Debatt

Ei fallitterklæring for norsk teater?

At Heddaprisen for årets framsyning gjekk til The Book of Mormon fekk Emil Flatø til å hente fram dei store orda. Det var vel å ta litt hardt i? Kommentaren hans er dessverre ei forenkla og tabloid framstilling av scenekunstfeltet slik det er i dag.

Norsk teater og Det Norske Teatret har store kunstnarlege ambisjonar. Eg kan trøyste Emil Flatø med at desse ikkje blir slappare av at The Book of Mormon får ein Heddapris. Rett nok er det verkeleg stort å få Heddaprisen. I det ligg ei anerkjenning som gjer oss umåteleg stolte. Men den endrar ikkje arbeidet vårt. Det Norske Teatret har heilt sidan starten for over 100 år sidan spelt musikkteater og har gjennom desse åra ikkje berre vist at det finst mange gode norske kunstnarlege bidrag, teateret har også opparbeidd seg eit omdømme i det internasjonale feltet som gjer at teateret faktisk får — som i The Book of Mormons' tilfelle — rettane til å setje opp store internasjonale suksessar. I dette ligg det ein honnør til dei kunstnarane som finst her og som opphavsmenn meiner tilfører verket kvalitet. Og det er jo nettopp her teateret har sin styrke. Det er eit kollektivt arbeid, som krev kunstnarleg mot, nytenking og kraft. Skulle den kunstnarlege kvaliteten berre ligge i originale arbeid, har teateret eit uoverstigeleg problem. Da kan vi jo legge vekk Ibsen og Jon Fosse umiddelbart. Shakespeare, Brecht og Beckett like eins.

Men i tillegg satsar vi også på nytt og norsk og fremmer norsk scenekunst. Vi held fram med å løfte norske forfattarar, dramatikarar og komponistar på alle scenar. Berre blant dei musikalske satsingane våre i Hovudscene-formatet har vi dei siste tre åra presentert seks titlar med norske signaturar. Lista over norske urpremierar er lang, og Flatø må ha sove tungt om han ikkje har fått det med seg. Vi har sjølvsagt ikkje henta inn ein «utenlandsk kassasuksess» for å fylle teatersalen. Religionskritikk og religionsdebatt er tema som har opptatt oss gjennom dei siste tiåra. The Book of Mormon er ein skarp, vittig og intelligent kommentar til dette og eit opplagt repertoarval i eit hus som vårt. At den i tillegg er populær og sender nye publikummarar til teaterhuset er ikkje noko vi klarer å sjå provokasjonen i. Men når det er sagt, 4 av 5 som kom innanfor dørene våre i 2017 valde seg ein annan tittel, noko som fortel oss at vi blir opplevd som relevant for teaterpublikummet.

Det mest problematiske med Flatøs kommentar er likevel det eg oppfattar som fordekt elitisme.

Det mest problematiske med Flatøs kommentar er likevel det eg oppfattar som fordekt elitisme. For — ja — ein kan sjølvsagt reise til London eller New York for å sjå ikkje berre store musikalar, men også stykke av Tennessee Williams, Noah Haidle eller Sofokles for den del. Hulda og Arne Garborg stifta i si tid Det Norske Teatret etter å ha besøkt det nystifta Freie Volksbühne i Berlin. Målet var å gi arbeidarar og såkalla vanlege folk tilgang til teaterkunsten. Det er også sant at institusjonsteater i Noreg får store overføringar frå staten. At vi er ein nasjon som ser verdien av å ha eit teatertilbod for oss som bur her, er eit trekk ved det norske samfunnet som vi vel å tolke positivt. Med det følgjer at ein tenåring frå Bøler faktisk kan ta t-banen ned til teateret og sjå The Book of Mormon, Romeo og Julie eller Utafor til summen av ein kinobillett. Det er demokratisk og er for dei fleste langt meir praktisk og økonomisk enn å reise ut av landet for å sjå teater.

Om eg les Flatø riktig, er det slik at det kunstnarlege bidraget i all hovudsak følgjer den originale oppsetjinga, og at priser og honnør derfor bør gå til originalverk. Med andre ord — dersom du er involvert i ei oppsetjing av eit verk som har vore oppført tidlegare, så er ditt kunstnarlege bidrag vesentleg mindre verdt. Som teatersjef på Det Norske Teatret der vi, i tillegg til eit rekordhøgt tal på norske urpremierar, også speler klassikarar og europeisk samtidsdrama, vil eg påstå at den kunstnarlege bragda ikkje berre kviler på «dei andre», altså dei som ein gong arbeidde med verket for første gong. Nokre gonger blir verket faktisk betre og meir relevant av nye vinklar, fortolkingar, omskrivingar og tilpassingar. Eg kjenner ikkje igjen den fallitten Flatø erklærer over norsk teater.

Erik Ulfsby

Teatersjef, Det Norske Teatret

Mer fra Debatt