Annonse
00:05 - 07. desember 2018

Ei forteljing om oss

Annonse

Samfunnsvitarane må ta ansvar for å lage den nye store forteljinga som kan mobilisere fleire til handling for miljøet, og det hastar, skriv Gunnar C. Aakvaag i Morgenbladet 23. november.

Nyleg høyrde eg den britiske journalisten George Monbiot snakke om sin frustrasjon over nettopp dette. Som Aakvaag hadde han merka seg at forteljingane som har fungert tidlegare, som forteljingane til arbeidarrørsla og nyliberalistane, er bygd på same basisplott, nemleg urforteljinga om å overvinne monsteret: Kaos trugar riket, skapt av mektige og vonde krefter som motarbeider menneska sitt felles beste. Heltane gjer opprør og kjempar mot dei vonde maktene, overvinn dei mot alle odds og gjenopprettar harmoni og orden i landet.

Ingen andre forteljingar har ei tilsvarande mobiliseringskraft, hevdar Monbiot. For arbeidarane var kapitalistane monsteret, og det beskyttande sosialdemokratiet der alle var like for lova, var garantisten for harmoni og orden. For nyliberalistane er fienden den knugande staten som vil gjere alle til konforme middelmådigheiter, og heltane er entreprenørane som slåst for individets fridom til å gjere suksess gjennom marknadens frigjerande kraft. I dag må vi fordele rollene og setje forteljinga i spel på nytt, og Monbiot meiner å ha funne den nye forteljinga i nyare forsking om oss sjølve.

Forteljinga handlar om at vi ikkje har behov for evig konkurranse, men for å høyre til eit fellesskap og bidra med noko meiningsfullt.

Grunnideen er at vi menneske skil oss ut ved ei eineståande evne til samarbeid og medkjensle med andre levande vesen, og til å skape sosiale normer basert på dette. Dessverre er vi blitt lurt til å tru at det er motsett: at vi alle har ansvar for å vere vår eigen lukkes smed og maksimere eigennytte gjennom konstant konkurranse, og at alt anna enn mistru og frykt i møte med framande menneske dermed er naivt. Og medan vi er opptekne med dette, kan eit lite mindretal profittere på å øydeleggje framtida og livsgrunnlaget vårt, og på å utsetje og utvatne tiltak for å rette opp skadane.

Forteljinga handlar altså om at vi ikkje har noko behov for evig konkurranse, men for å høyre til eit fellesskap og bidra med noko meiningsfullt. Får dei velje, føretrekker folk flest å leve i ei verd der alle blir møtt med respekt og medkjensle, og der vi ikkje øydelegg og sløsar vekk alt vi rår over. Meir demokrati på alle nivå, med utgangspunkt i lokalmiljøet og inkludert felles forvalting av våre felles ressursar, er vegen dit. Berre slik kan vi hindre øydeleggingane, og forteljing har den ekstra fordelen at han kan bidra til å undergrave framveksten av fascisme og ultranasjonalisme — for kva er det vel slike rørsler har å tilby, om ikkje nettopp fellesskap og meining?

Dette altså ifølgje Monbiot, og spørsmålsrunden etterpå var talande i den forstand at alle spørsmåla var variantar av «korleis kan eg bidra?». Anekdotisk, ja visst. Når det likevel er lett å slutte seg til forteljinga, er det dels fordi ein blir mottakeleg for bodskapen etter mange år med veksande vonløyse og resignasjon. Men det er også fordi forteljinga resonnerer med ting eg ser skje ikring meg. 

I Nederland, der eg opphalde meg ein god del av tida, kan eg knapt stikke nasen utanfor døra utan å bli spurt om å bidra til eitt eller anna, anten det er å koke rimelege middagar på lokale råvarer i eit nabolagskjøken, vere med på plantedugnad i ein av matskogane som no blir sette opp over heile landet, sette meg på ein buss til Tyskland for å blokkere aktiviteten i ei kolgruve, eller skipe eit lokallag av den nye internasjonale miljøprotestorganisasjonen Extinction Rebellion, som vil bruke sivil ulydnad for å tvinge styresmaktene til å setje i verk sterkare klima- og miljøtiltak. Heller ikkje i Noreg er det vanskeleg å finne liknande initiativ.

Kvar for seg kan alt dette verke latterleg utilstrekkeleg og naivt i høve til den enorme oppgåva som må løysast, og dessutan med heilt ulike målsettingar. Men som del av ei større forteljing om fellesskap og meining, slik eg stadig oftare høyrer dei presentert, blir invitasjonane lada med forandringskraft.

Kanskje treng ikkje samfunnsvitarane og humanistane aksle den tunge børa med å skape ei heilt ny forteljing. Kanskje treng dei berre vere med å utbrodere ei forteljing som allereie er i ferd med å bli skapt.


Kjerstin Gjengedal

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Ideer

«Forteljinga handlar om at vi har behov for å høyre til eit fellesskap og bidra med noko meiningsfullt.»