Debatt

Då tek eg ansvar for å lyfta grensetilfella fram i ljoset

Verda er meir rotete enn «cis» og «trans» gjev inntrykk av, og eg meiner difor at me skal bruka desse omgrepa med måte.

I eit innlegg i «Kjønnsliv»-spalta førre veke kunngjorde eg at eg har mist trua på kategorien «cis». No har eg fått tilsvar frå Aleksander Sørlie, som har tiltru til kjønnskategoriane.

Eg kan fyrst klårgjera kva eg meiner med at eg har «mist trua», for det er ei spissa formulering som berre til dels vert grunngjeven i innlegget mitt. Situasjonen er ikkje at eg har slutta å bruka «cis» og «trans». Båe orda har ein funksjon, stundom har eg bruk for dei, og eg har ikkje noko betre alternativ for handa. Men eg brukar dei berre når eg absolutt er nøydd til det. Eg har ein draum om at kjønnsfeltet skal vera mest mogleg ope: Eg vil ikkje at me skal skapa ein ny orden innanfor og delvis basert på den ordenen som alt finst. Etter mi meining er det uheldig dersom «cis» og «trans» får leggja seg oppå den allereie problematiske «mann»–«kvinne»-modellen vår og bita seg fast der.

Å meina noko om språk er sjølvsagt lettare enn å styra språket i den retninga ein ynskjer. Dersom språkbrukarane og dei som arbeider med kjønnsspørsmål, meiner at «cis» og «trans» trengst og fungerer godt, er det svært sannsynleg at desse orda etablerer seg – same kva eg måtte meina om det. Eg er likevel glad for at me kan ha ein open samtale om desse sakene, og eg er takksam for svaret frå Sørlie.

I tilsvaret til meg peikar Sørlie på veike punkt i teksta mi: «Skal en følge Fridtuns argumentasjon til sin naturlige konklusjon, bør vi slutte å snakke om natt og dag, fordi det finnes tilfeller som ikke passer inn i noen av disse to kategoriene.» Det er ei rimeleg innvending. Nesten heile innlegget mitt handlar om at eg slit med å plassera meg i éin av kategoriane, og dette poenget blir dimed ståande som hovudargument i teksta. For ordens skuld: Eg meiner ikkje at eit omgrepspar blir ubrukeleg fordi det finst gråsoner. Me kan fint snakka om natt og dag, høg og låg, vaksen og barn, jamvel om det er glidande overgangar mellom dei.

Det som er vanskeleg med «cis» og «trans», er at ei rekkje slike skalaer eller spektrum blir føydde saman og forsøkt innordna i eitt motsetningspar. Det er tale om kroppar og kjønnskarakteristika, om «mann», «kvinne» og andre kategoriar, om behag og ubehag. Då byrjar det knaka godt konstruksjonen. Difor stilte eg òg spørsmål ved sjølve grunnlaget for omgrepsparet: Kva inneber det å identifisera seg med eit kjønn? Kva er det som skil identifikasjon med tildelt kjønn (cis) frå ikkje-identifikasjon med tildelt kjønn (trans)?

Eg forventar ikkje at nokon skal ha eit klårt svar på dette. Folk opplever og forstår kjønn ulikt, og det er flott. Den store usemja her ser ut til å dreia seg om kjønnsroller, kjønnsstereotypiar, kjønnsnormer eller kva me no skal kalla det. Sørlie skriv: «Kanskje er noe av problemet at Fridtun tolker cis som det å være komfortabel med kjønnsroller. Det er helt ukontroversielt blant de av oss som jobber med transsaken at personer selvfølgelig kan være både cis og trans selv om de er ukomfortable med kjønnsroller.»

Ja, det er kanskje rimeleg å skilja mellom det å vera utilpass i ein viss kjønnskategori, og det å vera utilpass med sjølve kategorien. Det er òg rimeleg å skilja mellom kjønnsdysfori og misnøye med kjønnsstereotypiar. Men det er jo glidande overgangar her òg. Kan kjønnsnormer skapa eit sterkt ynske om å endra den fysiske kroppen? Ja, og det har eg sjølv kjent på. Er det ein samanheng mellom kvinnekroppen og synet på kvinner som underlegne, som kan gjera kvinner ambivalente til eller ukomfortable i sitt eige kjønn? Ja, det skulle eg meina.

Kanskje er alt dette grensetilfelle som «cis» og «trans» toler, for å nytta Sørlie si formulering. I så fall er mitt bidrag til debatten å seia: Desse gråsonene finst. Verda er meir rotete enn «cis» og «trans» gjev inntrykk av, og eg meiner difor at me skal bruka desse omgrepa med måte.

Mer fra Debatt