Kommentar

Traktorlesber er eit vedvarande uroelement, skriv Kristin Fridtun

---

KJØNNSLIV

Kjønnsliv er en spalte om kultur og biologi, feminisme og anti-feminisme, kjærlighet og kjærlighetskamp.

Spaltistene er Kristin Fridtun, Espen Ottosen, Nora Mehsen og Kyrre Wathne.

---

På slutten av 60-talet, då sex mellom menn framleis var forbode ved lov i Noreg, arrangerte Det norske forbundet av 1948 løynlege festar på Snarøya i Bærum. Dette var ein av få trygge møtestader for homoseksuelle, og sterke kjensler var i sving. I eit videointervju med Skeivt arkiv har Inger Myhre Hansen (f. 1943) skildra festane slik: «Gutane drakk og gret. Jentene drakk og slost.»

Me synest me ser det: Mannhaftige kvinner barkar saman — kanskje er det to rivalar som slåst om den same dama.

Men det er ikkje sikkert at dei kjempande kvinnene på Snarøya var særleg mannhaftige å sjå til. Om me skal tru ei av dei andre som ferdast i homomiljøet på 60-talet, Gerd Brantenberg, såg dei fleste festdeltakarane heilt vanlege ut. Det fanst nokre kvinner som gjekk i tradisjonelle herreklede, men lesber flest tok på seg skjørt når dei skulle i selskap, i alle fall fram til midten av 60-talet.

I portrettboka Kampene (2015) av Ola Henmo teiknar Kim Friele eit liknande bilete. Tidleg i 60-åra prøvde ho å koma i kontakt med andre homoseksuelle, og kvar laurdag etter arbeidstid sette ho seg på ein benk framfor Nationaltheatret stasjon og speida etter likesinna. Ho hadde lese at homoseksuelle kvinner var «maskuline, gjerne litt overvektige, brukte grå spaserdrakt og hadde unormalt store føtter i flate formsko». Problemet var berre at alle kvinnene Friele såg, gjekk i skjørt.

Ideen om at lesber er maskuline, medan homsar er feminine, heng saman med den gamle inversjonsteorien. Denne teorien seier at homoseksuelle personar har ei invertert — dvs. omsnudd — kjønnskjensle. Ei lesbisk kvinne blir då forstått som ei mannleg sjel i ein kvinneleg kropp.

Teorien om kjønnsinversjon kan verka rimeleg i nokre tilfelle, for det hender at me ser skeive kvinner med maskuline trekk (kva no det måtte vera). Men korleis skal me forstå maskuline, heteroseksuelle kvinner? Og kva med feminine lesber?

Mange av oss veit at det ikkje er nokon absolutt samanheng mellom kjønnsuttrykk og seksualitet. Me veit at kvinner kan ha kort hår og flanellskjorte fordi det er praktisk eller komfortabelt, og me veit at skjørt og leppestift er noko anna enn heteroseksualitet. Likevel har desse sakene lett for å gli over i kvarandre: Maskulinitet hjå kvinner blir framleis tolka som eit teikn på lesbisk orientering.

Unge, streite jenter som barberer av seg alt håret på hovudet, blir plutseleg — av denne eine grunnen — oppfatta som skeive. Maskuline skeive kvinner treng sjeldan å kunngjera at dei er skeive, fordi dei «ser lesbiske ut», medan feminine skeive kvinner stadig må opplysa og overtyda omverda om at dei er skeive. Det finst jamvel lesber som får høyra at dei er «for pene» til å vera lesbiske. (Underforstått: Lesber er vanlegvis stygge.)

Feminine skeive kvinner vert såleis usynlege, medan maskuline skeive kvinner er synlegare. Kanskje for synlege? Butchlesber eller traktorlesber har tradisjonelt vore eit irritasjonsmoment for feministar. Damer som prøver å sjå ut som menn — snakk om å undergrava det kvinnefrigjerande prosjektet!

Konflikten mellom butchar og feministar vart særskilt tydeleg i USA. Frå 1940-talet til ut på 60-talet var det vanleg at amerikanske lesbiske par, særleg i arbeidarklassemiljø, var samansette av ein «butch» (maskulin kvinne) og ein «femme» (feminin kvinne). I desse miljøa var butch-butch-relasjonar og femme-femme-relasjonar tabu, og androgyne lesber vart uglesedde.

Så kom 70-talet, og sterke lesbisk-feministiske rørsler gjorde seg gjeldande. Dei meinte at butch–femme-relasjonar reproduserte heteroseksualiteten som norm, sidan den eine parten var svært maskulin, den andre svært feminin. Skeive feministar som ville bryta med denne tradisjonen, hadde då ikkje noko anna val enn å gå inn for ein meir kjønnsnøytral stil. Androgyn var det nye lesbiske.

Det er ingen tvil om at spelerommet i dag er større. Dei fleste av oss kan velja om me vil gå i skjørt, herredress, kjole eller grå spaserdrakt med flate fotformskor. Men éin ting står fast: Butchlesba bryt framleis dei rådande normene for kvinneleg venleik — til irritasjon for nokre, og til glede for andre.

Kristin Fridtun er forfattar og har blant anna skrive bøkene Kjønn og ukjønn (2015) og Homoflokar (2018).

Mer fra Kommentar