ein jenteskule i Dale i Sunnfjord.

Både Aasta Hansteen og mange av dei andre landsmålskvinnene var opptekne av både målsak og kvinnesak, slik mange nynorskkvinner etter dei har vore – som Halldis Moren Vesaas, Eldrid Lunden og Olaug Nilssen. For det er ingen motsetnad her. Både målsaka og kvinnesaka går ut på kjempa mot undertrykkjande strukturar og retta opp ujamne makttilhøve.

Merkelappen «kul nynorskdame» kan vera til hjelp i det arbeidet, for han gjer eit fenomen synlegare. Dersom folk ikkje veit at kvinner var aktive i målrørsla på 1800-talet, kan det vera svært verknadsfullt å peika dei ut og seia: kule nynorskdamer! Ulempa med denne merkelappen er at han målber eit avvik: Han seier indirekte at det å vera kvinne og nynorsking (og kul) er uvanleg – elles hadde det ikkje vore naudsynt å ha eit eige ord for det. Alle oppegåande folk veit at det i dag finst kvinner som skriv – og lever av å skriva – nynorsk. Difor er det ein grei hovudregel å seia «forfattar» i staden for «kvinneleg nynorskforfattar».

Men når det gjeld dei landsmålsskrivande kvinnene på 1800-talet, er saka ei anna. Eg trur me framleis treng å høyra at dei fanst. Og at dei var kule.

 
Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

«Det er kvalifisert galt å påstå at Forfatterforeningen ikke kan omgjøre dommene.»
«Poenget var ikke at André Bjerke var frifunnet, men at han slapp ytterligere straff.»
«Kompaniet hevder de har «nye funn» – men i realiteten driver de med systematiske forglemmelser.»